Sider

torsdag 31. desember 2009

Nyttårskveld

1girlpinkwhite001  Då er det rett før nytt år.

Vi slappar av etter ein ny deilig pinnekjøttmiddag, og laddar opp til kvelden. Den vert nok ganske roleg, men nokon har visst tenkt å sende opp rakettar (av den lovlege sorten). Og nokon prøver å lage flygande silkepapirlanterner. Eg nøyer meg med stjerneskot. Vi håpar at snøbygene gir seg til midnatt. Slik at vi får sett både rakettar og fullmånen.

Sjå godt på månen i dag, forresten. I kveld har vi “blue moon” - den andre fullmånen på same kalendermånad (det var fullmåne 2. desember også). Det er altså noko som skjer sjelden (“once in a blue moon”).

Og så er det også delvis måneformørkelse i kveld, mellom kl 19.30 og 21.20.

Så vi burde visst nesten berre halde oss ute heile kvelden.

Håpar de alle får ein fin nyttårskveld.

Takk for alle besøk i året som har gått, og tusen takk til alle dykk som legg igjen slike hyggelege kommentarar. Dei er alltid så kjekke å lese!

 1aaaaabonne004

bilder frå The Graphics Fairy

---------------------------

Only a few hours left of 2009.

We’re having a quiet party at my parents house. Some family members are trying to make flying paper lanterns. We hope they’ll work.

If not we’ll just have to look at the fireworks. That’s pretty too.

Many thanks to everyone who has stopped by my little place on the web this last year. I love reading your comments!

Happy New Year!!

onsdag 30. desember 2009

Oppsummering

Snart klart for siste dag i året… Då kan det passe med litt oppsummering av handarbeidsåret.

Eg har 3 kategoriar:

Hekling

hekle2009

1. Colour therapy, 2. Untitled, 3. a dead rat, 4. Crochet basket, 5. crochet cover, 6. crochet bodice, 7. 80, 8. flower flip flops, 9. crochet feet, 10. my pretty bicycle seat, 11. finished pillow, 12. Roselette Top, 13. Feathers McGraw, 14. more easter crafting, 15. Roselette Top, 16. Untitled

Strikking

strikke09

1. Baby Sophisticate, 2. Featherbed, 3. Lace Beret, 4. Rose Red in pink, 5. Untitled, 6. Noro scarf, 7. birthday socks, 8. striped scarf, 9. Green boot socks, 10. Paper Dolls, 11. Baktus, 12. topstykke, 13. Shetland Triangle, 14. Sylvi , 15. Thermis #2, 16. baby hat

Sying (og diverse anna forming)

crafting09

1. Untitled, 2. Untitled, 3. Untitled, 4. new pencil roll, 5. skirt, 6. New old chair, 7. ric rac, 8. Untitled, 9. Red messenger, 10. Label bag, 11. Untitled, 12. Messenger bag, 13. new bag, 14. finished, 15. drawstring bag, 16. Happy New Year to everybody!!

Håpar neste år kan bli like kreativt. Eg gler meg til å få fram symaskina skikkeleg igjen.

Godt nytt kreativt år til alle!

-------------------------------------------

Allmost the last day of 2009 now. Time to look back a little.

This is most of what I made in 2009.

mandag 28. desember 2009

Huset

Litt seint ute med peparkakehuset i år. Eg fann ut at julaftaformiddag ikkje passar til husbygging, og ikkje dei første juledagane heller, så då skjedde det i går. Deiga står fint i kjøleskapet.

DSCF1817

Eg prøvde eit nytt mønster i år. Delvis eit eg har funne på nettet, men det var sjølvsagt for lite, så eg la til ein vinkel.

DSCF1820

Eg baka og sette ihop huset samtidig denne gongen.Eg var nemleg ikkje sikker på alle delane, så det var fint å kunne lage nye delar etterkvart som eg trengte det. Bomma litt på ein vegg og eit tak, nemleg.

DSCF1821

Og med vinkel på huset blir det opptil fleire kompliserte vinklar på taket. Her skulle ein ha vore ingeniør… Men eg triksa til med å kutte delane litt ekstra etter steiking.

DSCF1831

Minstebror tok jobben som overpyntemesterassistent, medan eg var melissprutesjef. Og sjølvsagt gløymde eg å pynte vindua på verandaen før eg limte på tak og gelender (og dei blei umogleg å rekke med melisposen)….

DSCF1837

I år blei det til ei forandring ikkje Non Stop-tak.

DSCF1840

Pappa ordna lys innandørs.

DSCF1842

Så då er det berre å flytte inn.

DSCF1839

I finally got round to making this years gingerbread house. I modified a pattern i found online, and made some extra complicated roof angles to make. Luckily i did the baking an assembling of the house at the same time – so I could make the parts as I needed them. Made a wall and a roof part too short at first…

My brother helped with the dacorating and my father mad a light to put inside the house. The rest of the family will help with the eating of the house in a few days time…

lørdag 26. desember 2009

Juledag nr 2

Då er gåvene pakka ut, og eg kan vise fram noko av det som eg fekk laga.

Nyaste nevø fekk ei jakke strikka i mjuke Easy frå Sandnes. Mønsteret er Baby Sophisticate.

DSCF1755

DSCF1756

Eit slips høyrer vel også med til sofistikerte antrekk, så det fekk han på ein body.

DSCF1760

Og no kjem eg sjølvsagt på at eg gløymde å ta bilete av R2 D2 (Star Wars)-hua eg strikka. Kanskje mottakaren kan sende meg eit bilete seinare?

Også nokre andre huer blei gåver, men dei har eg vist fram før.

Meir rakk eg visst ikkje å lage denne gongen…

Og no i romjula burde eg verkeleg sette meg ned med bunadskjortabroderinga mi, for der er eg svært på etterskot (etter kursskjema)… Men kva gjer eg? Eg startar på ei ny strikkajakke i staden…Huff då….

-------------------------------------

No I can show you some of the presents I made.

The jacket is the present for my newest nephew. The pattern is Baby Sophisticate. To be properly dressed he needs a tie too…

I also knitted a R2 D2 hat, forgot to take a photo of that before I sent it away.

torsdag 24. desember 2009

24.

Då er jammen julekvelden her. Kyrkjeklokkene ringer jula inn, og Sølvguttene har stemt i med songane sine.

Middagen er på veg, det luktar allereie godt…1aaapinkgirl004

Peparkakedeiga står i kjøleskapet… Å snekre saman huset vert visst ein aktivitet for romjula. Eg får kome attende med rapport når det er ferdig. 

angelsilver005

No vil eg berre få ønske dykk alle ei fredfull julehøgtid!

Takk til alle de som er innom her !  christmascard004

It’s Christmas eve! The dinner is allmost ready.

I’m just popping in to wish you all

A very Merry Christmas!!

onsdag 23. desember 2009

23.

angelearlygfairy004a

Nest siste luke i adventskalendaren. Er alt klart heime hos dykk?

Her har vi pynta treet, men det står likevel att litt å gjere – slik som det brukar å vere. Så eg får ikkje lov til å sitte her lenge…

Jul blir det i alle fall :)

I morgon tidleg blir det kanskje barne-tv i pysj (sjølv om vi er berre vaksne i huset)…

Må i alle fall få med meg “Snikker Andersen og julenissen”, “Tre nøtter til Askepott” og kanskje litt “Reisen til julestjernen”.

tirsdag 22. desember 2009

22.

Då er det ferie! Vi hadde ein koseleg siste-dag-før-juleferien dag.

Eg veit så klart at det er den 22. i dag. Men eg blei likevel ein smule overraska då eg forstod at det var bittelillejulafta i dag. Lillejulafta er i morgon!! Oops!

Tenkte på ein måte at det var eit par ekstra dagar til jul. Eg må nok berre ut litt tidleg på dagen og fikse dei siste gåvene… Og så tenkte eg å få gjort pepparkakehuset i morgon. Og så skal det visst ryddast og ordnast litt. (For det skjer som regel ikkje før lillejulafta her).

DSCF1784

I går fekk eg laga litt marsipangodt. Eg klarer meg lenge med ferdigmarsipan frå butikken, med sjokoladepynt og anna tilbehør.

Ha ei fin lillejulafta.

DSCF1780

Har de sett snillare katt, forresten? Manglar berre glorien. Han, Chat Noir, og dei andre kattane i huset har favorittplassen framfor varmepumpa i huset. Og han godtok så vidt å prøve englevingane.

-----------------------------

Last day of school today. Even if I know the date today I was a bit surprised when I realised we only have two days left until Christmas… I somehow thought we had a few days more (wishfull thinking, perhaps…)

So, I’ll have to pop out early tomorrow to get the last presents done. And then it’s time to make the gingerbreadhouse.

mandag 21. desember 2009

21.

22.12.

1. happy desk thursday... :), 2. crocheted purse, 3. Bom fim de semana!, 4. a 'whatnot' gleeful tree..., 5. The heart garland: finally., 6. Granny Stars, 7. _MG_9158, 8. Untitled, 9. friday::flowers, 10. Vintage French Bowls, 11. 45detail, 12. to-do-dish, 13. red-&-white-dot-flower-pin, 14. lomofied, 15. Untitled, 16. bm #28

I dag får de kikke litt på nokre favorittar frå Flickr. Eg er inspirert av Merete – og trur eg tek ein tur på kjøkkenet og finn fram marsipanen.

Ein dag igjen på jobb. I morgon vert det gang rundt juletreet. (Og eg er ikkje heilt ferdig med julegåvene, men har laga julbrev som kanskje kjem fram i romjula…)

- Og så snudde sola :)

------------

Some Flickr favourites for you to day. I’m heading to the kitchen!

søndag 20. desember 2009

18. + 19. + 20.

Det blei visst eit par dagars pause her. Har vore på besøk utan nett-tilgang. Og i går vart det litt fort kvelden…

Tenkte eg skulle vise dykk nokre enkle papirkransar i dag. Dei kan brettast av alt slags papir. Farga, mønstra, gamle julekornotar etc. etc. Eg har printa ut bilder av gamle papir og notar (fins fleire gratisbilder på nettet) og brukt det også.

DSCF1765

DSCF1766

DSCF1767  Lagar du kransane små passar dei på jultreet, lagar du dei større kan dei henge andre stadar.

Først må du kutte papiret i ønska storleik. Du må lage 8 rektangel som er halvparten så breide som lange.

Eg laga mine 5 x 10 cm denne gongen. Det gir kransar som er ca. 10 cm i diameter.

DSCF1768

Brett papiret på langs.

DSCF1769

Brett dei øverste hjørna ned til brettekanten.

DSCF1770

Brett spissane mot kvarandre.

DSCF1771

Brett alle 8 lappane på samme måte.

 DSCF1773

No skal du ha ein slik figur. Legg merke til “lommene” på toppen. Hald den første delen slik.

DSCF1774

Stikk neste del inn i “lommene” så langt den går.

DSCF1775

Slik:

DSCF1776

Hald fram med dei andre delane på samme måte. Den første delen stikk du inn i lommene på den åttande til slutt.

DSCF1779

Då er kransen ferdig.

Det kan vere lurt å feste delane med litt lim også.

No er det snart middag, og i kveld tenkte eg å lage sjokolade-pistasj-biscotti. Skal tru om det er godt?

torsdag 17. desember 2009

16. + 17.

DSCF1763

Då har eg kome litt nedover lista mi. Nokre gåver er ute av huset. Men eg strikkar framleis på andre, og nokon har eg ikkje begynt å tenke på enno.

Og så var det julekorta… Kanskje, muligens er det mogleg å få gjort dei i løpet av helga. Etter at eg har testa julestresset på Moa… Skal ut og besøke søster som akkurat har flytta inn i nytt (gammalt) hus – og då kan vi ta ein kjøpesenterrunde i same slengen. Har ikkje tenkt å ta det med ro og berre kike på livet. (Og kanskje handle litt…)

Eg var ganske fornøgd med å starte skuleåret litt seint i august, men er ikkje fullt så nøgd no, når vi må skule på mandag og tysdag også. Kjenner at det skal passe bra med juleferie no, ja…

Ha ein fin fredag.

---------

I'm working on my to do-list. Some presents are out of the house, but I'm still knitting on some, and others are not planned yet.

And then there is the Christmas cards...

tirsdag 15. desember 2009

15.

Bake pepparkaker er kjekt. Og eg synes eg har den teknikken rimeleg under kontroll.

Men etter å ha vore innom denne nettstaden ser eg at her er det ting å lære…

Jarmila og Ivan Klučiarovi frå Slovakia (?) har verkeleg taket på kakepyntinga.

Alle bilda her er henta frå nettsida.

KrojeAll

srdiecko11

sviecky

vianocne3

vianocne4 

Adressa er www.medovniky.com

Eg kan ikkje heilt begripe korleis dei kan få til alle dei rette linjene.

Eg får vel halde meg til Non Stop og slikt.

---------------

Really impressive gingerbreads, right?

Photos from this website: www.medovniky.com

december

mandag 14. desember 2009

14.

Eg er berre ein snartur innom i kveld. Skal til å leite fram symaskina.

Så de får de kike på desse favorittane frå Flickr. Kanskje kan de hente litt inspirasjon til julepyntinga?

Monsterkransen i midten er vel artig, sjølv om den ikkje er den mest julete kransen eg har sett…

Har du ein slik på døra får du i alle fall merksemd frå naboane og alle turgåarar :)

Todeloo!

4185980056_2d4dec6abb_o

1. Felt Christmas Ornament Tutorial and Pattern, 2. É Natal, é Natal..., 3. xmas crochet, 4. Tree Ornament 2, 5. Merry Christmas, come visit me., 6. Grandma Trees, 7. Origami Christmas Wreath, 8. Snowflake Crochet Pillow, 9. how to make christmas ornaments

søndag 13. desember 2009

13.

DSCF1748

God Lucia-dag!

Eg har, som de ser, fått laga ferdig suksess-kakene mine. Suksessterte i småkakeform: Små mandelkaker, ein liten sprut med gul krem, dyppa i sjokolade. Eg oppbevarar dei i frysaren – dei smeltar på eit blunk når dei skal serverast.

Nam, nam!!

I går fekk eg denne øska i posten. Eg har nemleg testa ut QXL. Og vann auksjonen om denne.

DSCF1713

Den inneheldt heldigvis meir enn heklegarn – den var full av gamle sysaker. Eg ser alltid etter slikt når eg er på bruktbutikkar, og her fekk eg mykje på ein gong.

DSCF1715 

De vil vel sjå alt som var oppi?

DSCF1719

Sytrådar

DSCF1721

Band

DSCF1722

Knappar og trykknappar

DSCF1725

Endå fleire trykknappar…

DSCF1727

Diverse utstyr og nokre gamle hattenåler. 

DSCF1733

Stoppesaker og ein suvenirstoppesopp med vikingskip frå Tynset (!!)

DSCF1729DSCF1730

Den største hattenåla må vere gamal – og den har eit nydeleg mosaikkmotiv

Reine skattekista dette. Eg er fornøgd med kjøpet!

-------------------

I bought a box full of sewing notions on an internet auction.

Look at all the nice stuff it contained. I’m very pleased.