Sider

fredag 30. april 2010

sms vs hekling

Snart fredagskveld igjen. Eg er snart klar for å plassere meg i sofaen.

Men i kveld må eg sjonglere mellom heklenål og mobiltelefon.

Familien gjer seg nemleg klare for å stemme på niese Emilie! Fleire er med i salen og resten heiar frå sofakrokane.

emilie_omland_grims_799625q (bilde frå tv2.no)

Og dersom du ser på og har nokre stemmer til overs, så send sms med tallet 4 til 26400

Her er videoen frå første audition igjen.

PS: Vi stemte og stemte, men det hjalp ikkje heilt fram til finalen denne kvelden…

Men vi er stolte av ei nydeleg jente, og ein flott innsats!

onsdag 28. april 2010

Vi heklar vidare

DSCF2962

Fast bestemt på å bli ferdig snart heklar eg vidare. No har eg hekla på 2 rader á 10 ruter + ein rad med 13 ruter for å gjere teppet litt breiare.

Måla akkurat no er 11 x 13 ruter. Eg skal sjå om 11 x 15 kan vere stort nok. (Lageret av kvit tråd minkar så det spørs om ikkje eg må slutte då i alle fall, for denne garntypen har dei ikkje her i bygda.)

- Og eg synes faktisk det går ganske fort å hekle alt saman. Tok tida på meg sjølv og “påhekling” av ei rute tok ca 5 min.

Eg passar på å feste trådar innimellom slik at det ikkje blir “tusen” trådar å feste til slutt…

DSCF2964

I’m making process, and am quite set on finishing this afghan now. It is now 11 x 13 squares, and I’ll see if it is enough when it’s 11 x 15. (My stash of the white yarn is getting smaller so I might have to stop then anyhow.)

søndag 25. april 2010

Hekleri – heklera…

DSCF2847Så gjekk det kjapt ei veke til. Vi har hatt både sol og snø denne veka også. Men vi er overtydde om at våren har overtaket.

Eg var innom den eine bruktbutikken ein dag og snappa med meg ein del gamle putetrekk + nokre dynetrekk. Deilig og mjukt stoff som sikkert kan brukast til eit eller anna :)

Another week over, and we had both sun and snow this week too. But we are convinced that spring will win in the end.

Here’s some old fabrics I found on a visit to the thrift shop.

DSCF2922 Eg har vore flink med heklekroken og produsert nesten 50 trur eg. Så no er det berre å få hekla dei på teppet. Og eg har ikkje starta nokre nye prosjekt – sjølv om idéane stadig poppar opp…

Eg blir vist aldri lei av å fotografere desse heklesirklane.

DSCF2928 DSCF2937bI’ve been a good crocheter this week and made about 50 circles for my afhgan. I should be able to finish it soon. I never get tired of taking photos of these…

DSCF2933

søndag 18. april 2010

Ufo-bryting

DSCF2898Som de sikkert har fått med dykk, har eg ein tendens til å starte på nye prosjekt litt for ofte. Nokre stakkars prosjekt blir då liggande urørte litt for lenge. Sirkel-i-kvadrat-teppet mitt starta eg på for eitt år sidan…

Oppskrifta til det er den mest populære sida her på bloggen min, og eg ser at fleire som brukar oppskrifta er ferdige med sine teppe.

Så no har eg tenkt å starte litt ufo-bryting (ufo=uferdig objekt) og bli ferdig med dette no. Eg må iallfall ha 50 ruter til.

Og ingen nye prosjekt før dette er ferdig. Trur eg…

DSCF2905I started this afghan a year ago. I’ve decided to really try to finish this now.

And no new projects before this is done. I promise… I think…

Kvar vart han av?

DSCF2902

Våren, altså…

Her lavar det ned med ny snø. Og eg har sjekka – det er ikkje oske frå Island…

DSCF2908

Etter nokre timar så viser det igjen på plenen som nesten hadde blitt fri for snø den siste veka...

Jammen bra at eg ikkje fekk skifta til sommardekk…

---------

It’s a lovely spring Sunday here – Snowing all day. (And it is not ash from Iceland…)

Yes, it is April here too. But unfortunately it’s not unusual to be revisited by winter like this.

It will probably rain tomorrow (I hope).

DSCF2907

onsdag 14. april 2010

Marie Claire i posten

Eit av favorittbalda mine er Marie Claire idées. Det er eit fransk hobbyblad med mange fine tips og idéar. Det er ikkje alltid eg finn det på Narvesen, i alle fall ikkje her i bygda.

Så no prøvar eg å abbonere. Lurte lenge på om eg hadde tasta inn noko feil på den franske nettsida, for det kom jo aldri noko blad. Men med hjelp frå Google translate fann eg ut at første blad i posten skulle vere mai-nummeret.

Og i går kom det i postkassa. I midten av april…

DSCF2813

Ja, det er på fransk… Og nei, eg har ikkje brukt fransken min noko særleg sidan gymnaset… Og nei, eg var ikkje så særleg flink i fransk sjølv då…

Men det viser seg at nokre ord og fraser sitt igjen, og at det er mogleg å forstå det vesentlege. (Og så finst det ordbøker og google).

Og så er bilda veldig fine. Her er nokre eksempel frå dette bladet.

DSCF2814

Ting du kan lage av dei gamle dongeribuksene dine.

DSCF2815

Fin hårpynt.

DSCF2817

Artig duk til uteselskapet.

DSCF2818

Eit lite teppe til terrassen, hekla av oppstrimla plastposar.

DSCF2819

Lappeidéar.

DSCF2820

Kanksje eg bør sy meg ein hund som kan ligge framfor peisen…

DSCF2821

Lappar er også fint som pynt på klede.

DSCF2822

Hekleblomstrar som jakkepynt.

DSCF2823

Og så shoppetips for neste London-tur. Very good! (No må eg berre få i gong ein tur snart…)

---------------

I’ve started subscribing to Marie Claire idées. The first issue arrived yesterday. As you can see it is filled with nice photos and ideas.

My French is not very good, but with good help from google translate I think I’ll understand  most of it.

søndag 11. april 2010

Vårsøndag

DSCF2806

Her er det nye middagsserviset mitt. Eg gler meg til å dekke bordet med dette.DSCF2808

12 store djuptallerknar, 12 små djuptallerknar og 10 middagstallerknar – eller eigentleg 9 sidan ein hadde ei stygg sprekk.

DSCF2803

2 serveringsfat, 2 potetskåler og 2 sausnebb.

Jepp, fornøgd med det :)

I dag har vi vore i fireårsdag.

DSCF2781 Stor stas å få leike med minsteonkel.

DSCF2784b Grillsesongen er i gong.

DSCF2797b Puuhhhh!

DSCF2788b Ha ei fin veke!

-----------------------------

I’m very pleased with my new dinner plates bought at a thrift shop yesterday.

And today we were at my nephew’s birthday party. The barbeque season has started.

lørdag 10. april 2010

Tulipanar

farmortapet

Sidan det var så fint vårver i dag passar det fint  med bilde av tulipanar. Dette er ikkje vanlege tulipanar, men ekte tapet frå gangen til farmor. Søskenbarn Silje har tatt bilde og delt med oss andre. Så no er denne tapeten tapetsert utover laptopar, iphonar og macar i slekta.

Aren’t these tulips lovely? This a photo of a wallpaper in my grandparent’s house. My cousin tokk the photo and now these tulips are wallpaper on several laptops, macs and Iphones belonging to other cousins.

(Ei loppe…)

Eg var på loppemarknad i dag, men fann ikkje så mykje der. Fann meir på ein bruktbutikk i nabolaget. Det skal de få sjå meir til i morgon. No har eg rota rundt i haugen med uferdige prosjekt og sit og heklar rundt og rundt på 189 masker. Dette er eit stort og ganske sprøtt prosjekt – optimistisk starta på i sommar. Veit ikkje heilt kvar det endar – skal nok vise det fram til slutt.

I went to a fleemarket today. Didn’t find much there, but found more in a thrift shop nearby. More on that tomorrow. Have a nive evening.

 

fredag 9. april 2010

Ny veske

DSCF2755

Det blei brune hankar på veska mi til slutt.

Vi får sjå korleis dei vert i bruk. Hankane er litt tynne når eg syr vesker av denne modellen, må berre hugse å ikkje fylle veska med for mykje “stuff”.

DSCF2759

Inni er det eit gamalt dynetrekk. Burde sjølvsagt ha pynta lomma med brune band sidan hankane vart brune, men slik går det når ein ikkje planlegg for mykje.

Voksduk er ok å sy i, men å sy bua sømmar var litt plunder. Og dei vart ikkje heilt pene. Trur kanskje det vert andre veskemodellar av resten av voksduk-stoffa mine…

DSCF2756

Det er god plass nedi veska, men som sagt bør eg vere litt forsiktig med å fylle opp med for mykje sidan hankane er så tynne.

Og dei oransje detaljane er i vinden for tida, såg eg nettopp i eit blad. Bra at Bonytt-idéboka frå lenge sidan også går i det oransje då :)

Ha ein fin fredagskveld! Eg skal ut på konsert – og kanskje på loppis i morgon!

---------------------

My new “bright and shiny” bag – really orange!

torsdag 8. april 2010

Det vårast

Ahh, det er vår. I dag var det deilig temperatur ute. Og eg høyrte den første bokfinksongen.

I ettermiddag blei eg inspirert av sola og starta på ei veske i oransje voksduk frå Stoff og Stil.

stoffogstil

(bilde frå Stoff og Stil)

Eg har berre hankane igjen, men er ikkje heilt sikker på farge dei skal vere. Kvitt burde passe til dei kvite prikkane, men då blir hankane litt fort skitne… Hmm… Kan det går med brune hankar, tru? Eg får fundere på det til i morgon.

Inspired by spring an the sunshine today, I started sewing a bag of the orange fabric above.  (From Stoff og Stil). I’m allmost done, but am not sure about colour for the handles. White would look ok, but I might go for an contrasting colour. Brown? We’ll see.

 

lam

Og så må eg berre vise fram eit av årets pandalam frå øya vår. Der har det kome 31 nye lam til no, og alle hoppar og sprett omkring. Går det an å verte søtare?

And I just have to show you one of this years “panda”lambs from my fathers sheep. 31 lambs are jumping around on our island. Today he discovered that one of the sheep had got triplets! Luckily they were all ok.

onsdag 7. april 2010

Heng med…

Eg har sansen for “bestemor”-stilen, som de kanskje har skjønt allereie. Difor tek eg stadig med meg gamle kleshengarar heim frå bruktbutikken. Planen er å “kle” på dei med heklerier og strikkerier etterkvart.

No etter påskeferien har eg fått starta litt.

DSCF2738

Først to, så ein til.

DSCF2744 Alle hengarane hadde forskjellig storleik.

Eg har brukt oppskrift frå Dottie Angel. Med nokre få justeringar for å passe til mine hengarar (enten er hengarane her litt tjukkare, eller så heklar eg litt stramt). Antallet skjell ser de varierer litt. Eg hekla også ei runde med fastmasker rundt skjella i kontrastfargen før eg hekla dei to delane saman.

Eg har fleire hengarar på lager, så det blir nok ein som dette og som desse eller desse. Her er endå ein versjon.

DSCF2749

Og sidan det er onsdag skal de få med dykk litt musikk også. Ein fin song av gruppa She & Him.

-----------------------

I’ve been collecting old hangers for a while, and now I’ve started to dress them up – granny style. I’ve used Dottie Angel tutorial, with a few changes to fit my hangers (they all had a different size).

I’ll probably make hangers like this and these or these. Here is another idea.

mandag 5. april 2010

Bench Monday

DSCF2733

Eg tok med lillebror på jakt etter ein benk i dag. Dvs han fekk lov til å prøvekjøre ei runde i bilen min. Vi fann ikkje så mange benkar, men eit autovern kunne også gjere nytte. Her er vi på gamle trakter, rett ved mormorhuset, der vi budde i “gamle dagar”. Flott utsikt.

Bench Monday er altså eit flickr prosjekt.

-----------

This weeks Bench Monday photo. This is the view of my town. Taken from what used to be my grandmothers house. We lived there – in the old days…

Bench Monday is a flickr group.

my brother’s wedding

Vi har hatt ei flott bryllupshelg i Trøndelag.

DSCF2628

Rolege morgonar med påskelabyrinten.

DSCF2635

Programkonspirering kvelden før. Veldig artig.

DSCF2637

Siste finpuss på brudesvennen. Litt bestikkelse måtte til for å få fireåringen til å gå med lilla blomst…

DSCF2639

Ein siste peptalk mellom andre brudesvenn og brudgom.

DSCF2670

Etter ei fin vigsle (kjem nok attende med meir om den seinare), fotografering på trappa i lys, lys, påskesol.

DSCF2668

Såpeboblegjengen

DSCF2698b

Bryllupskaka kom seg fint ut av formene, og smakte godt.

DSCF2712

Og brødrene fek vise fram resultatet av konspireringa: The Gee Bees.

Ikkje akkurat pene, men du verden så engasjerte.

------------

Just some photos from my brothers wedding this weekend. We had a wonderful time, and a fun party! The last photo is of the rest of my brothers – they allways sing a song in the familyweddings. This time in the style of Bee Gees… I can assure you they don’t look as ugly as this normally…