Sider

fredag 13. august 2010

Moro med maling

Eg har vore flittig med penslar no på slutten av sommaren. Ein kommode og ei bokhylle har fått ei fornying. Kommoden var frå bruktbutikken. Brun og litt slitt med messinghandtak. Eg skrudde av beina då eg skulle frakte den heim. La beina i veska mi, men kva for ei veske var no det den dagen? DSCF3719DSCF3720

DSCF3721

DSCF3816

Eg fann i alle fall ikkje beina no, så kommoden har fått låne dei turkise beina til krakken min så lenge. Dei er litt for høge så kommoden står litt på tå…   

Men kvit blei kommoden og messinghandtaka spraya eg raude. Synest det blei litt tøft med raude handtak og turkise bein… Så det er mogleg at dei ekte kommodebeina også blir turkise… når dei dukkar opp…

 I’ve been painting some things these last weeks. An old dresser from the thriftshop is no longer brown. It was abit worn and needed a facelift. I took off the legs to get it into my car (home from the shop). Put the legs in my bag, but wich bag. I could not find the legs now. So the dresser had to borrow the aqua and (higher) legs from a stool I have… The handles was brass – I spray painted them red.

I quite like the aqua and red combination so I might just paint the real dresser legs aqua too. They’re still brown – in a bag - somewhere in the house…

DSCF3740

Bokhylla var ei enkel (og billig) hyllle eg kjøpte då eg flytta heimanifrå. Sponplate og look-alike-tre-folie. Kanskje ikkje akkurat slikt som kan malast (særleg haldbart) men eg var lei den brune hylla…

Grunning og maling på den også. Og for ei stund sidan kjøpte eg blomstrete “kontaktpapir” på fargehandelen. Den klistra eg på bakveggen.

----------------------------

I also painted an old bookshelf. It was a cheap shelf not solid wood with a look-alike-wood foil. I painted it white as well and found a pretty flower foil to stick on the back.

 DSCF3741 

DSCF3807

Ahhh… mykje betre enn det brune…

----------------------

Much better than the old brown shelf…

DSCF3810

Og nokre intet-anande småting frå bruktbutikken har fått seg eit par dusjar med spraymaling. (Har ikkje bilde av alle tinga enno.)

DSCF3811 

Så langt er fargespekteret litt kjedeleg, raudt og oransje. Utvalet i sprayboksmaling var dårleg her i bygda. Skulle gjerne hatt spraymaling i turkis og lysegrønt for eksempel…

-----------------

I’ve also spray painted a few thrifted things. So far I only have red and orange paint. I wish for aqua and green spray paint, but haven’t found it anywhere.

Ha ei fin helg!

Have a nice weekend!

4 kommentarer:

  1. Hvor er det bare cool at kigge på , og det blomstrede papir ( hyldepapir kalder vi det i Danmark) det har jeg beklædt mine køkkenhylder med , det nøjagtig det samme :-)

    SvarSlett
  2. Nææææ! Så tøft!
    Alt ble så stilig. Ja, turkise ben!!

    SvarSlett
  3. Det ble veldig fint med hvit hylle med fargesterkt innhold. Og kommoden bør absolutt beholde fargen på beina, den ble kjempekul!

    SvarSlett
  4. Oh elle est trop géniale ta déco!!!

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!