Sider

mandag 15. juni 2009

Rydding

No er det slutten på eit skuleår, og tid for rydding. I alle fall for slike som meg som sparar og sparar på allverdens saker og ting gjennom skuleåret (-åra…) Kjekt å ha…osv…

Klassa skal inn i nytt rom byttast og då må det gamle tømmast. I år vert det ekstra mykje rydding for meg, sidan eg skal ta til på ein ny arbeidsplass til hausten. Eg har som regel den mest overfyllte kontorpulten… Men no får eg verkeleg høve til å kvitte meg med unødvendige saker og ting. Det er i alle fall målet.

Så dette er rydde-litt-på-pulten-og-kaste-litt-papir-føtene mine i dag. Det er mange fleire papirbunkar å sjå gjennom :)

2009_06150055

Gjorde ferdig denne veska etter jobb i dag. Eg begynner å bli god på desse veskene no, synest eg. Eg har laga 4 i lin, denne gongen vart ein raud variant som de ser, bestilling frå ein korkollega.

Og sjå: Regulerbar reim! Ein smule avansert, ikkje sant?  (*smilar fornøgd*)

2009_06140044

2009_06140046

Todays feet are me trying to tidy my office space at work. So many papers to go through and throw away…

I finished this bag today. A friend wanted a red bag. It’s another messenger bag, I’ve made many in linen before. And look: An adjustable strap! I’m really pleased I found out how to make that. (Not very complicated, after all…)

2 kommentarer:

  1. Du har grunn til å smile, den er rålekker...

    Ha ei fin helg.

    SvarSlett
  2. I love the bag! Red with stripe is pretty, and the little robots...ahhh...

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!