Sider

onsdag 28. juli 2010

Ein ferietur


Eg har stort sett rusla rundt i heimbygda i sommar, men no pakkar eg kofferten for ein liten ferietur til Bergen.

Alltid kjekt med ein skikkeleg bytur.
Det vert nok ein del rusling i gatene. Er det noko eg må få med meg (artige butikkar, utstillingar etc?)
Ellers tek eg nok det vanlege ruta.
Må kanskje prøve den nye Bybanen også. Til Sletten for eksempel.

Ha ei fin helg!
--------
I'm taking a little trip to Bergen this weekend.
Allways nice with new streets to walk in and new shops to visit :)
 post signature

mandag 26. juli 2010

Ein muffins, anyone?…

DSCF3716Eg har visst nokre igjen…
Har nemleg hatt bursdagsselskap i dag.
De kan velge mellom sjokolade eller sitron-valmuefrø-muffins.
Begge delar var godt.
Får håpe 4 søsken er svoltne når dei kjem heim frå korøving snart, ellers blir det muffins kvar dag framover…
DSCF3705
Og så frydar vi oss over at sola er framme. Tenk finever tre dagar på rad!
Endeleg kom eg meg på tur også.
DSCF3709
It was my birthday, I made cupcakes and have quite a few left...
The sun has finally arrived for several days in a row.

tirsdag 20. juli 2010

Bestemor-stripe-sjal

DSCF3617 

… or granny stripes shawl…

Bruk garntype etter ønske og behov, så mange fargar du vil… og heklekrok som passar til garnet.

Use the yarn you like (cotton or wool) – as many colours as you like, and a crochet hook that matches the yarn.

DSCF3675

Start: Hekle 5 fm og samle til ein ring med ei kjm i 1. lm.

Start: ch 5, join to a ring with slip st in first ch.

DSCF3676

Rad 1: 4 lm (= 1. stav), 2 st, 3 lm, 3 st i ringen.

(Eg starta alltid omg med 4 lm som første stav. Følte at kanten blei litt meir elastisk då, men det er ikkje sikkert det var heilt nødvendig. Gjer som du vil. Alternativet er 3 lm som første stav.)

DSCF3677

Row 1: ch 4 (= first dc), 2 dc, ch 3, 3 dc in ring

(I started all the rounds with 4 ch (instead of 3 ch) as first dc. Felt it made the edge a little more elastic.)

DSCF3678

Rad 2: 4 lm, 2 st i Første m (siste st på forrige runde), 1 lm, (3 st, 3 lm, 3 st) i lm-boge (hjørnet), 1 lm, 3 st i første stav (4. lm) på forrige rad.

 Row 2: 4 ch, 2 dc in first st (last st on previous row), ch 1, (3 dc, 3 ch, 3 dc) in 3 ch on last row (corner), ch1, 3 dc in first dc on last row.

DSCF3680

Sidan dei første radene er så korte tar eg 3 rader med første farge.

Rad 3: 4 lm, 2 st i første m, 1 lm, 3 st i lm på forrige rad, 1 lm, (3 st, 3 lm, 3 st) i hjørnet, 1 lm, 3 st i lm på forrige rad, 1 lm, 3 st i første st på forrige rad.

Alle radene etter dette blir som rad tre, bortsett frå at det blir fleire og fleire 3 st-grupper ettersom sidene blir lengre. Bytt farge før rad 4.

I made 3 rows with the first colour.

Row 3:  ch 4, 2 dc in first st, ch 1, 3 dc in ch on last row, ch 1, (3 dc, 3 ch, 3 dc) in corner, ch 1, 3 dc in ch on last row, ch 1, 3 dc in last st.

Now you can change to another colour.

All the following rows will be as row 3 – with 1 group of 3 dc more on the two sides for each row.

DSCF3681

Hekle to rader i kvar farge.

Continue with two rows in each colour.

DSCF3683

Hald fram til sjalet er stort nok.

Keep crocheting untill the shawl has the size you want.

DSCF3684

Kanten rundt:

Først ei runde med fastmasker. Start i ringen av 5 lm du laga i starten. 3 lm i spissen.

The edging:

First a row of sc all the way round. Start in the circle of 5 ch you made in the beginning. It’s hard to explain where I make the stitches… hope the photo can help. 3 ch in the point.

DSCF3687

På sidene med stavgrupper heklar eg berre fastmasker i st ikkje i lm. 5 fm i hjørnet.

On the sides with dc groups, crochet sc only in the dc on last row (skip the ch st).

Finish round with slip st in first sc.

DSCF3689

Viftekant:

Start med 1 fm, *hopp over 1 m, 5 st i neste m, hopp over 1 m, 1 fm i neste,* Hald fram med *-* heile vegen rundt.

Shell edging:

Start with 1 sc, *skip 1 st, 5 dc in next st, skip 1 st, sc in next st*, continue with * – * all the way round.

DSCF3620

Trur eg skal ha hugsa det viktigaste no. Berre spør om noko er uklart.

I hope I remembered everything. Just ask if something’s unclear…

mandag 19. juli 2010

Familieferie

Foreldrehuset har vore fullt i eit par veker  - med fleire søskenfamiliar heime og 23 rundt bordet (og i senger, sofaar og madrassar rundt omkring…) på det meste.

No har det stilna, nesten ingen igjen – berre 9…

Her er nokre glimt frå dei siste vekene.

DSCF3591

Tilskodarar på første rad då containeren vart henta.

DSCF3639b

4-åringane drog med seg sakene frå leikehuset ut og hadde piknik på plenen.

DSCF3643

Nintendo er visst ein hit…

DSCF3649b

Biltur til Flø

DSCF3651

Lokal katt passar på.

DSCF3653

På veg til stranda.

DSCF3661

Deilig sand…

DSCF3662b

DSCF3666 

Og litt sying på tampen. Ein ny “rynkekjole” av gamle dynetrekk.

Just a few photos from the last week.

The parent’s house has been full for a couple of weeks. Sibling families on holiday and 23 people around the table (and in beds and on sofas and floors around the house…)

It is more quiet now, only 9 people left.

tirsdag 13. juli 2010

sommarsjal

DSCF3619

Eg er ferdig med sommarsjalet mitt, så då kan sommaren berre komme. Ein dag med over 20 grader er ikkje nok, altså.

DSCF3617

Men vi rakk ein tur på øya, og dei minste fekk bada i det altfor kalde vatnet. Eg hadde meir enn nok med å med å vasse opp til anklane…

DSCF3614

Attende til sjalet:

Eg hekla bestemorstriper til det var stort nok, og hekla ein enkel kant rundt til slutt.

Skal sjå om eg ikkje kan notere ned eit slags mønster etterkvart.

DSCF3622

I finished my summer shawl – and now I’m ready for the summer to start.

A few days with more than 20 C is not enough. The warm weather in Europe has not reached us. We’re on the other side of a cold front…

Still we had a day on the island, and the nieces and nephews could play in the very cold water (sea).

DSCF3624

onsdag 7. juli 2010

PIF

For eit år sidan blei eg med på Pay It Forward-leiken. Dei første tre som kommenterte innlegget mitt skulle få noko heimelaga i posten i løpet av eit år.

Og eg tenkte at det skulle vel ikkje gå eit heilt år før eg fekk noko avgarde… Men det gjorde det altså.

DSCF3529

Det fine symaskinvêret har gjort at eg fekk ta eit lite innhogg i voksduklageret mitt. For det har visst blitt eit lager – eg har hatt planar om å lage mange vesker…

Alle veskene er fora med gamle dynetrekkstoff.

No har veskene komt fram til mottakarane, og er i bruk allereie ser det ut til.

Hos Liv

DSCF3523

 Mille

DSCF3525 

DSCF3510

Og Ida Victoria

DSCF3526

DSCF3515

Eg har også ei turkis veske på lur til neste gong eg treng ei gåve.

Pluss nokre meter med voksduk. Då eg ommøblerte på nokre kasser kom også det grønne voksdukstoffet fram, så her er det berre å velge og vrake i fargar…

DSCF3524

DSCF3512

Resten av det turkise havna på terrasse-bordet og vert vel der i sommar.DSCF3484

Ha ein fin kveld. her vert det vel fotball ei stund framover…

------------------

A year ago I joined the Pay It Forward-game. I thought it should never take me 365 days to get the things out to the three commenters, but it did.

Last week I finally got round to making bag/totes to send.

They have now arrived safely to the reciepients.

The bags are made from oil cloth and with vintage sheets as linings. I still have lots of oil cloth left, so there will be more bags like these…

Have a nice evening.

tirsdag 6. juli 2010

Symaskinvêr…

Ikkje noko badestrandvêr for tida, så då får symaskina svingt seg innandørs.

I går blei eg vekt av niesa som skulle ha sydd bursdagsgåve-puta si (avtalt kvelden før – putesying altså, ikkje vekkinga… ☺)

DSCF3566

Ho fekk velge seg stoff frå mitt lille lager, og vi var stort sett ferdig før lunsjtid.

DSCF3568

 Litt ekstra pynt på baksida.

My niece just turned 7 and as a late birthday present she decided I could make her a pillow. She came and woke me up the next morning so I could start on the job. She chose the fabrics from my litle stash.

DSCF3567

Eg var ute og handla elastisk tråd også igår. Tenkte å prøve “shirring”-teknikken. Veit ikkje heilt kva det heiter på norsk… samansnurping?

Ein liten sommarkjole var “prøvelappen” og neste niese blei mottakar.

DSCF3588

Dette var superenkelt og veldig artig.

Det blir nok fleire slike, når stoffbutikken får inn meir elastisk tråd.

Today I tried shirring for the first time. It was not hard and very fun! Will make more like these as soon as the local shop gets more elastic thread…

DSCF3582

Så må eg berre vise fram den overivrige, flinke orkidéen min. Har ikkje sett maken til blomstring. Den var like ivrig i fjor.

Isn’t my orchid nice? So many flowers.

søndag 4. juli 2010

Samanhekling…

DSCF3416 Tenkte eg skulle vise dykk korleis eg heklar saman rutene på denne puta.

Utgangspunktet er blomsterrutene du finn mønster på her.

Rundt kvar rute heklar eg ei runde med luftmaskeboger. Samanhekling skjer i den runda. Pilene under her viser kvar eg heklar fastmasker. I mellom kvar fastmaske er det 3 luftmasker.

Litt meir utførlig forklaring:

Start ved stjerna, 1 fm, 3 lm, hopp over 1m, 1fm i neste, 3lm, hopp over 3m, fm i neste, 3lm, hopp over 2m, fm i neste, 3lm, hopp over 2m, fm i neste, 3 lm, fm i neste, hopp over 3m, fm i neste, (då er du ved neste hjørne) – repeter rundt heile – avslutt med kjm i første fm.

Når du skal hekle rutene saman heklar du først ei rute heilt ferdig (med lm-boger). Dei andre rutene heklar du saman i lm-bogene.

Skal prøve å vise det med bilder.

DSCF3470

I will try to show you how I crochet these squares together. You’ll find pattern for the squares here. Please note that I crochet a 7th round with white on every square. I crochet 1 sc in every sc on previous round and 3 sc in the corner sc on prev. round.

Round 8 will also be in white. On this round I make ch st loops with sc in between. In this round I crochet the squares together.

See the arrows in the photo above? The arrows points to where i make sc stitches. If your eyes are good you will see that it is 1 (in the corners), 2 or three st inbetween the sc stitches.

Start at the star  * 1 sc, ch 3, skip 1 st, 1 sc in next st, ch 3, skip 3 st, 1 sc in next st, ch 3, skip 2 st, 1 sc in next st, ch 3, skip 2 st, 1 sc in next st, ch 3, skip 3 st, 1 sc in next st, ch 3*     repeat * – * 3 more times. Finish with sl st in first sc.

When you’re crocheting the squares togehter you will only finish one (the first) square like this. The rest of the squares will be crocheted together in the ch loops. Usually in the 2nd of the three ch st.

-------

Start som vanleg i eit hjørne med ei fm.

DSCF3472

Start in a corner with a sc.

---------

Luftmaskeboga i hjørnet heklar du no slik: Hekle 1 lm, 1 lm gjennom hjørnet på ei anna rute, 1 lm, 1 fm.

DSCF3474

The ch st loop in the corner you crochet like this: ch 1, ch 1 through corner loop on another square, ch 1.

-------

Neste lm-boge heklast slik: 1 lm, 1 lm gjennom boga på ei anna rute, 1 lm.

DSCF3476

Next ch st loop goes like this: ch 1, ch 1 through loop on another square, ch 1

-------

Hekle vidare oppover sida på samme måte.

DSCF3477

Continue up the side as in the pattern, crocheting together with another square in all the ch st loops.

-------

I hjørner som dette heklar du slik:

1 lm, 1 lm gjennom ruta til høgre, 1 lm gjennom ruta over, fm

DSCF3478

In corners like this you will ch 1, ch 1 through corner loop on square on the right, ch 1 through corner loop on the square above.

-------

Hekle vidare etter mønsteret, med samanhekling i all lm-boger.

DSCF3479

Continue all around.

-------

Når alle rutene er hekla saman avsluttar eg med ein rad med staver som dette.

DSCF3483

I made a row of dc around the square to finish.