Brokkoli er kjempesunt, også i salat.
Eg har laga denne nokre gongar i sommar, og den er stadig like god. Og sidan søskena stadig vekk spør etter oppskrifta kan eg like godt legge den her.
Sjølv har eg laga meg ein variant som er ei blanding av fleire oppskrifter eg har sett. M.a. frå søster Marie.
Eg har brukt salaten både til kjøtt og fisk – alt går.

Brokkolisalat
8 strimlar bacon – sprøstekt, i små bitar
2 brokkolihovud – delt i små bukettar
1 blomkål (kan utelatast) – i små bukettar
3 vårlauk - hakka
200 g Cheddar ost – raspa
1 dl solsikkefrø
1 dl rosiner
ein pakke majones (litt over 2 dl)
1/3 cup sukker (ca 0,75 dl)
2 ss (kvitvins)eddik
salt og peppar
Bland brokkoli, blomkål, vårlauk, ost, frø og rosiner. Rør saman majones, sukker, eddik, salt og peppar til dressing.
Bland alt saman og dryss over bacon til slutt.