Sider

torsdag 4. februar 2010

Snøblomstrar

Det mest populære innlegget på bloggen min er denne oppskrifta. Det ser eg på besøksrapportane kvar dag. Og det er svært kjekt. Hyggeleg å få tilbakemeldingar frå de som brukar oppskrifta også.

0707 002 Og det kan kanskje gi meg eit lite puff bak til å gjere det heilt ferdig – snart. Bildet over er frå i sommar då eg passerte 80 ruter. No er det 110 (10x11), men enno ikkje heilt stort nok for middagsluren på sofaen. Eg har nok fargar igjen, men er ikkje heilt sikker på korleis det ligg ann med dei kvite nøsta. Eg kjøpte med meg ein del nøster før eg flytta frå Kristiansand, håpar det er nok. Eg har begynt å tenke litt på kanten rundt også. Skal den vere berre kvit – eller skal eg putte inn ei rad med farge… Tenke, tenke…

DSCF2184

Dette er fargane eg har brukt. Raska saman litt her og der – restar og nye nøster. Nokre av nyansane er ganske like.  DSCF2185b

“Eg berre låner teppet ditt litt, eg. OK?!”

Ja da, Mikkeline. Berre du sit fint så…

------------------------

My most visited page is this tutorial. It is nice to hear from people using it.

And maybe it can get me to finally finish it. I haven’t worked on it since summer (too many other projects got started…)

It is now 10 x 11 squares, but needs to be a little larger to be perfect for a nap on the sofa…

I have enough colours left, but must check the white yarn stash. And I’m still wondering if I should go for an all white border – or put some colour in there too…

1 kommentar:

  1. For et flott teppe! Nå fikk jeg lyst til å sette i gang med å hekle et teppe til :-)

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!