Sider

mandag 29. desember 2008

Julegåver

No kan eg vise fram litt av julegåvene som vart laga og gitt vekk.

Før jul rakk vi (systra mi og eg) å lage nokre pyntehjerter. Dei fleste (dei største som var mine) blei julegåver.Rita og Priscilla har fått seg havfruedrakter. Penelope var gjerne modell for draktene før eg sendte dei avgarde.
Mamma fekk Swallowtail-sjalet.
Mini-cobblestone til ein nevø.
Husa til to nieser blei også ferdig til slutt.
Kjole og jakke til ei anna niese.
This is most of what I had time to make for Christmas presents this year. Mostly presents for my nieces and nephews.

4 kommentarer:

  1. Så masse flott gaver, det er klart du ikkje kunne vise fram desse før....
    Ha eit Godt Nytt År..

    ps. den broren ser litt fortvila ut. Er det ikkje like greit at han rydder vekk alle desse fortvilte ledningane, og kjøper nytt. Brukar å komme på salg no...

    SvarSlett
  2. Jau, vi tok ei beslutning om å legge alle ikkje-virkande-ledningar vekk for å bli kasta, men eg veit ikkje heilt kvar dei havna til slutt. Mulig dei havna på loftet igjen...

    SvarSlett
  3. Sagt det før og seier det igjen...den som hadde hatt ei tante som deg.......

    SvarSlett
  4. Utruleg mykje fint du har laga!
    Ønsker deg eit riktig godt og kreativt nytt år :)

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!