Sider

tirsdag 14. april 2009

Etter-påske-krim

Her kjem påskekrimen vår. (Maange bilder)

De klarer vel eit drama til no som Poirot er ferdig med sine saker for denne gongen.

*******

1

Det er påske i kyllingstova. Mor strikkar, far les avisa og lillemann surfar som vanleg.

2

Og på Tv-en er det snart tid for påskenøtter.

3

I etasjen over ligg dragemor og passar på dragé-egga sine. Men ho har ete opp alt påskesnopet og treng å gå ein tur på butikken.

4

Ho stikk difor innom hos kyllingfamilien og spør om dei kan vere eggevakt ei lita stund.

“Klart det” seier kyllingmor. Men så startar påskenøttene og kyllingmor og far blir heller oppslukt av å finne ut svara.

 5

 Dessverre var det ein som la merke til at dragemor tok seg ein tur.

6

Han snik seg inn og tar med seg 4 av egga.

7

Dragemor kjem heim og ser med ein gong at nokre av egga manglar.

8

Ho stormar inn til kyllingfamilien. “Nokon har tatt 4 av egga mine!” ropar ho.

“Oi, huff då!”seier kyllingmor og resten av familien. “Skal vi hjelpe deg med å leite?”9

Lillekylling ser seg rundt på åstaden, og finn eit viktig spor. Ein gummihanske! Ein slik ein har eg sett før, tenker han.

10

Sidan han er ein kløpper til å google tek han eit raskt lite internettsøk. “skurk + gummihanske”

11

Søket ga resultat. Og etter eit lite søk på telefonkatalogen.no har han adressa også.

Han tek med seg resten av gjengen dreg av garde.

12

Heime hos Feathers og Totoro har dei tatt godt vare på dragé-egga. Dei hadde eigentleg berre så veldig lyst til å ha ein drage eller to som kjæledyr…

13

Men no kjem kyllingfamilien og dragemor inn døra. Dei er ikkje blide.

14

Feathers og Totoro prøver å forklare seg så godt dei kan, men blir ganske lei seg då dei skjøner kor dumt dei har handla.

Dei lovar å ikkje gjere slikt fleire gonger.

Dragemor sjekkar at egga har det bra og kan heldigvis ta dei med seg heim like heile.

15

Og alt endar bra til slutt

THE END

7 kommentarer:

  1. Haha, artig historie og flotte skuespillere...

    SvarSlett
  2. Så utrolig herli da!! En utrolig fantasi..og for noen figurer du har strikket!! Veldig veldig bra! Du er flink :o) Fineste påskekrimmen jeg har sett.. klem fra Linda ;)

    SvarSlett
  3. ståande aplaus!!!!!!
    Strutlande bra!
    Og for eit handarbeid! Waw!

    SvarSlett
  4. Kjempebra, denne har du kost deg med skjønner jeg;)

    SvarSlett
  5. Litt av en påskekrim...
    så utrolig fine figurer,du er jo bare helt rå med heklekroken:)

    SvarSlett
  6. Herlig, Solveig! *klapper*

    Fantastisk historie og flotte "skuespillere". Totoro vekket begeistring blant tilskuerne som kikket meg over skulderen - vil du fortelle meg hvor du har kjøpt mønsteret..?

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!