tirsdag 3. mars 2009
Sylvi og knappesnop
Ferdig
fredag 27. februar 2009
God fredag
Ekstra god fredagskveld i dag. Vinterferien står for døra.
Blei eg ferdig med Sylvi spør du kanskje? Nei…
Men dei eg skal besøke i Oslo skal ut i selskap, så då kan eg sitte heime hos dei og montere og strikke ferdig så lenge. Eg skal nok få ho i bruk.
Og siste lengderapport etter litt damping av ryggen viser at jakka blir lang nok :)
(Og ikkje for lang får vi håpe.)
Satt og kikka i eit koseleg svensk blad før i veka. Her har de nokre fine bilder frå “Drömhem og trädgård”.
Fin vårstemning med slike fargar.
Dette var ei annonse for maling, men det var litt kult med turkis piano.
I allmost finished with my Sylvi. Hope to have it all done this weekend.
The last photos are from a swedish magazine: “Drömhem og trädgård”.
Half term next week and I’m going to Oslo.
Have a nice week end.
torsdag 26. februar 2009
Litt moro på ein torsdag
Vi må leike litt av og til, ikkje sant? Så når eg kjem over sider som photofunia må eg berre leite fram bildene mine og prøve meg fram.
De visste kanskje ikkje at eg har ei fortid i Azkaban?
Trur kanskje eg skal overlate forsidene til modellane,eg…
Men hekleriet mitt som puslespel, det var fint.
Kanskje litt vanskeleg å pusle?
“Ja, det var slik eg såg ut før eg tok eit par operasjonar”
Anna likar seg på galleriet.
Playing with my photos. Photofunia
tirsdag 24. februar 2009
Ute av trening
Eg rakk eit par skiturar i helga, berre 2 år sidan sist. Trur ikkje vi kan telle med påsketuren i fjor då vi gjekk oppe i marka ovanfor huset…
Armmusklane mine er ganske ute av trening kjende eg, kanskje nesten fråverande. Synd at ikkje strikking bygger musklar av det slaget. For no strikkar eg alt eg får tid til. Hadde tenkt å få ferdig Sylvi til vinterferien neste veke, slik at eg kan sprade rundt i Oslo med den på :) Eg er ferdig med ryggen, ei arm, og nesten begge frontdelane. Kanskje det blir nokre lange kveldar.
Snø- og isskulpturar på Hovden.
Her er ein fantastisk video som eg snubla over. Tenk kor mykje arbeid som må ligge bak.
torsdag 19. februar 2009
Gul torsdag
Eg måtte leite litt etter dagens farge. Gult vart verre å finne enn blått.
(Tenkte eg skulle unngå å leite i stofflageret, der finn eg det meste).
Men det dukka opp noko til slutt.
Nokre få knappar
Ei av HP-bøkene
Og så var det kanskje ikkje så dumt å ta oppvasken likevel…
Dei siste tre fargane (oransje, lilla og svart/kvitt) må nok vente til søndag.
Eg reiser til Hovden i morgon, og der vert det litt skiturar. Håpar også å få gjort ein del på Sylvi der.
Ha ei god helg.
---------
Today’s colour is yellow. I found a few yellow things at last…
I’m going skiing this weekend. I’m hoping for some sunshine. Have a nice weekend.
onsdag 18. februar 2009
Fröken Skicklig
Fröken Skicklig lagar dei nydelegaste dokker og andre koselege saker.
Denne God morgon/God natt-dokka likar eg spesielt godt :)
Ho har også ein blogg og akkurat no har ho ein februar-“give-away”.
Snart åpnar ho butikk på Etsy.
Ta ein tur innom.
Fröken Skicklig makes lovely dolls, and she’s having a give-away right now.
Take a look at her blog.
Grøn onsdag
Eg gjekk glipp av dagslyset i dag, så eg tok eit lite dykk ned i bildemappene mine etter grøne motiv. Og eg fann ein del :)
Eg likar grønt, og snart er det vår!
Vårskoa mine, inne og ute.
Loppefunn
Sommardagar på Raudøya.
Vesker
Denne kålveska er frå vår-08 nummeret av Marie Claire idées.
Strikking og hekling
Rundtomkring
Today’s colour is green. I dived into to my folders looking for photos with green motifs. I found a few, from here and there… I like green :)
tirsdag 17. februar 2009
Blå tysdag
Blå er fargen i dag. Og sidan eg veit at eg ikkje har så mykje blå ting heime tok eg ei runde med fotoapparatet på jobb.
Her heime er det mest turkis og litt lyseblått – bortsett frå dongeribuksene mine. Her ser de ein kjole eg fann på bruktbutikken i går (fann to til også, men dei får eg vise fram seinare) og litt vinduskarmpynt.
The colour today is blue. I don’t have many blue things at home (mostly light blue and teal), so I looked around at work.
The two last photos are from my home. I found the dress at the thrift shop yesterday.