Sider

mandag 27. april 2009

Nye lopper…

Nei, eg klarer visst ikkje å la vere å stikke innom bruktbutikkane… Eg har til og med oppdaga ein ny på veg heim frå jobb. Og i helga var det loppemarknad. De kan vel sjølv tenke dykk konsekvensane?

Jepp. Fleire saker i hus.

Loppemaknad er spennande greier. Sjølv om eg ikkje greier å stå fremst med dei spisse albogane klare. Eg rusla roleg inn i lokalet og synes likevel eg gjorde nokre funn.

2009_04260019 2009_04260020

Ein ny koffert som eg fyllte med puter. Gjekk kanskje litt berserk i putehaugen, men 4 kr puta?! – eg måtte berre ta med dei søtaste putene heim. Dei treng nok ein vask og litt stell, men akkurat no synes eg sllike fløyelsputer er litt artige. Og den hekleputa var heilt stygg-kul…

Kva meinar de? Er eg på full veg inne i “gammal tante”-kategorien???

2009_04260022

I glasavdelinga fann eg desse Pyrex-kjøleskaps-skålene som ingen andre hadde oppdaga. Til og med lokka var på plass, og heilt fine var dei.

2009_04260032

Og inne på bruktbutikken i det siste har eg funne denne mugga frå Stavanger Flint,

2009_04180027

2009_04180029

eit par nye Figgjoskåler,

2009_04180025

og så trengte eg faktisk nokre frokosttallerknar som er litt større enn dei eg hadde i skapet. Desse var passelege :)

Det var alt for no.

No må eg kle meg og sykle på korøving. Snart er det mai og jazz-konsert.

-----

This is my latest finds from the thriftshops. And this weekends fleamarket. I really should stop visiting these places. I have enough. But there’s so many nice things out there…

søndag 26. april 2009

H-H-H

Sidan G blei garn så er det ikkje så langt til H for hekling.

Til å hekle treng du garn og ein krok. Ganske enkelt eigentleg og eg synes det er fascinerande at det er det einaste som skal til for å lage så mykje forskjellig.

Eg kan ikkje hugse når og korleis eg lærte meg å hekle, men eg synes å hugse ein slags liten (babystorleik?) vest-kreasjon som blei produsert ein gong på ungdomsskulen. Sikkert av diverse restegarn eg fann rundtomkring (lilla?). Trur eg såg den på ei dokke sist. Ein del andre barbiedokkekle laga eg også då. (Mest til småsøstrene).

Etter det kom den store strikkebølgen og heklinga fekk ligge ei stund. Har gjort nokre prosjekt innimellom, men det er først i dei siste åra at eg har tatt til med større prosjekt.

Nokre tepper har det blitt. Dette var det første. Starta som eit resteprosjekt, men eg måtte sjølvsagt supplere med nytt garn etterkvart.

Granny hexagons

Tradisjonelle bestemor-ruter her.

brunrosa

Babette-teppet. Eit sommarprosjekt (2007)

babette with border

Så blei eg hekta på sekskantar og dette var sommarprosjektet i fjor.

2736623098_73a3561768_o

I UFOavdelinga finn vi bølgeteppet som har hatt ei lang pause no. Der finn vi også eit anna sekskantteppe av ullgarnrestar.

ripplestartmore hexagons

Ein del skjerf, nokre klesplagg og vesker har det også blitt.

Og så har eg oppdaga at det er kjekt å hekle figurar også. Kan for eksempel berre vise til påskeinnlegga mine…

830217907_527e6b917d_o sot troll

Eg er spesielt glad i desse figurane frå Totoro-filmen. Den lille kvite har gøymt seg litt for godt det siste året – eg må nok lage ein ny. Men vi synes vi såg eit sot-troll ein stad i påska.

Oppskrifta til Totoro-ane finn de her og her.

krokar3

Eg har ein del heklekrokar liggande, men heklar no stort sett berre med desse frå Clover. Dei er mykje betre å hekle med enn dei vanlege tynne. Eg har kjøpt mine hos Get Knitted.

Fleire innlegg om H finn de hos Petunia.

abc

--------------------------------

H is for hekle – wich is Crochet in norwegian.

I learned to crochet when I was in school, but only made small projects like dolls clothes. These last years i’ve started making bigger things like afghans and blankets.

I also enjoy making toys.

It’s fascinating that you only need a hook and some yarn to make so many different things…

onsdag 22. april 2009

Ny veske og UFO-arbeid

Eg har brukt dei siste par kveldane på å gjere ferdig denne veska som eg eigentleg sydde før påske.

4 veska eg syr av denne modellen. Ein veldig grei modell. Lurer på om eg skal prøve å få til regulerbar reim neste gong…

I morgon bør eg rekke innom posten slik at eg får sendt ho avgarde til mottakar. Gratulerer med dagen, Marie!

2009_04220012

2009_04220015

2009_04220016

Eg har også tatt fram ein UFO. Denne jakka eg starta på i september 2007… Strikkinga gjekk veldig bra då, men plutseleg var gnisten borte, og så tok andre prosjekt over. Håpar å verte ferdig før helga no…

- Og så nyt eg våren og fint ver for tida :)

Drops-jakke1

I’ve made another messenger bag. This one is a birthday present for my sister.

And I’ve been knitting on one of my UFO. Started this jacket in 2007, and I don’t relly remember why I stopped working on it. It was allmost finished. But I’m planning to finish it now.

søndag 19. april 2009

G

Kom ikkje heilt på eit brukbart G-ord først…

Men etter å ha kika meg litt rundt i den lille stova mi, blei eit ord veldig tydeleg…

2009_04180016

Garnkjøp er ein konsekvens av å ha strikking og hekling som hobby. Dessverre er lysta til å kjøpe nytt garn noko større enn kapasiteten til å få laga ferdig ting. Eit aldri så lite garnlager er følgane.

2009_04180012

Her har vi ei korg. Litt av kvart her.

2009_04180013

Her har vi nokre litt finare nøster. Nokre påbegynte skjerf også ser eg…

2009_04180014

Ei lita korg med restar. Desse brukar eg på eit sekskantteppe som har hatt pause i det siste.

2009_04180015

Og der har vi eit anna teppe i arbeid…

2009_04180031 

Meir tør eg ikkje vise fram, men det er fleire bokser med garn rundt her…

Også ein del UFOar (UnFinished Objects). Denne jakka har eg endeleg tatt fram igjen etter over eitt års pause.

2009_04180030 

Fleire G-ar finn de hos Petunia.

abc

G is for garn = yarn. This is just some of my stash. I allways feel I need more yarn, but I’m not able to make use of everything it seems…. Funny that…

Maybe I should try to stay away from the yarn shops for a while, and try to finish some UFO first.

torsdag 16. april 2009

Lisa H

Eg har sansen for kreative musikkvideoar. Sjølvsagt med fin musikk til. Her har de ei kreativ dame, Lisa Hannigan.

Nyt denne papirklippevideoen, sjekk det fantastiske rommet på slutten.

Ho likar vist papir, for det er også tema i denne videoen. Sjølv om det er på ein annan måte.

Trur eg må skaffe meg cd-en “Sea Sew”. For ho har også brodert og sydd cd-heftet sitt. Slikt kan vi like!

Enjoy these videos from Lisa Hannigan. I think I must get this cd. She did the needle-work for the cd sleeve herself. We like that :) And I like the music too.

tirsdag 14. april 2009

Etter-påske-krim

Her kjem påskekrimen vår. (Maange bilder)

De klarer vel eit drama til no som Poirot er ferdig med sine saker for denne gongen.

*******

1

Det er påske i kyllingstova. Mor strikkar, far les avisa og lillemann surfar som vanleg.

2

Og på Tv-en er det snart tid for påskenøtter.

3

I etasjen over ligg dragemor og passar på dragé-egga sine. Men ho har ete opp alt påskesnopet og treng å gå ein tur på butikken.

4

Ho stikk difor innom hos kyllingfamilien og spør om dei kan vere eggevakt ei lita stund.

“Klart det” seier kyllingmor. Men så startar påskenøttene og kyllingmor og far blir heller oppslukt av å finne ut svara.

 5

 Dessverre var det ein som la merke til at dragemor tok seg ein tur.

6

Han snik seg inn og tar med seg 4 av egga.

7

Dragemor kjem heim og ser med ein gong at nokre av egga manglar.

8

Ho stormar inn til kyllingfamilien. “Nokon har tatt 4 av egga mine!” ropar ho.

“Oi, huff då!”seier kyllingmor og resten av familien. “Skal vi hjelpe deg med å leite?”9

Lillekylling ser seg rundt på åstaden, og finn eit viktig spor. Ein gummihanske! Ein slik ein har eg sett før, tenker han.

10

Sidan han er ein kløpper til å google tek han eit raskt lite internettsøk. “skurk + gummihanske”

11

Søket ga resultat. Og etter eit lite søk på telefonkatalogen.no har han adressa også.

Han tek med seg resten av gjengen dreg av garde.

12

Heime hos Feathers og Totoro har dei tatt godt vare på dragé-egga. Dei hadde eigentleg berre så veldig lyst til å ha ein drage eller to som kjæledyr…

13

Men no kjem kyllingfamilien og dragemor inn døra. Dei er ikkje blide.

14

Feathers og Totoro prøver å forklare seg så godt dei kan, men blir ganske lei seg då dei skjøner kor dumt dei har handla.

Dei lovar å ikkje gjere slikt fleire gonger.

Dragemor sjekkar at egga har det bra og kan heldigvis ta dei med seg heim like heile.

15

Og alt endar bra til slutt

THE END

Heklehekta

Heklekrokane gjekk litt varme i påska. Kan vel eg noko for at det er perfekt avslapping for meg?

Det blei fleire kyllingar etterkvart.

2009_04110167

Og sidan vi fann ut at kyllingane hadde nokre Wallace & Gromit-aktige trekk kom idéen om det gjekk ann å hekle eit anna fjørkre - skurken frå filmen RobotbukseneFeathers Mc Graw.

Som tenkt, så gjort… eller noko sånt. Eg måtte prøve.

Med litt plunder fekk eg også til beina.

2009_04110137

2009_04110173

Og sidan vi no hadde ein skurk i huset måtte vi lage ein liten påskekrim. Den kjem straks.

----------------

Well, I’ve been crocheting this easter. The perfect way to relax for me :)

I made more chicken. They have kind of a Wallace & Gromit-look, so someone asked if it was possible to make the mastermind criminal from the movie “The Wrong Trousers”, Feathers McGraw. I had to try of course. And we even found a way to make the feet.

SInce we now had a criminal in the house we had to make a little drama.

søndag 12. april 2009

F for...

Fotoautomatar
Det er kjekt, det...
Ei stund var eg ganske hekta. Det vil seie at det har vel vore to litt større perioder i mitt liv då eg har brukt meir tid i fotobokser enn behovet for passbilder eigentleg skulle tilseie. Eg har fleire albumsider fulle av bilder. Ei kavalkade over meg gjennom tidene (meir eller mindre vellukka må ein vel tilstå...)
Første fotoboksperiode var det året eg budde i England. Der var det nemleg ganske billig å bruke desse boksene. Vi var ofte innom. Og ja, det var seint på 80-talet, noko som de kanskje forstår utifrå brillene mine...
Og så var det den gongen eg hadde permanentkrøllar...

Ei anna periode var to månader eg hadde praksis i Molde. Der var det ikkje så mykje å finne på, så det blei nokre turar til automaten på rutebilstasjonen. Eg gjekk vel til slutt tom for idéar til grimaser - for eg tok sjølvsagt ikkje vanlege smilebilder... Og dette var på 90-talet, runde studentbriller-perioden...

No er det ei stund sidan siste automatbesøk. Gjorde eit forsøk i fjor sommar. Drog med søstrene inn i ein automat på Oslo S. Men den var i ustand...

Ikje så rart kanskje, at Amelie-filmen er ein favoritt?
Fleire F-innlegg finn de borte hos Petunia.