Plutseleg var det jobb igjen… Eg er i gong med ei ny 1. klasse og omstilling frå store elevar (4. klasse) til ganske mykje mindre born. Mykje å hugse på, men veldig kjekt.
På ferieturen min kom eg over ein Rema 1000-butikk med godt utval i garn (!) Mange fine fargar også. Så plutseleg gjekke eg der med eit handlenett fullt… På bilturen vart det hekla ei puteframside etter puslespelmetoden:
Vel heime kom eg over eit nytt bølgemønster. Det måtte også prøvast… Eg starta på eit babyteppe.
Det vart litt spenning på slutten om eg hadde nok garn. Vi har ingen Rema 1000 i nabolaget her som har noko særleg med garn… Men eg hadde akkurat nok til dette prosjektet.
Eg fann ein blondekant på Pinterest som eg brukte rundt til slutt. Men på dei bølgete sidene måtte eg improvisere ein del for å få det til å stemme. Dei to sidene er heller ikkje like. Men det gjer ingen ting.
Blondekanten finn de mønster til her.
I bought some yarn on my vacation. Made a front for a pillow in the car on the way home. Then I came across the pattern for the Wrigly Ripple. So I started on a baby blanket…
I was worried that I didn't have enough yarn, but luckily I did.
I made a lace border, had to tweak it a bit on the wavy sides of the blanket.
Pattern for the bordere here.