Sider

mandag 6. juni 2011

Tid for frisørbesøk?

Velkomen til Raudøya Frisør- og Beautysalong!

No som sommaren (og varmen?) nærmar seg er sauane klare for å få av seg all den varme ulla. Så på fredag åpna vi ein enkel frisørsalong der ute.

011

Den gamle ulla løsnar av seg sjølv etterkvart (for det meste) så vi klippar ikkje, vi nappar ulla av. Det luggar nok litt av og til, men det må til. Nok av einebusknåler og anna rusk i fellen no. Hos nokre hadde ulla tova seg litt også.

013

019

Nokre av sauane hadde starta med sjølvfrisering også.

016

Sjefen sjølv, Bagheera, var litt skeptisk til heile greia. Hadde liksom ikkje frisørbesøk lagt inn i planane sine. Han blei fanga til slutt, men ulla på han satt såpass fast at han fekk utsatt friseringa si til litt seinare.

015

Lamma trengte ikkje frisering og var i “barnehagen” på andre sida av gjerdet så lenge.

024

027

Dei kjende igjen mamma etterpå sjølv om ho hadde fått ny sveis.

020

Det var eit par andre sauer som også ikkje blei heilt ferdige med friseringa denne gongen. Dei ruslar rundt med litt rar sveis så lenge…

028

Men ellers var kundane fornøgde.

034

038

We opened up a little hair dressing salon this weekend. It was time to remove the winter wool from my father’s sheep. On most of the sheep we can just pull the wool off. But on some we have to use the scissors later.

3 kommentarer:

  1. Hahaha! Veldig artig og godt skildra innlegg, Solveig.

    SvarSlett
  2. Your photographs are very good - are you intending to spin some of this wool? I came to your blog via a link to your crochet blanket, that s beautiful too

    SvarSlett
  3. Flotte bilda, og får-nøyelig skildring, hehehe:)

    M:)

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!