Sider

onsdag 22. oktober 2008

Onsdagsføter

Onsdag er speidarkvelden min. Eigentleg er det litt travelt sidan det også er den lengste dagen på jobb, men berre eg først har kome meg ut så er det greit. I dag stod primitiv mat på programmet.

Vi fekk faktisk fint ver den tida vi var ute. Ellers har dagen vore full av regnbyger både før og etter - så det var vått der ute. Og kaldt etterkvart. Så det vart nok eit støvlebilde i dag.2008_10220005

Her er også nokre andre turføtter. Vi laga appelsinmuffins (bålkaker) igjen. Syns framleis det er ein genial måte for å lage kaker på bål. I dag hadde vi sjokolademuffins og det var godt. 2008_10220003

I spent a couple of hours outside today, after work. It was wet, but luckily the rain stayed away while we were making our food on the fire. We made the campfire cakes again. It's still a brilliant idea.

Og så over til litt strikke/heklenytt. Eg har starta på opptil fleire julegåver - sjølvsagt alle på ein gong...

And some knitting/crochet news. I've started a few Christmas presents. all at the same time of course...

2008_10220007

... ein lilla february lady sweater...

2008_10220006

... mini cobblestone...

2008_10220008

... vel dette er ikkje ei julegåve... berre litt fargeterapi for meg innimellom andre meir einsfarga prosjekt. (Og eit forsøk på å bruke opp bomullsgarn eg har igjen.) Ser for meg at dette blir ei stoor veske til å legge alle pågåande prosjekt i.

...well this is not for christmas, just some colours for myself. I'm thinking a big, big bag for all my WIPs.

2008_10220009

... mmm, fargar....

Og så må eg reklamere for lillesystra mi som endeleg er i gong med bloggen sin. Og som eg klarte å smitte med sekskantviruset i sommar...

My sister has started her blog. Look at the nice blanket she's made. I infected her with the "hexagon-virus" this summer :)

kteppe

2 kommentarer:

  1. Flittig som alltid du, Solveig!!

    SvarSlett
  2. Hei. Du som er så bevandra på desse stoffbutikkane på nettet...veit du om nokon som har gøye voksdukar? Helst med blomar eller litt retromønster.
    Ordbekreftelsesordet er i dag "plate" det er fyrste gongen eg har fått eit ordentlig ord trur eg...sikkert lenge til neste gong.

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!