Sider

fredag 24. juni 2011

Sommarferie…

Så kom hurtigruta fram til Kirkenes og vi avslutta skuleåret. Skal seie tida etter påske forsvann fort…

I bakkane ovanfor skulen min held dei på gamle tradisjonar og hesjar graset. Så koseleg å sjå, minner meg om mormor og hesjing på marka hennar.

001

I går var vi på jonsokfeiring på gamleskulen min. Lurvetog (som eg nok ikkje var med på ), kaffi og kaker og mjølkeringe.

Og bål.

008

Og no som det er ferie er det tid til å få gjort ein del i huset. Har ein del punkt på jobbelista: Fliser over kjøkkenbenken, male nokre veggar, vaske uteveggar, male ute, vaske terrassegolv, beise terrassegolv, klippe fleire busker i hagen, grave opp røtter, plante nytt, fjerne skvalderkål… etc…

Eg har ikkje planlagt nokre lengre ferieturar enno.Håpar på litt opphaldsver i sommar slik at eg kjem litt nedover lista mi Smilefjes 

No i det siste har eg og pappa jobba på eit felles prosjekt. De kan få gjette litt på kva det skal bli til slutt…

007

mandag 13. juni 2011

Nesten sommar…

Då er eg klar til å ta fatt på dei siste 7 dagane av skuleåret. Skal bli greitt å kome i normal gjenge igjen.

(Kjenner på arma mi at det har blitt litt mykje hekling og statisk arbeidsstilling i det siste.)

I dag hadde vi faktisk ein smak av sommar, pause frå regnet og ganske varmt i lufta. Meir av det, please…

001

We had a taste of summer today, a break from the rain. More of that, please…

Tomorrow it’s back to work after my sick leave. It will be nice to get back to my class, and it’s only 7 days left of the school year.

And my arm tells me I have done much crocheting lately…

004

Eg har hekla nok av prøvelappar til at eg får ei lita pute. Har også laga nokre lappar i tjukkare garn, så det blir nok ei pute til. Men dei et såpass mykje garn at eg ikkje siktar på å lage noko teppe med dette mønsteret… Millemakes har forresten også prøvd seg på dette mønsteret og har lagt ut ei oppskrift her. Eg lagar lappane nesten slik som ho, men eg har brukt doble stavar på blomstrane.

I have made enough of my dahlia squares to make a pillow. I have also made a few squares in thicker yarn. But these squares eat yarn, so i will not make a blanket with this pattern – I think…

Millemakes have also tried this pattern, she has a tutorial here.

014

Dei siste par dagane har eg hekla sirklar til blomstersjalet mitt. Det har ligge brakk nokre veker no…

Ha ei fin veke!

The last couple of days I’ve been crocheting circles. They are for my Japanese Flowers scarf that has been neglected for a few weeks…

Have a nice week!

onsdag 8. juni 2011

Oppbevaring

Har du også bruk for eit oppbevaringsglas eller to? Og har mange tomme sylteglas liggande? Og treng du ei nålepute av og til også?

Då er dette prosjektet for deg. Via Pinterest komme eg over denne idéen.

Opbevaringsglas_2From Hendes Verden

Dette er bilde frå Hendes Verden i Danmark. Der finn du også oppskrifta.

Eg laga meg eit nåleputeglas for ei stund sidan og brukte ikkje oppskrifta, men berre hekla ei puteform som eg fyllte med vatt og limte fast på lokket.

015

Eg brukte limpistol til liminga og det ser eg ikkje var så lurt. Det løsnar lett frå lokket. Så eg må nok fikse det med skikkeleg lim…

018

------------

This is a good idea I found on Pinterest. It’s from the Danish Magazine “Hendes Verden”.

mandag 6. juni 2011

Tid for frisørbesøk?

Velkomen til Raudøya Frisør- og Beautysalong!

No som sommaren (og varmen?) nærmar seg er sauane klare for å få av seg all den varme ulla. Så på fredag åpna vi ein enkel frisørsalong der ute.

011

Den gamle ulla løsnar av seg sjølv etterkvart (for det meste) så vi klippar ikkje, vi nappar ulla av. Det luggar nok litt av og til, men det må til. Nok av einebusknåler og anna rusk i fellen no. Hos nokre hadde ulla tova seg litt også.

013

019

Nokre av sauane hadde starta med sjølvfrisering også.

016

Sjefen sjølv, Bagheera, var litt skeptisk til heile greia. Hadde liksom ikkje frisørbesøk lagt inn i planane sine. Han blei fanga til slutt, men ulla på han satt såpass fast at han fekk utsatt friseringa si til litt seinare.

015

Lamma trengte ikkje frisering og var i “barnehagen” på andre sida av gjerdet så lenge.

024

027

Dei kjende igjen mamma etterpå sjølv om ho hadde fått ny sveis.

020

Det var eit par andre sauer som også ikkje blei heilt ferdige med friseringa denne gongen. Dei ruslar rundt med litt rar sveis så lenge…

028

Men ellers var kundane fornøgde.

034

038

We opened up a little hair dressing salon this weekend. It was time to remove the winter wool from my father’s sheep. On most of the sheep we can just pull the wool off. But on some we have to use the scissors later.

onsdag 1. juni 2011

Hekleblomst

Vil de prøve å hekle ein blomst?

021

(Sidan 17. mai er over for denne gongen lagar eg ein litt meir sommaraktig blomst også.)

Would you like to make yourself i litle flower? Just find some yarn and a crochet hook that goes with it.

I’m using US terminology here. ch = chain, st = stitch, sc = single crochet, ss = slip stitch, hdc = half double crochet, dc = double crochet  (Follow the link to pages explaining the stitches.)

011012

Runde 1: Begynn med ein “magisk ring” – hekle 12 fastmasker, 1 kjm i første fm, stram ringen etterpå.

Round 1: Start with a magic loop. Make 12 sc, 1 ss in first sc. Tighten the ring.

013014

Runde 2: 4 lm, hopp over 1 fm, fm i neste m, 3 lm, fm i andre fm, etc. rundt ringen. Slutt med kjm i første lm.

Round 2: ch 4, skip 1 sc, sc in next st, ch3, skip 1 sc, sc in next st, repeat all the way round. End with ss in first ch.

015016

Runde 3: 1 lm, * 1 fm, 1 hst, 3 st, 1 hst, 1 fm* i kvar lm-løkke. Slutt med kjm i første lm.

Round 3: ch1, * 1sc, 1hdc, 3dc, 1hdc, 1sc* in every ch-loop. End with ss in first ch. You now have the first row of petals.

017018

020021

Runde 4: Klar for ny farge! Hekle ei fm rundt ein av stolpane  (fastmaskene) frå runde 2. Hekle 5 lm, fm i neste stolpe heile vegen rundt. Slutt med kjm i første fm.

Round 4: New colour for the next row of petals! Start with making a sc rround one of the sc in row 2. Ch5, sc around next sc. End with ss in first sc.

023025

Runde 5: 1 lm, *1fm, 1hst, 5st, 1hst, 1fm* i kvar lm-boge. Slutt med kjm i første fm.

Round 5: Ch1, * 1 ch, 1hdc, 5dc, 1hdc, 1sc*

026027

Runde 6 og 7: Nesten heilt lik runde 4 og 5, men med litt større kronblad. Hekle fm i dei rosa stolpane, 7 lm i mellom. Kronblada er * 1fm, 1hst, 7st, 1hst, 1fm*.

Round 6 and 7: Allmost the same as round 4 & 5, but with slightly larger petals. Crochet the sc in the pink sc as you see on the photo. Each ch loop is now 7ch. The petals in round 7 is * 1sc, 1hdc, 7dc, 1hdc, 1sc*.

035036

No kan du halde fram med å lage så mange runder du vil. For kvar runde med “kronblad” aukar du antal lm i bogane med 2, og heklar 2 fleire stavar i kronblada.

You can now make as many rows of petals as you like. For each new petal row you wil increase the ch loops with two st, and make two more dc in the petals. Do you understand?

037040

I midten av blomsten kan du pynte med ein stor knapp, eller ein liten hekla ball. (Eller ingenting) Slik heklar eg ballen:

Lag ein “magisk ring”, hekle 6 fm i ringen (stram). Hekle 2 fm i kvar fm (no har du 12m). Hekle 1 fm, 2 fm i neste heile vegen rundt (no har du 18m). Hekle 2 runder med 18m. Hekle 2 saman heile vegen rundt (no har du 9 fm). Fyll litt vatt i ballen og sy igjen åpninga.

Decorate the middle of your floweer with a button (or nothing) or you can make a little crochet ball like this:

(You will not end every row with a ss here so keep track of were you start each row. Use st markers if you need – I prefer to just count the st since the ball is so little)

Start with a magic loop. Make 6 sc in the loop. Make 2 sc in every sc of last round (12 sc). 1sc, 2sc all the way round (18 sc). Make two rounds of 18 sc. Crochet two sc together all the way round (9 sc). Fill your ball and use a needle to close it. Attach it to you flower.

043044

Sy ballen fast i midten av blomsten og sy fast ei nål på baksida. Fest blomsten på jakka di (eller veska eller hatten eller…)

Sew a pin to the back of your flower. Put your flower on your jacket or your bag or your hat or…