Sider

torsdag 31. desember 2009

Nyttårskveld

1girlpinkwhite001  Då er det rett før nytt år.

Vi slappar av etter ein ny deilig pinnekjøttmiddag, og laddar opp til kvelden. Den vert nok ganske roleg, men nokon har visst tenkt å sende opp rakettar (av den lovlege sorten). Og nokon prøver å lage flygande silkepapirlanterner. Eg nøyer meg med stjerneskot. Vi håpar at snøbygene gir seg til midnatt. Slik at vi får sett både rakettar og fullmånen.

Sjå godt på månen i dag, forresten. I kveld har vi “blue moon” - den andre fullmånen på same kalendermånad (det var fullmåne 2. desember også). Det er altså noko som skjer sjelden (“once in a blue moon”).

Og så er det også delvis måneformørkelse i kveld, mellom kl 19.30 og 21.20.

Så vi burde visst nesten berre halde oss ute heile kvelden.

Håpar de alle får ein fin nyttårskveld.

Takk for alle besøk i året som har gått, og tusen takk til alle dykk som legg igjen slike hyggelege kommentarar. Dei er alltid så kjekke å lese!

 1aaaaabonne004

bilder frå The Graphics Fairy

---------------------------

Only a few hours left of 2009.

We’re having a quiet party at my parents house. Some family members are trying to make flying paper lanterns. We hope they’ll work.

If not we’ll just have to look at the fireworks. That’s pretty too.

Many thanks to everyone who has stopped by my little place on the web this last year. I love reading your comments!

Happy New Year!!

1 kommentar:

  1. Godt nytt år! Her var det stille og rolig med et par mark-krypere fra ungene og masse på himmelen fra naboene. Blå-månen ble observert, men ikke notert før utpå dagen i dag.

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!