Sider

søndag 26. oktober 2008

Ut på tur

Eg har vore på tur i helga, difor kjem dei siste fotbilda litt seint. Turen gjekk til Ås, og eg fekk også litt tid i Oslo i dag.

2008_10260003

Her er vente-på-toget-føttene. Det blei litt snikfotografering, følte meg plutseleg litt rar der eg stod og fotograferte mine eigne bein midt mellom alle folka...

waiting for the train-feet

2008_10260006

Tante-Solveig-og Oda-føter på kjøpesenteret laurdag.

aunt solveig and oda shopping-feet

2008_10260007

Tenk å kunne kle seg slik når ein vil.... Tenker eg hadde blitt godt motteken dersom eg dukka opp i eit slikt antrekk på skulen.

2008_10260016

Venta litt på å bli henta på oslo s. Så då fann eg fram hua eg strikkar på. Har strikka mykje på bussen tilbake til Sørlandet i kveld, så no er eg nesten ferdig.

Då er ei ekstra lang (+ ein time veit de) helg ferdig. Ha ei fin veke alle saman.

I've visited family this weekend. 

2 kommentarer:

  1. Ja di nytter alle høve du, Solveig til å strikkke avgårde både hit og dit!! ha ei velsigna uke der sør !!

    SvarSlett
  2. Takk for besøket. Det var hyggeleg. Ser ikkje vekk fra at du kunne gjort suksess i rosa ballerinakle :)

    Eg vart liggande med migerne i går og i dag, så moroa var slutt da du reiste.

    Sjåast til jul :)

    Gry

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!