Sider

torsdag 16. desember 2010

16.

Det snør og det snør. Og det er like spennande kvar morgon; kor mykje snø må måkast i dag? Har nemleg ikkje garasjeplass til den lille bilen min, og eg må ha bil til jobb…

Heldigvis har det vore ganske bra brøyta og framkomeleg på vegane.

Får håpe at det snart gir seg med snøen for ei stund slik at brøytemannskapa også kan ta det roleg i jula.

Temaordet idag for desemberblogginga er SØTT.

Hmmm, ja, ikkje vanskeleg å finne søte ting akkurat no. For meg er marsipan favoritt-søtsakene i jula. Og julemarsipanen skal ikkje etast før desember (sjølv om salget startar i oktober)…

Og det beste med at juleferien er slutt på nyåret er at julemarsipanen kjem på halv pris. Sjølv om det ikkje akkurat er marsipan og ekstra kaloriar som behovet då…

Har faktisk ikkje noko bilde av marsipanen, men har endeleg bilde av trea som eg mast om i fleire dagar no Smilefjes

DSCF4405

I dag fekk eg endeleg pynta ferdig juletrea mine. No står dei oppå pianoet og ventar berre på selskap av små søte hus. Trur eg har samla på oppskrifter på slike hus, må sjå om eg finn igjen lenkene.

DSCF4408

Eg har tråla butikkane etter isoporkjegler og har enno nokre igjen. Kanskje eg treng nokre i andre (litt sterkare) fargar også.

Trea er enkle å lage. Eg surrar med dobbel tråd (to fargar). Startar nederst på kjeglene, limer fast garnet nederst (eller festar med knappenåler) og surrar oppover. Eg hadde eit tynt lag med lim innerst slik at garnet sit fast.

På toppen festar eg med knappenåler igjen før eg surrar eit nytt lag nedover. Fest nederst med knappenåler eller limpistol.

Pynt treet etter smak og behag.

DSCF4409

----------------

Here are my Christmas yarn trees. These were fun to make. I bought several cones so I will probable make more. Maybe in different colours.

december

5 kommentarer:

  1. Stilig, kjempesøte juletre du har laga!!!

    SvarSlett
  2. Likte godt juletrærne i snødrakt, - de er sø-ø-øte!
    Her er noen fine papirhus, - damen har hatt noen adventserier for flere år:
    non-dairy-diary :: tiny houses

    men er selvsagt spent på hva du har lagret i dine gjemmer ;-)

    SvarSlett
  3. De juletrærne var skikkelig artig. Fin måte å bruke restegarn på også.
    God helg

    SvarSlett
  4. Verkeleg flotte tre, du!
    Får sjå om eg kan få lage eit eller to til neste år... Denne jula har eg hekla nokre tre.
    God helg;-)

    SvarSlett
  5. Looks so wonderful. Very nice decoration.
    Greetings from the baltic sea,
    Ute

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!