Sider

mandag 8. juni 2009

N

N for Natt-og-dag (som eg kallar den eller Stemorsblomst som den heiter i bøkene…).

Ein av dei finaste vårblomstarne etter mi meining.

1

Denne fantastiske marka fann eg rett ved sidan av skulen min i fjor. Dessverre vart ho pløyd i år, så då kom det ingen blomstrar.

2

Visste de at dei mørke stripene på kronblada er “landingsstriper” for insekt? Stripene og den gule fargen viser insekta tydeleg kvar dei skal lande for å få tak i nektar (og pollen slik at dei gjer jobben sin).

Navnet “Natt og dag” kjem av fargane på kronblada; den lyse dagen nede og den mørke natta oppe.

Navnet Stemorsblomst finst i fleire land. Forklaringa på det er slik: Det største kronbladet er stemora. Ho sit på to krakkar (to begerblad) og har rømmegrautfatet (den gule flekken) i fanget. Hennar eigne døtre (kronblada på sidene) har ein stol (eit begerblad) kvar og dei får også litt rømmergraut (litt gult på dei), medan dei to stedøtrene (dei øverste kronblada) har ein stol (eit begerblad) på deling, og dei får ikkje graut.

abc

Fleire innlegg om N hos Petunia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!