Sider

fredag 13. juni 2008

Brunt handarbeid

Det har vore nokre lange ettermiddagar/kveldar på jobb denne veka. Det er mykje som skal ordnast på slutten av skuleåret.
Eg prøvar også i år å rydde litt i sakene før eg skal bytte kontor, men endar kanskje berre med å flytte på rotet - som så mange år før... Eg er ein samlar, og papira hopar seg opp.
Ikkje så mykje tid til handarbeid akkurat no, altså.
Men eg har fått skvist inn litt hekling. Eg har planar om sommarkjolar (inspirert av denne og denne kjolen laga av Green Kitchen). Så eg starta på hekladelen. Eg har prøvt meg fram med antall masker og ulike mønster. Og har nok kasta vekk ein god del tid - for eg gidd ikkje å lage prøvelapp og slikt. Her prøver vi på alle 200 maskene med ein gong. Og når eg har hekla ein 4-600 masker og finn ut at mønsteret ikkje passar likevel, så er det berre å rekke opp og starte igjen. Slik har kveldane gått :)
Eg endte opp med vanlege stavar til slutt...
Not much time for crafting these days. It's allways busy at work at the end of a schoolyear. I'm changing office and am trying to tidy before moving all my stuff. I tend to collect too much...
But I've started working on a summerdress (inspired by this and this dress by Green Kitchen). I've tried different patterns and number of stitches, so I've started over and over again on this. Maybe I should have done a swatch instead of crocheting 600 stitches - and then change my mind and go back to the beginning...
Så eit lite armband eg gjorde ferdig i ettermiddag. Tenker meg fleire slike. Stoff, knappar og garn har eg nok av :)
Finished this bracelet this afternoon. I could make more of these.

1 kommentar:

  1. De kjolene er nyydlige da....
    Krever nok litt prøving og feiling ja...
    Brunt er jo favorittfarge hos meg også..

    ha en fin søndagskveld :)

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!