onsdag 24. september 2008

Bålkaker

Kan ein lage kaker på bål, lurer du kanskje? Jau, det går ann. Eg har prøvd ulike måtar på diverse leirar og speidarturar, men fekk testa ut ein ny og artig metode i dag.

Eg fann framgangsmåten på Bread & Honey - ein nydeleg matblogg. Synest dette var slik ein god idé at eg må dele den vidare.

Du treng appelsiner, kakemiks av eit slag (lyse muffins prøvde eg), aluminiumsfolie og kniv/skei.

app 1

Her har du appelsina i kveldssola. Skjer av eit lokk og grav ut alt fruktkjøttet.

app 2

Fyll kakedeig i skalet. Eg trudde eg hadde altfor lite kakedeig, berre 3 ss i kvar appelsin, men det vart akkurat passeleg.

app 3 

Legg på lokket igjen, pakk inn i folie og legg på bålet. Bålet vårt var ikkje så veldig stort, men det var akkurat nok til 7 appelsiner. Vi la dei rett i flammane og det gjekk bra. Appelsinene bør stå med lokket opp i starten, men etterkvart kan dei snuast på.

app 4

Eg tok ikkje tida, men det tok kanskje 10-15 min før kakene var ferdige. Det er berre å ta dei ut og sjekke undervegs.

Her er det berre å finne fram skeia og ete :) Kakene fekk ein ørliten smak av appelsin. Neste gong skal eg prøve sjokolademuffins-miks.

Ta ein tur innom Bread & Honey. Der var det fleire oppskrifter eg kunne tenke meg å prøve.

 

I had to try these campfire cakes. Found the recipe on Bread & Honey.

2 kommentarer:

  1. Super idé, den må vi prøve på tur en gang!

    SvarSlett
  2. Så artig!!! SKAL PRØVE!!!
    Koselig blog du har :o)

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails