Sider

søndag 23. november 2008

Like før...

Ei veke til 1. søndag i advent. I går var det mange folk i sving nede i byen - travelt opptekne med å pynte julegran og julegater. Eg har trudd eg var ute i god tid i år, sidan eg begynte med to julegåver i starten av november. Men no er nesten november slutt og eg har framleis ikkje gjort ferdig noko anna enn dei to... Må nok starte planlegge litt og skrive ei liste så eg får litt oversikt her.

I dag fekk eg endeleg laga meg fårikål. Det var godt med skikkeleg middag - har vore litt sløv i det siste. Så no vert det vel den samme middagen resten av veka, til restane er oppetne :)

Som de kanskje har sett så har eg litt boksedilla - fann desse gamle kakeboksene i bruktbutikken i går.

2008_11230035 

Lys turkis og roser... då gjer det ingenting at boksa er godt brukt.

Til og med merkelappen hang på. Kva slags kaker er pleskner? Trur ikkje vi lagar dei heime.

2008_11230038

2008_11230034

Denne nasjonalromantiske boksa må eg nok fylle med Twist igjen.

2008_11230041

Dette er ei anna julegåve, så den kan eg ikkje vise meir av. Noro garn igjen, fine fargar.

heklepynt

Og her har vi litt heklepynt til. Lagar eg mange nok kan det kanskje bli ein girlander.

---------------

First Sunday in advent next weekend. Christmas is coming closer too quickly. I've only done two presents... I must plan a little and make a list.

I found two old cake tins at the thrift shop yesterday. They had to come home with me. I love the light blu/green colour and the roses.

I'm making a present in Noro sock yarn. (Can't say more about it here) It's fun to knit with the colour changes.

And another crochet ornament. They're so quick to make.

Have a nice week.

2 kommentarer:

  1. Fine bokser du har fått tak i. Pleskner har jeg faktisk bakt en gang. Det er en slags lyse småkaker uten noen annen smakstilsetning enn vaniljesukker.

    SvarSlett
  2. Så fin gammel boks du har funnet!
    Jeg lager Pleskner hvert år, for de andre i familien blir det visst ikke jul uten. Det er som du kanskje skjønner ikke min favoritt, men jeg har oppskrift, og du finner den her om du skulle ønske å prøve:

    http://www.geocities.com/livdahlseng.ostebo/pleskner.htm

    Det blir spennende å se hva du får utav de nye stoffene...

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!