Sider

mandag 27. april 2009

Nye lopper…

Nei, eg klarer visst ikkje å la vere å stikke innom bruktbutikkane… Eg har til og med oppdaga ein ny på veg heim frå jobb. Og i helga var det loppemarknad. De kan vel sjølv tenke dykk konsekvensane?

Jepp. Fleire saker i hus.

Loppemaknad er spennande greier. Sjølv om eg ikkje greier å stå fremst med dei spisse albogane klare. Eg rusla roleg inn i lokalet og synes likevel eg gjorde nokre funn.

2009_04260019 2009_04260020

Ein ny koffert som eg fyllte med puter. Gjekk kanskje litt berserk i putehaugen, men 4 kr puta?! – eg måtte berre ta med dei søtaste putene heim. Dei treng nok ein vask og litt stell, men akkurat no synes eg sllike fløyelsputer er litt artige. Og den hekleputa var heilt stygg-kul…

Kva meinar de? Er eg på full veg inne i “gammal tante”-kategorien???

2009_04260022

I glasavdelinga fann eg desse Pyrex-kjøleskaps-skålene som ingen andre hadde oppdaga. Til og med lokka var på plass, og heilt fine var dei.

2009_04260032

Og inne på bruktbutikken i det siste har eg funne denne mugga frå Stavanger Flint,

2009_04180027

2009_04180029

eit par nye Figgjoskåler,

2009_04180025

og så trengte eg faktisk nokre frokosttallerknar som er litt større enn dei eg hadde i skapet. Desse var passelege :)

Det var alt for no.

No må eg kle meg og sykle på korøving. Snart er det mai og jazz-konsert.

-----

This is my latest finds from the thriftshops. And this weekends fleamarket. I really should stop visiting these places. I have enough. But there’s so many nice things out there…

5 kommentarer:

  1. Så mye flott! Moro å se andres loppemarkedfangst og. Selv har jeg fullstendig loppemarked-dilla :)

    Jeg synes slett ikke du er i noen “gammal tante”-kategori ;) I så fall er det ingenting å sjemmes over. Mye bedre med personlig stil, og en salig blanding av nytt og gammelt syns nå jeg :)


    Ida Victoria

    SvarSlett
  2. hei hei! jeg fant bloggen din gjennom den heldige mottakeren av vesken din lengre ned:) vi var på knøttesang, og jeg måtte bare høre hvor hun hadde fått den fra. hun tipset meg hit:)

    super blogg! masse inspirasjon, disse putene er jo et superkupp!! heldiggris!

    SvarSlett
  3. Så mye fint du fant!
    Den hekleputa er jo et kupp!

    SvarSlett
  4. Glimrande loppefunn! 4 kroner puta??? Fantastisk! :D

    Ha ei kjempefin helg!

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!