Sider

tirsdag 10. februar 2009

Ei utfordring og litt Sylvi-nytt

Eg har fått ei utfordring frå Liv Irene: Vis fram det 6. bildet i den 6. mappa.

I dag vart det dette bildet, tatt i bryllupet til lillesøster i 2007.

br2

Fem av niesene var brudepiker, og eg brukte nokre sommarveker på å sy brudepikekjolane.

Sidan ikkje alle niesene viser på bildet her tek eg med eitt til (det sjuande). Det var ikkje så lett å få alle brudepikene til å stå stille og kanskje sjå i samme retning…

br3

Og så må eg helse litt ekstra til lillesøster og mannen som er i Mali for tida.

- Og så litt strikkenytt.

Eg er nesten ferdig med ryggen til Sylvi. Det har gått kjempefort med pinnar nr 7.

Men eg er eit stykke ifrå ønska lengde. Vil eg få det slik eg vil med damping og blokking? BUrde eg ha brukt pinnar 7,5?

Og vil perlestrikken halde seg på plass? Det “krympar” mykje i forhold til flettene som de ser.

2009_02100009

2009_02100011

Det ser ikkje ut til at jakka mi blir ein sånn stilig ned-til-knea-kåpe som på modellen på bilda her : (Og denne jakka er strikka i small – eg strikkar large!!) Kanskje fotomodellen er ei bittelita dame.

bilder frå twistcollective

Eg har heller ikkje bestemt for om eg skal strikke hetta. Kjem ikkje til å bruke den så mykje, men den er fin. Kva synes de?

Akk – så mykje å tenke på… Trur eg treng litt kaffi :)

-------

First a little challenge. Show my 6th photo from my 6th folder. Today it was a photo from my sisters wedding in 2007. Five of our nieces were brides maids. I spent a couple of week that summer making the bridesmaids dresses.

I’m allmost finished with the back of my Sylvi. It has been quick to knit, but I have not got the proper length yet. My row gauge is a bit off. I hope blocking will fix that… But the jacket will not be as long as on the pattern photos. And this is knitted in small! (The girl in the photos must be tiny…)

6 kommentarer:

  1. Gleder meg virkelig til å se denne nydelige jakken ferdig altså! :o) Ha en fabelastisk dag!:)

    SvarSlett
  2. Det gleder meg at den ser ut til å bli for liten, for det er fremdeles en tradisjon at jeg overtar det som er for lite til deg, ikke sant?

    SvarSlett
  3. Hi hi, det er kanskje det ja. Men trur ikkje den blir heilt for liten - i breidda i alle fall. Eg får heller strikke ei anna til deg :)

    SvarSlett
  4. Så flott jakka blir. Gleder meg til å sjåden ferdig.

    Og søte brudepikene da :)Dei har vokst i løpet av 1,5 år gitt!

    Gry

    SvarSlett
  5. Kjekt å sjå bilete frå bryllaupet igjen:)
    Takk for lykkehelsingar til Mali! Kan eg og få strikke meg ei slik jakke??

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!