Sider

onsdag 12. november 2008

Månelyst...

... er det ute i kveld. Vi har til og med fint ver slik at månen kan nytast. Han stod akkurat opp når eg gjekk heim frå jobb.

2008_11120027

(Skulle berre hatt betre fotoapparat og zoom.)

Til helga er det julemesse og speidarjentene og eg har laga magnetar som vi håpar nokon vil kjøpe.

2008_11120028

Desse er veldig enkle å lage. Du treng berre glass-steinar, festleg papir/stoff, ein magnet (15 mm) og godt lim.

Klipp papiret slik at det er ca på størrelse med magneten. Lim det fast på magneten. Ha ein klatt lim oppå der og trykk fast glass-steinen.

2008_11120010

Så langt kom eg på sjalet med garnnøstet eg kjøpte i Bergen. Sjalet blei i minste laget - så no har systra mi i Bergen fått i oppdrag å skaffe meg eit nøste til.

Dette er forreasten det mest ruskete garnet eg har vore borte i. Frykteleg mykje kvist og kvas inni tråden synest eg.

2008_11120033

Nesten ferdig med ei julegåve. Det skal bli ei jakke som de ser.

Og sidan det snart er helg igjen sluttar eg med musikk. Denne har eg hatt på hjernen i det siste. Dama som syng er canadisk og kallar seg Feist.

Ein fargeklatt av ein video - noko å prøve i gymtimen...

8 kommentarer:

  1. Så fine magneter! Takknemlig for tipset. Skulle jo tro dere får avsetning på dem.

    SvarSlett
  2. Dere har jammen fått magnetene fint til. Vi (jeg og noen av mine tantebarn) prøvde, men de ble ikke så klare. kanskje vi hadde for små glass-steiner? Våre ble liksom så puslete. Deres ble flotte.

    Sjalet ser ut til å bli fin, håper du får mer av garnet du trenger.

    SvarSlett
  3. Dei er ikkje så veldig store magnetane våre heller (ca 2 cm). Men eg har prøvt ein gong med glass-steinar som hadde eit perlemorskinn. Det blei ikkje så bra. Dei vi brukte no var heilt klare og då viser motivet fint. (Kjøpte desse på Åhlens)

    SvarSlett
  4. Så flink du er...sjalet var nydelig,..sommerfuglbildet også...etuiet til pinner...smart.. kommer innom her en annen gang...go helg

    SvarSlett
  5. Ps,,,den pianoveska lenger ned på bloggen din: stiiili.....

    SvarSlett
  6. Hei! Fann deg via Tove! Vart såå satt ut av skjerfet! waw! ...lurar på om eg hadde klart det??? Klarar blomar..men er ikkje god på å lese oppskrifter.. Men eg vart so nyfiken!!!
    Magnetane var jo berre knalltøffe. Glassteinar..er det slikt du får på hobbybutikkar?? Dei må jo blåååse bort!:) Lukke til!
    Kjem innom att eg !

    SvarSlett
  7. Så herlige magneter, kommer til å gå unna som varmt hvetebrød :o)

    Ser at du har skrevet at du innimellom tar på deg bestillinger: er helt SJUK på skjerfet du strikket som Tove vannt, er det noe du kunne ta på deg?

    Vibeke

    SvarSlett
  8. All of the colors of your blog photos and video make my dreary, grey day brighter! Thank you!

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!