Eg likar bruktbutikkar. Det har de vel skjønt for lenge sidan. Mamma og pappa kom akkurat heim etter kjøretur gjennom Sverige og fortalde om alle loppisane dei kjørte forbi. Eg trur eg får begynne å planlegge ferietur m/tilhengar til nabolandet.
Systra og eg måtte nøye oss med bruktbutikken i bygda denne sommmaren, og vi romsterte rundt der ei stund for å finne materiell til vårt sommarprosjekt: Stettfat.
Litt dårleg med utval i fat som vi likte då vi var der, så eg tok i bruk ein middagstallerken eg hadde frå før. Ellers brukte vi stettglas og lysestakar.
Ein god vask, litt lim og tørketid, og så hadde vi nye fat med stett. Vi synes desse fata blei artige. Kanskje litt rare, men sånt likar vi :)
Hurra for gjenbruk!
No skal eg ta med meg radioen og strikketyet ut i sola. Ha ein fin søndag!
-------
My sister and I made “new” cake stands from old plates, glasses, candle holders from the thrift shop. Quite funny!
Artige fat. Likte velidg godt dei minste eg.
SvarSlettDe ble kjempelekre, helt supre!
SvarSlett