Sider

tirsdag 7. oktober 2008

Ettermiddagsplanar

Eg hadde tenkt å sy på ei veske til Lillian i dag. Men då eg skulle sette saman delane eg klipte ut før haustferien oppdaga eg at eg mangla to delar- og at eg ikkje hadde meir av akkurat det stoffet.... Og eg som var så fornøgd då eg klipte ut delane og såg at eg hadde akkurat nok. Grmf - har ikkje fulgt med i timen akkurat då. Så då må eg innom stoffbutikken så snart som råd og håpe at dei ikkje har hatt altfor stor pågang etter raude/svarte stoff i det siste. (Så dei har igjen litt til meg).

eva's shawl

Eg starta på eit sjal i staden. Eva's shawl i det eine Bergens-nøstet mitt (Kauni 8/2). Garnet skiftar farge etterkvart. Litt mørkare og lysare brune nyansar.

Pakke i posten fekk eg også i dag. Ja,ja - eg har visst bestilt tre japanske bøker til. Denne gongen frå Yes Asia i Hong Kong. (Frakta er gratis frå dei.)

choto crochet

Jklær

motif

Dei kom trygt fram - godt innepakka. (Er det verkeleg nokon som finn på å sende pengar, juvelar og blod(!?) i plastkonvoluttar?)

wrapping

I was planning to make bag this evening, but discovered that I had forgotten to cut two pieces - and I don't have any more of that fabric... Hope the shop has more.

I started Eva's shawl instead. And enjoyed my new Japanese books that arrived from Yes Asia today :)

1 kommentar:

  1. Jeg fikk faktisk smykker i posten en gang, av mormor. Eller, det vil si; jeg fikk brevet, smykkene var forsvunnet :(

    Blei litt kneråten av å se på Bergensbildene dine i posten under her, eg ve hem! *kremt* Bor i Oslo, og det er lenge siden jeg har vært i Bergen, og enda lenger siden jeg har vært i Bergen i oppholdsvær. Du har godt blikk for dører og andre kule motiver.

    Den første reaksjonen min på Anne-sjalene dine var "Å Gud så nydelige!" Kan du dele oppskriften?

    Fant bloggen din via mimounashobby.sprayblogg.no, forresten. Blogger ikke selv, men leser ivrig ;)

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!