torsdag 12. mai 2016
Melodi Grand Prix - ESC
Leitar eg godt i kassene på loftet finn eg heilt sikkert kassettane med opptak frå radioen gjennom heile 80-talet...
Og eg kan nok synge med på altfor mange av bidraga opp igjennom tidene.
Så denne veka er programmet klart :)
I helga vert det samling med storfamilien, og eg reknar med det vert stemning i stove med masse folk og mange synspunkt på songar og antrekk.
For å auke spenninga litt har eg laga ein Melodi Grand Prix-bingo, med klassiske grand prix-element som stikkord.
Er det fleire som vil prøve seg på den, så finn de linken her:
Melodi Grand Prix BINGO
No er vi litt skuffa over at Noreg ikkje kom til finala i år, men vi finn nok nokon nye å heie på.
Australia eller Bulgaria for eksempel :)
tirsdag 25. mai 2010
Mimrestund II
Er de klare for ein haug med videoar til?
----------
1984 kom vi til. Her var det ikkje mange minneverdige bidrag,
men vinnarane hugsar vi…
Og vi stilte med Dollie-jenter og klassisk sceneshow.
1985 var eit fint år. Eg hugsar enno stemninga i stova då Noreg fekk 12 poeng med første land. Og utover kvelden blei det berre betre.
Eg må vel nesten ta med vinnarsongen, sjølv om vi har høyrt han ganske mykje etterkvart…
I 1986 var det høgsesong for store skulderputer og lange frakkar…
… og Romeo.
I 1987 var Israel ein favoritt…
…og vi sendte Kate med rett-opp-sveisen.
Ok, nok mimring for idag.
Tilbake til semifinalen…
mandag 24. mai 2010
Mimrestund I
Sidan det er Grand Prix-veke no, og sidan eg alltid har synest det er stor stas med Grand Prix, så tenkte eg å mimre litt no.
Første året eg kan hugse eg såg på var 1980. Ikkje så unaturleg kanskje, det var året med Sami Ædnan og det var siste året vi budde i Karasjok.
Eg hugsar også denne sære songen frå Belgia…
Og denne artige frå Luxembourg…
I 1981 vann UK med futt og fart.
Finn Kalvik nådde ikkje heilt opp…
Her finn de ei oppsummering av 1981-songane.
I 1982 satt eg nok klar med kassettspelaren min og tok opp songane frå radioen. Eg hadde ikkje så mange andre kassettar på den tida, så GrandPrix-kassetten blei spelt gong etter gong.
Her er ei oppsummering av 1982-bidraga. Eg hugsar mange…takka vere kassetten min…
Mange artige kostymer og engasjerte sceneopptredenar der…
Og Tyskland vann.
Frå 1983 hugsar vi godt denne jenta.
Eg hadde Jugoslavia sitt bidrag som piano-notar seinare og eg kunne den nesten.
Har du nokre favorittar frå desse åra? Eller er dette altfor gamle minner?
--------------------------------------
It’s Eurovision week now, so I’m just looking back today.
It was one of my favourite shows when I was growing up, and I used to use my cassette player to record the songs. I listen to them a lot afterwards and still remembers many of them – even the bad ones…
tirsdag 15. september 2009
lørdag 15. august 2009
Rattus Ipodus
Iiiiik, ei død rotte!!
Har kattane hadde vore ute og gjort jobben sin?
Ved nærare ettersyn ser ein at det er rotte av typen Rattus Ipodus, ein fjern tremenning til den meir vanlege Rattus Norvegicus.
Men så var den berre hekla likevel. Takk for det.
Eg var inne hos Liselotte i dag tidleg og fekk inspirasjonen. Ha hadde laga ei slik til dottera si. Og sidan bror min satt rett borti her med iPoden sin, bestemte eg at han sikkert trengte ei død rotte. Nemleg.
På grunn av øyrepropper og ledning blei det visst ei pungrotte til slutt.
Kva blir det neste, seier eg berre…
-----
A dead rat for an iPod. Saw the idea at Liselottes. I had to make one for my brother. I decided he needed a dead rat.
tirsdag 12. mai 2009
Tysdagsmoro
Manglar du litt futt i kvardagen? Skulle du gjerne hatt superkrefter?
Veit ikkje om dette kan hjelpe, men hos the HEROFACTORY kan du lage superheltvarianten av deg sjølv.
Dette er meg. Til ære for nevø Øystein valde eg eit lyssverd som ekstrautstyr. Ganske moro og heilt unyttig…
Vi (storfamilien) har forresten vår eigen superhelt: Truse-Lars. Han bur i leikehuset heime hos mamma og pappa når han ikkje er ute og reddar verda. Lurer forresten på om han har pensjonert seg – det er ei stund sidan han viste seg sist… (Litt intern familehumor her.)
---------
For ein strikkar og heklar må vel det verste vere å skade ei hand. Men skulle uhellet først vere ute kan det kanskje vere kjekt med ei fatle som dette? Med forklaring på, slik at ein slepp å fortelje om og om igjen kva som har skjedd?
Bilde frå craftzine. Idéen kjem frå Bem Legaus.
Og skulle ein mangle idéar til strikke/hekle-prosjekt kan ein ty til strikkegrafitti. Her er ein buss frå Mexico.
Bilde: BNPS via Telegraph
torsdag 26. februar 2009
Litt moro på ein torsdag
Vi må leike litt av og til, ikkje sant? Så når eg kjem over sider som photofunia må eg berre leite fram bildene mine og prøve meg fram.
De visste kanskje ikkje at eg har ei fortid i Azkaban?
Trur kanskje eg skal overlate forsidene til modellane,eg…
Men hekleriet mitt som puslespel, det var fint.
Kanskje litt vanskeleg å pusle?
“Ja, det var slik eg såg ut før eg tok eit par operasjonar”
Anna likar seg på galleriet.
Playing with my photos. Photofunia
onsdag 14. januar 2009
snart natt
Snart halvvegs i januar alt…
Det var nydeleg måneskin då eg var heime i Ørsta i helga. Eg hadde lyst til å ta bilde av månen, men det var dessverre litt for mange skyer rundt. Men eg fekk tatt eit bilde av bygda i måneskin.
Og så heldt lillesøster, lillebror, nevøen og eg fram med å leike oss med lang eksponeringstid på fotoapparatet (på stativ sjølvsagt).
Jammen hadde vi ikkje nokre stjerneskot igjen frå nyttårsafta :)
I morgon tidleg skal eg prøve å hugse å ta med klassa ut å kike på månen. Den er nemleg tema neste veke, men sidan dei melder dårleg ver framover må vi nytte høvet i morgon.
Ellers så prøver eg å strikke trufast på Topstykket mitt. Men med tynt ullgarn på pinne nr 3, så går eg litt lei innimellom. I kveld har eg hekla ei lita kameraveske til fotoapparatet. (Gløymde den skikkelege veska i Ørsta).
Og så har eg sjølvsagt begynt å sikle etter eit nytt prosjekt:
Dette er Sylvi. (bilete frå Twist Collective)
Det er akkurat ei sånn jakke ein treng midt på mørke vinteren, ikkje sant? Ja!
Eg trur nok eg treng å strikke denne. Mmm. Neste veke, -eller noko sånt… (Så ikkje bli overraska dersom det plutseleg dukkar opp nokre raude nøster her inne.)
------
I was back in my hometown again this weekend for my grandfathers funeral. It was allmost like Christmas again, with all my siblings there. We had beautiful moonlight to, but too many clouds to take a photo of the moon. So we played with long exposure on the camera and left-over sparklers from new years eve again.
And i've found a new project I have to knit... Sylvi!
mandag 6. oktober 2008
Var det ikkje det eg viste....
Måtte knipse denne plakaten i eit butikkvindu - nesten som eg skulle sagt det sjølv...
Vel - det var kanskje nokre år på 80-90 tallet då "velkledd" kanskje ikkje var mest dekkande, men det seier vi ingenting om no :) (Og det er vel kan hende ikkje meg Dressmann har i tankane heller.)
søndag 7. september 2008
Alle hårsveisane eg aldri fekk prøvd...
Eg måtte sjølvsagt prøve dette eg også. Kunne nesten tenkt meg eit par av sveisane, eigentleg. Med mitt rette, glatte hår har eg aldri fått til dei mest fluffy sveisane. Sjølv ikkje midt på åttitalet. (Og ikkje gadd eg å bruke så mykje tid for å prøve å får dei til heller). Og eg skal spare dykk for bildet på russekortet mitt... ![]()
Einaste gongen eg har hatt nokolunde fluffy sveis var då eg var brudepike som fire-fem åring. Då låg eg med rullar i håret om natta (det var ikkje godt). Det blei ein slags krøllar av det (nesten som på bildet nr 3 her). Mamma ga meg streng beskjed om ikkje å røre håret mitt for då vil krøllane forsvinne (skli rett ut av det glatte håret mitt). Og eg gjorde som ho sa. På brudebildet står eg der, alvorleg, med rullekrøllane mine. Meir hugsar eg ikkje av den dagen.
Prøv du også: Yearbook yourself
This was fun - so I had to try. So many hairdos I haven't tried yet...
