mandag 31. mai 2010
3 år!
søndag 30. mai 2010
Ein smak av sommar
Så eg tok med meg heklesakene ut.
Eg fann kassa med sandalar også og blomster-flipflopane frå i fjor.
Middagen tok vi også ute.
Ein fin dag.
- Og eg er ikkje det minste skuffa over at Norge ikkje vann igår. Det får då vere måte på…
----------------------------
A taste of summer today. So I brought the crochet outside.
I even found the flower flip-flops from last summer. I think they’ll last another season.
fredag 28. mai 2010
Stoffblomst-ring
torsdag 27. mai 2010
Siste snøen
Hugsar de snøvinteren 2010?
Do you remember the snow this winter?
Tenkte at de kanskje ville vite at den siste snøen ovanfor huset smelta i dag ved 12-tida.
I thought you might want to know that the last of the snow around the house melted today.
Vi har hatt ei gjettekonkurranse gående i familien, og søster Marie tippa 27. mai. Ho traff perfekt med det tipset!
The family has been guessing about the melting date and my sister guessed May 27. Quite spot on!
Og poff! så var det sommar… kanskje…
May we hope for summer now? Please?
onsdag 26. mai 2010
Anne Marie
tirsdag 25. mai 2010
Mimrestund II
Er de klare for ein haug med videoar til?
----------
1984 kom vi til. Her var det ikkje mange minneverdige bidrag,
men vinnarane hugsar vi…
Og vi stilte med Dollie-jenter og klassisk sceneshow.
1985 var eit fint år. Eg hugsar enno stemninga i stova då Noreg fekk 12 poeng med første land. Og utover kvelden blei det berre betre.
Eg må vel nesten ta med vinnarsongen, sjølv om vi har høyrt han ganske mykje etterkvart…
I 1986 var det høgsesong for store skulderputer og lange frakkar…
… og Romeo.
I 1987 var Israel ein favoritt…
…og vi sendte Kate med rett-opp-sveisen.
Ok, nok mimring for idag.
Tilbake til semifinalen…
mandag 24. mai 2010
Mimrestund I
Sidan det er Grand Prix-veke no, og sidan eg alltid har synest det er stor stas med Grand Prix, så tenkte eg å mimre litt no.
Første året eg kan hugse eg såg på var 1980. Ikkje så unaturleg kanskje, det var året med Sami Ædnan og det var siste året vi budde i Karasjok.
Eg hugsar også denne sære songen frå Belgia…
Og denne artige frå Luxembourg…
I 1981 vann UK med futt og fart.
Finn Kalvik nådde ikkje heilt opp…
Her finn de ei oppsummering av 1981-songane.
I 1982 satt eg nok klar med kassettspelaren min og tok opp songane frå radioen. Eg hadde ikkje så mange andre kassettar på den tida, så GrandPrix-kassetten blei spelt gong etter gong.
Her er ei oppsummering av 1982-bidraga. Eg hugsar mange…takka vere kassetten min…
Mange artige kostymer og engasjerte sceneopptredenar der…
Og Tyskland vann.
Frå 1983 hugsar vi godt denne jenta.
Eg hadde Jugoslavia sitt bidrag som piano-notar seinare og eg kunne den nesten.
Har du nokre favorittar frå desse åra? Eller er dette altfor gamle minner?
--------------------------------------
It’s Eurovision week now, so I’m just looking back today.
It was one of my favourite shows when I was growing up, and I used to use my cassette player to record the songs. I listen to them a lot afterwards and still remembers many of them – even the bad ones…
søndag 23. mai 2010
Ny veske
Eg trengte ei bursdagsgåve til selskap i dag.
Så då var det greitt å leite fram nokre stoffbitar og symaskina i går.
Ein bit av eit fløyelsband og ein gammal heklebrikke kom også til nytte.
Kom på i siste liten at det også kunne vere greitt med ein knapp til lukking.
Det rosa rutestoffet er eit gammalt dynetrekk, og heklebrikken kom også frå brukten.
Hurra for gjenbruk!
---------------------------
I needed a birthday present today, so I found some fabric and used my sewing machine last night.
A little crochet doily & a piece of ribbon came to good use too.
torsdag 20. mai 2010
And the winner is…
Eg har vore med på Sew, Mama, sew sin Giveaway Day i år og har slått alle mine rekordar når det gjeld kommentarar på eit innlegg her hos meg.
Over 200 kommentarar er nokre prosentar fleire enn nokon gong før. Kjekt at så mange ville vere med, dei aller fleste komentarane kom frå utlandet denne gongen.
Vinnar av gryteklutane og to bitar med stoff blei Val:
It has been so fun to take part in the Sew, Mama, Sew’s Giveaway Day. I’ve never had so many people commenting before! Velcome to all new visitors :)
Random.org helped me choose a winner of the potholders and two pieces of fabric. The lucky girl is Val.
Og sidan så mange ville vere med lagar eg til ein ekstrapremie med eit par stoffbitar til.
Den premien går til Megan:
And since so many people joined in I decided to make a second prize. I’m giving away two extra pieces of fabric, and the winner of those are Megan.
Congratulations to the winners!
mandag 17. mai 2010
Det gjekk…
(Bench Monday – bildet mitt i dag.)
… å få seg bunaden altså… Men du verden så deilig det var å ta han av også.
Her må det nok skje saker og ting før neste bunadsdag.
Og då tenker eg at bunaden skal få henge i fred – det er nok heller denne dama som må opp og røre litt meir på seg…
Her hadde vi ein grå dag, med nokre regnbyger innimellom. Men toga fekk gå tørrskodde, heldigvis.
Håper alle har hatt ein fin dag.
