Så måtte vi finne fram støvlane igjen. På julegåvehandel i dag var det det mest fornuftige å ha på beina.
Bra at eg har så fine støvlar, då…

Eg kom meg litt nedover lista, men det er heldigvis nokre dagar igjen før gåver bør sendast i posten.
I ettermiddag har eg kika i gamle fotoalbum. Leita etter bilder som eg ikkje fann, men eg fann derimot mange andre motiv.
Alle dei fine strikkajakkene vi (eg, sysken og alle dei andre på den tida) hadde før.
Takka vere farmor og mormor og tanter.

Nokre av jakkene veit eg fins her i foreldrehuset ein stad enno, men andre har forsvunne.
Eg får lyst til å kopiere og strikke alle, – nesten…
Legg de forresten merke til genseren bror Elias heilt til venstre har på seg?

Det er visst genserversjonen av juletre-hua eg strikkar på no. Artig!

Lys er Merete sitt ord for i dag. Og no i desember har vi lys overalt. Antalet julelys rundt omkring har auka voldsomt dei siste åra.
Frå å ha ei enslig stjerne i vinduet (som når vi var små) har vi no lys her og der, inne og ute. Og for det meste synest eg det er koseleg. Sjølv om eg kanskje meiner det kan bli noko for mykje enkelte stader…
No på mandag er det Luciadagen, med feiringar i skuler og barnehagar. Eg fann eit bilde av dette også i fotoalbumma. Eg vaks opp på ein folkehøgskule og der fekk vi lærarungane gå i Luciatog og vekke alle elevane tidleg om morgonen 13. desember. Dette bildet er frå 1977, sidan vi er på veg inn i stova vår får eg gå fremst (sjølv om eg ikkje Lucia). Stor stas!

----------------------
Still raining today. And rather wet outside. So I had to take out my pretty buttonboots again to do some Christmas shopping.
And I’ve been looking in old photo albums today.
I was looking for a photo i didn’t find, but found many other motifs of course. All the knitted cardigans and sweathers we had before. (Knitted by grandmothers and aunts). I want to copy and knit them all…
And look – one of my brothers is wearing a sweater with the tree motif like the hat I’m knitting right now.
