No som jula er over kan eg vise nokre julegåver eg sydde. Idéen og designen er ikkje heilt min, har studert mange bilder av slike på Flickr, og fann fram til kva eg skulle gjere. Oppskrift fins også i ei bok (Last minute patchwork and quilted gifts), den har ikkje eg.
Det som tok mest tid var å finne fram til stoff (frå lageret mitt) i alle fargane, noko eg faktisk klarte utan å måtte gå til innkjøp av noko nytt. (Det betyr vel at stofflageret mitt rommar ein del?...)
Thought I would show some of the pencil-rolls I made for Christmas presents. These are fun to make, and a smart thing to have. I must make one for myself too. And my fabric stash was big enough for me to find fabric in every colour I needed.