Sider

mandag 14. september 2009

Ei klokke

DSCF1230

Eg har vore på bruktbutikktur igjen. Berre ein liten ein, på laurdag… Og borte i hyllene med diverse kjøkkenutstyr låg denne klokka. Eg greip tak i ho med ein gong.

Artig form og fin 50-talsfarge…

Oj, den var laga av glass/porselen, ikkje plast… og til å trekke opp… Kanskje den er gammal då?…

Brytaren til timeren og trekkoppnøkkelen var ikkje å finne, men klokka er stilig sjølv om ho ikkje virkar, tenkte eg.

Vel heime sjekka eg opp merket “Junghans”. Og der dukka klokka mi opp! Ho er designa av Max Bill og er ein design klassikar!

Victoria & Albert Museum i London har denne klokka i møbelsamlinga si. Sett slikt.

Den var verkeleg verdt 20 kroner, og vel så det!

------

Found this clock in the thrift shop Saturday. I liked the shape and the colour, and didn’t mind that the timer switch was missing. I couldn’t find the key to wind it up either, but I’m sure I can find one later.

When I was trying to find out something about the factory Junghans late,r I found out that this clock was designed by Max Bill in the 50’s. A classic. Victoria & Albert Museum in London has one in their collection.

Seems to be a good find, this clock!!

3 kommentarer:

  1. Så kuuul! Merkelig nok pleier de ikke å ha spennende greier i bruktbutikkene jeg er innom. Jaja, huset er vel fullt nok likevel..

    SvarSlett
  2. Gratulerer med klokka, der gjorde du virkelig et kupp! Passa godt til tapetet også.

    SvarSlett
  3. Ååå, så fin! Fargen er perfekt!

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!