Sider

onsdag 14. april 2010

Marie Claire i posten

Eit av favorittbalda mine er Marie Claire idées. Det er eit fransk hobbyblad med mange fine tips og idéar. Det er ikkje alltid eg finn det på Narvesen, i alle fall ikkje her i bygda.

Så no prøvar eg å abbonere. Lurte lenge på om eg hadde tasta inn noko feil på den franske nettsida, for det kom jo aldri noko blad. Men med hjelp frå Google translate fann eg ut at første blad i posten skulle vere mai-nummeret.

Og i går kom det i postkassa. I midten av april…

DSCF2813

Ja, det er på fransk… Og nei, eg har ikkje brukt fransken min noko særleg sidan gymnaset… Og nei, eg var ikkje så særleg flink i fransk sjølv då…

Men det viser seg at nokre ord og fraser sitt igjen, og at det er mogleg å forstå det vesentlege. (Og så finst det ordbøker og google).

Og så er bilda veldig fine. Her er nokre eksempel frå dette bladet.

DSCF2814

Ting du kan lage av dei gamle dongeribuksene dine.

DSCF2815

Fin hårpynt.

DSCF2817

Artig duk til uteselskapet.

DSCF2818

Eit lite teppe til terrassen, hekla av oppstrimla plastposar.

DSCF2819

Lappeidéar.

DSCF2820

Kanksje eg bør sy meg ein hund som kan ligge framfor peisen…

DSCF2821

Lappar er også fint som pynt på klede.

DSCF2822

Hekleblomstrar som jakkepynt.

DSCF2823

Og så shoppetips for neste London-tur. Very good! (No må eg berre få i gong ein tur snart…)

---------------

I’ve started subscribing to Marie Claire idées. The first issue arrived yesterday. As you can see it is filled with nice photos and ideas.

My French is not very good, but with good help from google translate I think I’ll understand  most of it.

4 kommentarer:

  1. Helt enig, det er et flott blad. Og det selv for meg som hadde tysk på skolen (at jeg har glemt det meste er ikke fullt så relevant, siden det likevel er feil språk). Jeg har kommet over språkvanskene og bruker bildene som inspirasjon. Det funker det!

    Nå gleder jeg meg til neste nummer - som selges på en drøss med Narvesen her i Bergen.

    SvarSlett
  2. Forstår godt at dette bladet inspirerer. Likte mye av det veldig godt. Og spesielt det hekla teppet av plasposer. Takk for titten.

    SvarSlett
  3. Med fine bilder gjør det ikke så mye om man ikke forstår alt som står... Ser ut som et spennende blad. Klem fra fru Strøm

    SvarSlett
  4. Åh! Eg likte teppet:) Kjenner det kleia i heklefingrane!

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!