Sider

onsdag 9. april 2008

100!!

-Tenk at eg har skrive 100 innlegg om nesten ingenting. Ja ja, eg får vel berre halde fram - for det er litt kjekt :)
I dag har det vore fint vårver . Bokfinken song i skogen. Eg var ute med speidarane og laga mat på bål. Kan anbefale "Alla balla FSK" ein eigenkomponert rett (pastaskruar+fløte+purre+skinke) og pinnebrød-kanelbollar.

No i april er eg med på eit prosjekt: Ta eit macrobilde kvar dag.
(Kanskje kan eg bli litt flinkare etterkvart)
Som de ser - ny blyantrull på gong. (Faktisk 3)
Dei viktigaste tinga på jobbpulten min - pc og kaffikopp
(nei, det er ikkje eit sjølvportrett på koppen...)
Pulten min er forresten alt anna enn ryddig for tida. Vi hadde ryddedag på jobb i dag, eg stod og rydda på formingslageret heile tida, og då eg kom attende til kontoret var pulten ekstra full av formingsting og tang (og litt mine eigne saker) som hadde dukka opp her og der og som eg må rydde på plass. Så i morgon vert det ikkje noko jobbing før rydding av pulten er unnagjort. (Må i alle fall rydde slik at eg kjem fram til pc-en (hi hi). Ein del kreativt rot må vist ha rundt meg...
Så tilbake til "innlegg-nr-100-jubileumsfeiringa".
Denne lille saken tenkte eg å gi vekk til nokon som kommenterer på dette innlegget. Det er ei lita veske, fin til småsaker.
Eg trekk ut ein vinnar på søndag.
Vil du vere med, så heng på og kommenter :)
This is my 100th post. Imagine writing 100 posts about allmost nothing...
Well I'll just keep going because it is fun :)
We had nice springweather today. I was outside this afternoon, making food on open fire. We made a pasta dish and a kind of cinnamon rolls. The sun was shining and the birds were singing.
I've joined the 30 day macro challenge - and I will try to post macro photos on Flickr everyday.
Above are my first photos.
The pc and the cup are from my desk at work. I'll have to tidy it tomorrow....
On to more fun stuff! Since this is my 100th post I will have a give-away.
This little pouch will go to someone commenting on this post. I will pick a winner on sunday.

9 kommentarer:

  1. Gratulerer med 100 innlegg!!!

    Du har ein kjempefin blogg, så eg ville no ikkje akkurat kalle det "nesten ingenting" ;)

    Det blir spennande å sjå alle macrobilda! Eg elskar macrofunksjonen, men er nok ikkje flink nok til å ta masse bilder, sånn generelt..

    Ha ei fortsatt fin veke!

    SvarSlett
  2. Hurra for 100 innlegg!

    Siden du ligger på favorittlista mi er jeg stadig innom på besøk. Jeg legger ikke alltid igjen kommentar, men når du lokker med en så fin premie kunne jeg ikke la være :o)

    Gleder meg til de neste 100 innleggene!

    Hilsen Kari Anne

    SvarSlett
  3. Congratulations on 100! Here's to the next 100!

    SvarSlett
  4. Hei, Solsikka!
    Eg er med! No ventar vi spent på kva som dukkar opp i posten dei næraste dagane. Eg er nok meir spent enn bursdagsbarnet sjølv..

    Lykke til med macroprosjektet!

    Marie

    SvarSlett
  5. Hurra for 100 innlegg. Klart eg må melde meg her, spesielt når det er "konkurranse".

    Alltid kjekt å sjå alt det fine du lager.

    Gry

    Vil du ha eit nytt ord til samlinga? Her er det eg måtte skrive: mrpxrnh

    SvarSlett
  6. Gratulerer så masse med innlegg nr.100! Gøy ikke sånt! Hvilket kamera har du? Microbildene dine er flotte!!! Malene ønsker seg kamera til konfirmasjon nå om 2 uker ,så vi må finne noe som er bra! gleder meg til jentetur til Hemsedal i helga: Kanskje kommer jeg litt videre på Grannyalongen min...

    SvarSlett
  7. Must comment on your mug. I am jealous. Never have I seen my/our name on anything on this side of the Atlantic. (not counting 'Peer Gynt')
    Found you through Ravelry.
    tundramor

    SvarSlett
  8. Gratulere med dei 100!

    Du inspirerar meg til å sette meg ned og lage fine ting... men eg har ikkje tid i dag. !Sukk!

    Spennande med konkurranse:)

    Kirsten Ragnhild

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!