Sider

mandag 31. mai 2010

3 år!


Eg har heilt gløymt at eg hadde 3 års-bloggbursdag på laurdag! Det forsvant heilt i Grand Prix-styret.
Og så ser eg at eg har passert 50 000 besøk også.
Hipp hurra!!
Trur kanskje det skal feirast med eit eller anna, men det må vente tre veker til ferien startar. Akkurat no er det liksom nok å gjere med avslutning av skuleåret og skulejubileum m.m.
Mandag på benken i dag - og her ser de meir av hekleprosjektet frå igår.
Eit sommarsjal tenker eg det skal bli.
Og så fekk eg nokre nøster i posten i dag. Har planer for dei også etterkvart.
------------------
I completely forgot my blog birthday on Saturday. 3 years since I started now. And I've passed 50 000 visits!
3 weeks of school left before the holiday, they will be busy.
Time for Bench Monday today. This is my crochet project right now. A shawl for summer. I also got some new yarn in the mail - have plans for those too.

post signature

søndag 30. mai 2010

Ein smak av sommar

DSCF3252

Så eg tok med meg heklesakene ut.

Eg fann kassa med sandalar også og blomster-flipflopane frå i fjor.

Middagen tok vi også ute.

Ein fin dag.

- Og eg er ikkje det minste skuffa over at Norge ikkje vann igår. Det får då vere måte på…

----------------------------

A taste of summer today. So I brought the crochet outside.

I even found the flower flip-flops from last summer. I think they’ll last another season.

fredag 28. mai 2010

Stoffblomst-ring

Via Craft: kom eg hit til Make it Do og ei grei oppskrift på korleis ein kan lage ein enkel ring av stoff.
Oppskrifta er opprinneleg frå bloggen V and co. Og der finn de også fleire oppskrifter (som iallfall eg har tenkt å sjekke ut).
Testa ut oppskrifta no i ettermiddag og brått hadde eg tre nye ringar.
Sånt kan vi like.
Du treng berre nokre stoffremser, ein limpistol og ein justerbar ring (frå hobbybutikken f.eks).
Eg prøvde med forskjellige stoff, men ser at det blei finast med grovare stoff, som det lyseblå linstoffet.
Limte på litt bling på den raude og den oransje ringen.

--------------------
Via Craft: and Make it Do I came to V and Co and this nice tutorial for how to make an easy fabric flower ring. 

torsdag 27. mai 2010

Siste snøen

Hugsar de snøvinteren 2010?

DSCF2426

Do you remember the snow this winter?

DSCF241816. mars

Tenkte at de kanskje ville vite at den siste snøen ovanfor huset smelta i dag ved 12-tida.

DSCF29761. mai

I thought you might want to know that the last of the snow around the house melted today.

DSCF312218. mai

Vi har hatt ei gjettekonkurranse gående i familien, og søster Marie tippa 27. mai. Ho traff perfekt med det tipset!

DSCF315221. mai

The family has been guessing about the melting date and my sister guessed May 27. Quite spot on!

DSCF3225 26. mai

Og poff! så var det sommar… kanskje…

May we hope for summer now? Please?

onsdag 26. mai 2010

Anne Marie

Det starta med ein loppemarknad i haust.
Då snappa eg med meg desse tinga.
Dette var ikkje nok til å dekke bordet med akkurat, så eg bestemte meg for å sjå etter fleire ting til Anne Marie-serviset frå Figgjo.
Og i det siste har eg handla litt.
Eg fann til slutt fleire delar hos ein selgar på finn.no. Ein smule dyrare enn loppemarknad/bruktbutikk, men...
No kan eg dekke frukostbordet. Manglar berre kaffikoppar no, i grunnen.
Denne mugga i Daisy-mønster, også frå Figgjo, fann eg derimot til ein ganske billig pris på bruktbutikken :)
-----------------------------
I've found a few more pieces in the Anne Marie-pattern (by Figgjo). I decided to collect them after I found some things in that pattern at a fleamarket (top photo).
I had to pay more than fleamarketprice for the latest additions though...

But I bought the Daisy mug at the thriftshop for a very nice price:)

post signature

tirsdag 25. mai 2010

Mimrestund II

Er de klare for ein haug med videoar til?

----------

 1984 kom vi til. Her var det ikkje mange minneverdige bidrag,

men vinnarane hugsar vi…

Og vi stilte med Dollie-jenter og klassisk sceneshow.

1985 var eit fint år. Eg hugsar enno stemninga i stova då Noreg fekk 12 poeng med første land. Og utover kvelden blei det berre betre.

Eg må vel nesten ta med vinnarsongen, sjølv om vi har høyrt han ganske mykje etterkvart…

I 1986 var det høgsesong for store skulderputer og lange frakkar…

… og Romeo.

I 1987 var Israel ein favoritt…

…og vi sendte Kate med rett-opp-sveisen.

Ok, nok mimring for idag.

Tilbake til semifinalen…

mandag 24. mai 2010

Mimrestund I

Sidan det er Grand Prix-veke no, og sidan eg alltid har synest det er stor stas med Grand Prix, så tenkte eg å mimre litt no.

Første året eg kan hugse eg såg på var 1980. Ikkje så unaturleg kanskje, det var året med Sami Ædnan og det var siste året vi budde i Karasjok.

Eg hugsar også denne sære songen frå Belgia

Og denne artige frå Luxembourg

I 1981 vann UK med futt og fart.

Finn Kalvik nådde ikkje heilt opp…

Her finn de ei oppsummering av 1981-songane.

I 1982 satt eg nok klar med kassettspelaren min og tok opp songane frå radioen. Eg hadde ikkje så mange andre kassettar på den tida, så GrandPrix-kassetten blei spelt gong etter gong.

Her er ei oppsummering av 1982-bidraga. Eg hugsar mange…takka vere kassetten min…

Mange artige kostymer og engasjerte sceneopptredenar der…

Og Tyskland vann.

Frå 1983 hugsar vi godt denne jenta.

Eg hadde Jugoslavia sitt bidrag som piano-notar seinare og eg kunne den nesten.

Har du nokre favorittar frå desse åra? Eller er dette altfor gamle minner?

--------------------------------------

It’s Eurovision week now, so I’m just looking back today.

It was one of my favourite shows when I was growing up, and I used to use my cassette player to record the songs. I listen to them a lot afterwards and still remembers many of them – even the bad ones…

søndag 23. mai 2010

Ny veske

DSCF3158Eg trengte ei bursdagsgåve til selskap i dag.

Så då var det greitt å leite fram nokre stoffbitar og symaskina i går.

DSCF3160 Ein bit av eit fløyelsband og ein gammal heklebrikke kom også til nytte.

Kom på i siste liten at det også kunne vere greitt med ein knapp til lukking.

DSCF3162 Det rosa rutestoffet er eit gammalt dynetrekk, og heklebrikken kom også frå brukten.

Hurra for gjenbruk!

---------------------------

I needed a birthday present today, so I found some fabric and used my sewing machine last night.

A little crochet doily & a piece of ribbon came to good use too.

torsdag 20. mai 2010

And the winner is…

Eg har vore med på Sew, Mama, sew sin Giveaway Day i år og har slått alle mine rekordar når det gjeld kommentarar på eit innlegg her hos meg.

Over 200 kommentarar er nokre prosentar fleire enn nokon gong før. Kjekt at så mange ville vere med, dei aller fleste komentarane kom frå utlandet denne gongen.

Vinnar av gryteklutane og to bitar med stoff blei Val:

It has been so fun to take part in the Sew, Mama, Sew’s Giveaway Day. I’ve never had so many people commenting before! Velcome to all new visitors :)

Random.org helped me choose a winner of the potholders and two pieces of fabric. The lucky girl is Val.

trekking2

 

Og sidan så mange ville vere med lagar eg til ein ekstrapremie med eit par stoffbitar til.

Den premien går til Megan:

And since so many people joined in I decided to make a second prize. I’m giving away two extra pieces of fabric, and the winner of those are Megan.

ekstragevinst

Congratulations to the winners!

mandag 17. mai 2010

Det gjekk…

DSCF3109

(Bench Monday – bildet mitt i dag.)

… å få seg bunaden altså… Men du verden så deilig det var å ta han av også.

Her må det nok skje saker og ting før neste bunadsdag.

Og då tenker eg at bunaden skal få henge i fred – det er nok heller denne dama som må opp og røre litt meir på seg…

Her hadde vi ein grå dag, med nokre regnbyger innimellom. Men toga fekk gå tørrskodde, heldigvis.

Håper alle har hatt ein fin dag.

DSCF3118c

søndag 16. mai 2010

17. mai – Hurra!!

giveaway_button_2010

Hos Sew, Mama, Sew! har dei organisert “giveaway day” fleire år. Då har mange med blog/nettbutikk giveaway samtidig.

Og sidan dagen i år fell på 17. mai (Hurra!!) tenkte eg å bli med.

Eg tenkte å lodde ut eit par gryteklutar og eit par stoffbitar.

DSCF3106

Vil du vere med på trekninga kan du legge igjen ein kommentar. Utloddinga er åpen til og med 20. mai.

God nasjonaldag til alle! No skal eg snart stryke bunadskjorta (Hurra!!).

(Satsar på at eg kjem inn i bunaden på eit vis morgon… litt spent på akkurat det…merkeleg korleis slike plagg kan “krympe” i skapet…) 

-------------

I’m taking part in Sew, Mama, Sew!’s Giveaway Day. The price will be a pair of crocheted potholders and some fabric. If you want to take part leave a comment on this post. I’ll chose a random winner May 20th (Norway time). I’ll send internationally.

(PS: Remember to leave a way for me to contact you, if you should win.)

Ein gul knapp…

… eller blå, grøn og raud?

DSCF3094

Eg fann fram knappesamlinga og leika litt i går.

Eg likar best dei gamle glassknappane. Blir alltid litt ekstra ivrig dersom eg finn slike skattar på bruktbutikkane. Dessverre er det sjeldent å finne knappar, dei har visst blitt altfor populære.

DSCF3099

Dei fleste glasknappane var malte originalt. Dessverre så går malinga av i vask, så på mine knappar er det berre nokre malingsrestar igjen her og der.

DSCF3103

Og det spørs vel om desse knappane nokon gong vert brukt av meg. Dei er altfor fine til å sjå på…

--------------------------

I had fun with my button collection yesterday. These are my favourites. Many glass buttons. Unfortunately it’s not often I find nice buttons at the thriftshops now.

But oh, so fun it is when I’m lucky to find some :)

fredag 14. mai 2010

Sukkertøy…

Sukkertøy for øyet feirar 200 følgarar inne hos seg med kjempefin giveaway (utlodding).

659

Eg måtte berre slenge meg med på den, eg også:)

(Den bokstaven passar frykteleg bra hos meg forresten…)

Ta ein tur bortom henne, de også.

torsdag 13. mai 2010

Tusen takk…

…for alle fine kommentarar om teppet mitt! Eg sett stor pris på alle gode ord :)48f50

Eg er framleis svært fornøgd med å vere ferdig. Og no kan eg ta til på andre prosjekt. Har jo enno ein god uferdige saker liggande rundt om kring, men det spørs om eg ikkje kjem til å starte med noko nytt i staden. (Kjenner eg meg sjølv rett).

Har nettopp starta på eit par strikkedokker til (som desse), skal prøve meg på gutedokker denne gongen.

rita shopping P

Desse to snellene ønsker seg nemleg kjærestar.

I dag har det vore nydeleg ver, og vi hadde første middag på terrassen. Kanskje det er trygt å skifte til sommardekk no…

Bilen treng forresten ein vask også…

Og så bør eg vel sjekke om eg finn alle bunadsremedier før 17. mai; må sikkert vaske skjorta også – for det gløymde eg vel å gjere før eg la ho vekk (fy, fy)…

----------------------------

Many thanks for all your nice comments about my blanket/afghan. I’m still very happy to be finished :)

The crochet hook is resting for a while, and I have started knitting a couple of new babes. I’ll try to make boys this time since Rita & Priscilla (living with my nieces) wants boyfriends/husbands …

søndag 9. mai 2010

Show and tell

Ta-dahh!!DSCF3068
Her har de heile teppet!
Det skulle vere høveleg stort til middagskvilen no.

Here it is!
Large enough for taking a nap on the sofa.
DSCF3059Endelege fakta:
12 x 16 = 192 ruter
Antal fargar: ukjent
Garn: Fargane er mest av Smart (Sandnes) og Falk (Dale), pluss ein del restar. Det kvite garnet er Vestlandsgarn (Gjesdal)
Krok: 4 mm

Final facts:
12 x 16 = 192 squares
Number of colours: not known…
Yarn: The colours are mostly Sandnes Smart and Dale Falk + leftovers from my stash. The white yarn in Vestlandsgarn from Gjesdal.
Hook : 4 mm
DSCF3057
Også litt artige tall for dei som likar slikt…
I ei rute er det 104 stavar, 68 luftmasker og 16 dobbeltstavar.
I heile teppet er det omlag;
21 044 stavar
14 496 luftmasker
3 072 dobbeltstavar
1440 fastmasker
… sånn rundt regna…

Just a few number facts:
In one square it’s 104 dobbel crohet st, 68 chain st and 16 treble st.
That makes in the hole afghan:
21 044 dc st
14 496 chain st
3 072 tr st
1440 sc st
DSCF3054(Og mønsteret finn de her.) 

Litt detaljar om kanten rundt:
Ei rad med stavar; ein stav i kvar maske på ruta, ein stav i kvart lm-mellomrom, 5 stavar i hjørnet.
Ein rad med fastmasker i kvar st på forrige runde. Ei ekstar fm i hjørnet.
Til slutt ei runde med løkker: Ei fm, 4 lm, hopp over 2 fm – heile vegen rundt.
DSCF3072
Some details about how I did the border:
One row of dc first. On dc in every dc and one dc in every ch space. 5 dc in the corners.
One row of sc in every dc of last round. make one extra sc in the corners.
One row of loops: Start with one sc, chain 4, skip two sc on last round – all the way round.
DSCF3073

lørdag 8. mai 2010

Dei aller siste

DSCF3010Etter måling på sofaen bestemte eg meg for å hekle på ei rad til.

Så desse er dei siste sirklane i teppet mitt.

Og no har eg hekla kanten rundt også, så no er eg ferdig!

DSCF3045

Eg måtte ha litt farge på kanten rundt også, litt turkis.

I morgon blir det fotografering i dagslys.

---------------

It is finished! I decided in the last minute to make another row. But now i’ve crocheted the border.

I had to put in some colour there too.

I ‘ll take photos in the daylight tomorrow and show you the hole thing then.