Sider

fredag 29. mai 2009

Eit langtidsprosjekt

Det starta med at eg stod i ein bokhandel (trur nok at det var i Bergen, i vinterferien 2003 eller 4) og kikka i bøker. Då såg eg også gjennom denne boka:

2009_05290020

Mange artige gjenbruksprosjekt av ulike designerar der, men eg stansa ved denne veska av Siri Findal.

2009_05290015

Samle-på-, puslespel- og lappegenene i meg ropte høgt hurra!! Ei slik veske hadde eg også lyst på. Og når eg først får ein fiks idé….

Men eg skjønte fort at dette prosjektet ville kreve lang tid. Eg har ikkje mykje klede, og ein kan ikkje kjøpe klær berre på grunn av at ein vil ha tak i merkelappane heller…

Sa eg har samla merkelappar i mange år. Heldigvis har eg vore flink til å legge alle lappane i samme boks, slik at eg alltid visste kvar dei var (jammen godt gjort). Klede på veg ut av huset har blitt ribba for lappar først. Nokre lappar har eg funne på gamle kjolar på loftet heime. Og nokre av kleda i skapet mitt kan eg gjerne bruke utan lappar.

No i mai fann eg ut at eg sikkert hadde nok, så då var det berre å finne ut kor stor veska kunne bli, og pusle i veg. Det tok nokre forsøk før eg var fornøgd.

2009_05260003

Alle lappan blei sydd på , og det var baksida eg viste fram for nokre dagar sidan.

2009_05260019

Eg gjorde siste innspurten i går. Sydde saman alle delar med kraftig fór, slik at veska er stødig og solid. Hankane blei kanskje litt lange, men då er ho grei å få over skuldra. :)

2009_05290056

Trur denne seglar opp til å bli favorittveska ei stund.

 2009_05290041 

2009_05290043

2009_05290042

Slik ser ho ut på. (Bildet tatt i eit skittent speil på jobb).

2009_05290030

This has been a long project. I was inspirered by a bag by Siri Findal in a book about The Salvation Army (2002). I immedeatly decided that I wanted to make a bag with clothes labels. (My genes for collecting, puzzleing and patchwork kicked in). So I started to save the labels of clothes I was giving away. A few of the clothes in my cupboard also mysteriously lack labels now…

Finally ( after 5-6 years) I had enough, and the puzzling could start…

I’m very pleased with the result, this will be my favourite bag for a while.

9 kommentarer:

  1. Dette må vere ei av dei stiligaste veskene eg har sett nokon gong, eg sit her med hakeslepp!! Absolutt min favoritt, grattis med ny veske!

    SvarSlett
  2. Den var bare råtøff. Wow. Jeg vil også ha...
    Så flink du er.

    SvarSlett
  3. Kjempeflott! Jeg er imponert.

    God Pinse.

    SvarSlett
  4. Rett og slett fantastisk, Solveig! Og gjett hva jeg skal begynne å samle på nå da? Hehe.. Om fem år trenger jeg sikkert en ny veske. Igjen.

    I dag skjønner jeg utrolig godt hvorfor jeg liker bloggen din helt opp til himmelen og ned igjen. *bølgen*

    SvarSlett
  5. Oi, denne var virkelig flott! Og for en gøy ide da!

    SvarSlett
  6. Imponert - både over tålmodigheten til å samle og over det ferdige arbeidet. Utrolig stilig.

    SvarSlett
  7. Imponerende....dette tok vel litt tid vil jeg tro, men for et fantastisk resultat.

    Den ble lekker.

    SvarSlett
  8. Knalltøff veske - den er det nok ikke mange som gjør deg etter!

    SvarSlett
  9. awsome idea!!! Save this and who knows... maybe i will collect enough for a project like this!

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!