onsdag 31. mars 2010

God påske!

Eg kom forbi eit hus som skulle tømast i dag. Mange ting skulle ut. Dei finaste møblane hadde nokon sikra seg allereie, men eg fekk med meg nokre småting.

DSCF2618

Vi har bryllup i familien i påska, og eg har handla ingrediensar til bryllupsostekake i tre etasjer i dag. Det vart ein del (og litt ekstra for å vere sikker på at vi har nok av alt). Med all helgedagane kan vi ikkje ta nokon sjanse.

Dei neste dagane vert nok fulle av ordning og slikt. Skiutstyret skal nok få ligge i fred (slik det har gjort i heile vinter… kremt…) Her inne vert det også stilt.

1aaabirdeggcardgfairy1

Ha ei strålande påske!

eastergirlgfairy006

We’re having a wedding in the family on Saturday, so today I was doing some shopping for making cakes on Friday.

Still I had time to do some thrifting too. Some people were emptying a house, and was allmost giving things away.

I wish you all a happy Easter!

mandag 29. mars 2010

Eit lite teppe

DSCF2596

Endeleg har symaskine vore i aksjon igjen. Eg har laga ei forseinka dåpsgåve til minstenevø.

Eg gravde litt i stofflageret og fann fram til ei fin blanding. M.a. det kule bilstoffet frå Japan (Echino).

Dama på stoffbutikken tipsa meg om lim på boks. Det var fiffige saker. Eg slapp å dille med hundre sikkerheitsnåler under quiltinga. Berre spray på og stofflaga sit fast – og limet forsvinn av seg sjølv etter ei stund.

DSCF2612 

Eg klatra opp på bordet for å få mandagsbildet mitt…

DSCF2600

Og her er heile teppet.

DSCF2603 

Lillemartine-stoffet var ikkje heilt det beste for baksida. Det strekte seg ein smule under quiltinga. Men alt i alt blei det ganske beint.

DSCF2606

Og sjølvsagt har eg merkelapp for tanteprodukta…

DSCF2609 

Eg prøvde meg med lukkekant i mange fargar denne gongen. Neste gong skal eg måle og planlegge litt betre, slik at det ikkje blir berre 2 cm av ein farge på slutten.

--------------------------------

 I made this quilt for my youngest nephew.

lørdag 27. mars 2010

DSCF2584

Fine fargar og fine mønster = fine stoff.

Eg har ikkje noko imot å ta over andre sine avlagte sengeklede. Sjølv om enkelte er ganske tynnslitte nokre stader… Kan dei ikkje brukast til sying kan dei heilt sikkert brukast som materiale når eg får opp vevstolen min ein gong.

På bruktbutikken i dag fann eg eit par gamle rammer. Dei er fine til familiebilder og slikt har eg tenkt. Den eine ramma var litt spooky. Ser de avbildinga etter brudebildet som ha vore inni?

I got some old bedsheets from a collegue of my mother. They were quite worn thin some places, but I can allways use them one way or the other…

I also found a couple of old frames at the thrift shop. One was a little spooky. Can you see the “print” of the wedding photo that used to be in frame?

DSCF2590

Eg strikkar “armar” til å ha attåt finekjolen min. Bryllupet den skal brukast i er på laurdag, så det er jammen bra at eg er nesten ferdig.

I’m making a shrug to go with the dress I’m wearing at my brother’s wedding next saturday. Allmost done.

DSCF2437 Og så noko søtt til slutt. Vi har “laga” ekte kyllingar på skulen. Sååå søte, og nesten alle torde å halde dei. No har dei flytta heim til hønsehuset sitt.

And at last; look at these cute chicks we “made” at my school before easter.

chick

DSCF2550

onsdag 24. mars 2010

Onsdagsvideo

I dag vil eg vise dykk ein video eller to.

Eg blei tipsa om denne av ein Ravelry-ven frå USA.

Fascinerande med slike videoar der ein berre kan ane arbeidsmengda bak.

Sjekk også ut videoen om prosessen bak.

Ha ein fin onsdagskveld. Snart helg igjen :)

tirsdag 23. mars 2010

blogstuff

Eg har plassert bloggen min i Ørstanorske bloggkart!
Bloggurat.



Nå har eg registrert meg på Bloggurat.

Bloggurat
Jeg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.

Pip-pip how-to

 Her følgjer ei skildring av frangangsmåten for å lage tova påskekylling i eggeskal. Mange, mange bilder…

Here is how to make a little chick for Easter.

DSCF2492DSCF2493

Start med eit lite gult nøste. Pakk det inn i nokre flak med gul ull.

Start with a little ball of yellow yarn (this is to save wool). Cover it with wool.

DSCF2495DSCF2498

Tov til det blir ein fast ball. Rull den litt slik at formen vert oval. Skyll ut såpa og skvis ut vatnet.

Felt with luke warm water and soap until a firm ball. Roll it to make the oval shape. Rinse out the soap.

DSCF2501DSCF2502

Trekk ut ein liten spiss til nebb.

Pull out a little bit for a beak.

DSCF2513DSCF2514

Klipp ut ein mal til eggeskal av ein gammal melkekartong. Pakk den inn i kvit ull. Tov til ulla er fast rundt malen. Skyll og press ut vatn.

Cut out an egg shape of a old milk carton. Cover it with white wool. Just a couple of thin layers. Felt until felted.

DSCF2516

No skal egget åpnast. Klipp i sikk-sakk-form.

Cut the egg in two halves. This is a job for grown-ups!

DSCF2517

Du kan berre klippe i malen.

DSCF2518

Sett kyllingen opp i den eine eggeskal-delen. Er “skalet” litt for lite kan du presse det litt utover medan det er fuktig.

Put the chicken inside on of the halves. If it is too small you can make it a little bigger while the wool is still wet.

DSCF2520

Mal på oransje nebb og svarte auger.

Use paint to make the orange beak and black eyes.

DSCF2522

Pip-pip, no er du ferdig.

Ta-da! You have a chick.

mandag 22. mars 2010

Pip-pip-pip

 DSCF2483

Vi har laga kyllingar i klassa. I gul ull. Tova rundt eit lite gult nøste – så slapp vi å bruke så mykje ull.

Sjå eige innlegg med oppskrifta. Det blei så mange bilder…

DSCF2481

I rugekassa på skulen pip det også. Der er verkelege kyllingar på veg ut av skala sine.

DSCF2478

-----------------------

We made easter chickens with my class. It’s really easy. See next post for a tutorial.

Smelting

I den siste veka har snøsmeltinga verkeleg fått fart på seg. Vi får håpe at det ikkje kjem meir påfyll av fersk snø. Slik såg det ut før regnveret tok til for ei veke sidan.

DSCF2428

Det siste takraset hang fast i haugane på sidene, og så ramla det ned ei boge og laga den fine portalen.

No har skavlane minka, og vegane er tørre.

Snart kan vi kanskje finne fram småskoa. Då får nok eg vårkjensla fram.

Eg hadde mine fyrste barneår i Finnmark – der vi ikkje nødvendigvis hadde så mykje snø, men den som var der låg lenge. Framfor inngangsdøra hadde vi skiferheller og på grunn av måking smelta snøen først der.

Eg hugsar enno den fantastiske kjensla den første gongen etter vinteren då eg kunne ta på meg småsko og hoppe på skiferhellene. Lyden av harde sålar mot steinane…

Kva får vårkjensla fram hos deg?

Og no som gradene kryp oppover må eg legge vekk dunjakka (litt motvillig for ho er så varm og god), men hurra!, då kan eg finne fram Sylvi-jakka i staden.

DSCF2489c

Bench Monday nr 11

-----------------

The snow is melting! If we’re lucky we’ll not get any more fresh snow.

And maybe I can start using my summershoes soon.

 

søndag 21. mars 2010

Fargerik mat

Fargerik mat = mykje antioksydantar. Er det ikkje slik det er?

Her skal de få eksempel på mat med juksefargar og lite av sunne saker…

DSCF2473

Regnboge-muffins 

DSCF2477 

Vi hadde besøk av ein nevø i helga, og måtte då sjølvsagt lage muffins. Og så fekk eg lyst til å prøve geléfargane mine.

Eg laga først ei vanleg lys muffinsrøre.

Så hadde eg røra i seks mindre skåler og blanda ut regnbogefargane så godt eg kunne. (Den blå vart litt for turkis, og den lilla litt for brun på bildet her.)

DSCF2447 

Her må de ha skikkelege geléfargar. Dei gir veldig bra farge med små dosar – utan å tynne ut røra.

DSCF2448 

Så var det berre å dosere ut i koppane. Ei teskei av kvar farge.

DSCF2456

Slik blei dei med lilla på toppen.

DSCF2454

Her la eg brettet på skrå og starta med lilla nederst. Det ga ein ganske kul effekt.

DSCF2476

Og til slutt ei sky med ostekrem.

Nam!!

Og mellomstesyster og eg har no fått ein god idé om korleis vi kan lage vulkanmuffins ein gong seinare…

…Vi har kome eit stykke lenger enn dei grønne pannekakene frå speidarleirar i gamle dagar…

PS. Geléfargar har dei fleste som selger kakebakeutstyr no for tida. Sjå i avdelinga for muffinsstash. Og ja, det ser litt spooky ut å ete dette. Men fargane er for matvarer så då er det ok (dersom du ikkje er allergisk.)

---------------------

I made rainbow cupcakes with my nephew yesterday. It’s relly easy, and a lot of fun – to make and eat.

You just need good gel food colours.

I used a recipe for vanilla cupcakes, divided the batter in six. Mixed in the colours and put one teaspoon of each colour in the cups.

And a cloud of cream cheese frosting on the top.

onsdag 17. mars 2010

Onsdagstonar

Tid for litt musikk igjen.

Sidan eg ikkje har noko strikka å vise fram akkurat no, og sidan det er onsdag, og sidan det er så mange fine tonar der ute…

Litt frå Ingrid Michaelson i dag.

Må vist sjekke ut det nye albumet hennar.

A couple of nice songs for you today. Since it’s Wednesday…

Frøken fargerik

DSCF2415b

Fekk spørsmålet frå ein passerande andreklassing her på mandag:

“Likar du å vere fargerik?”

Ja, på mandag var det visst ingen tvil om det.

(Er det litt for mykje?)

Mandag-på-benken-bildet (Flickr-gruppa her) knipsa på klasserommet denne veka. Tid for foreldrekonferanser.

* Og eg håpar på ein “date” med symaskina snart. Har mange planar; lappeteppe, vesker, sy ferdig 2 skjørt, fleire vesker… Det må vere tid for vår snart sidan lage-veske-viruset begynner å melde seg…

lørdag 13. mars 2010

Talent

Som stolt tante må eg få legge vekk strikkepinnane litt og reklamere for nest eldste tantebarnet mitt. Og for “lillebror” som også gjorde seg ganske godt på TV.

Vi følgjer spent med på serien vidare.

------------

This is my niece (12). She’s taking part in Norske Talenter (Norway’s got Talent). We’re all very proud!

mandag 8. mars 2010

Der var kaker…

DSCF2375

Eg var i barnedåp til minstenevø i helga. Fest i to dagar, og nok av god mat – og kaker…

DSCF2376

Hmmm… Har ikkje vore så veldig svolten i dag.

DSCF2328

Mykje familie samla og søskenbarna koste seg saman.

DSCF2378

I følge 4-åringen smakar rosa og lilla Non Stop best.

DSCF2382

Eg var fornøgd med ny kjole etc frå Noa Noa :)

DSCF2366

Do I look fat in this … coffee pot?

******

Takk til dei som stelte til festen!

---------------------

It was my nephew’s cristening this weekend. Lots of family together, and good food – and cakes…

onsdag 3. mars 2010

Ei slags oppskrift

Frå søskenbarnavdelinga av slekta har eg fått spørsmål om oppskrift på Star Wars-huene mine.  Så eg kan vel ikkje anna enn å notere ned kva eg gjer…(hi hi…)

Eg har brukt Free Style frå Dale, og strikkar på pinnar nr 4. (Sånn omlag 22 masker pr 10 cm.)

Eg har brukt forskjellig maskeantal på huene eg har laga, 100-105-110. Vi har store hovud i familien…

DSCF2061

 Star trooper-hua har 105 masker

Legg opp på pinne 3,5 mm 100 masker med koksgrå (eller ein annan grunnfarge). Strikk 2 rett, 2 vrang i ti omg.

Gå over til pinne nr 4 og glattstrikk og auk evt. samstundes til 105 eller 110 masker.

No startar mønsteret. Her kan du velge fargar sjølv. Eg har funne mønsterdiagramma her. Eg har modifisert dei ein smule, for å passe med antall masker. Men sidan skaparen har copyright, kan eg ikkje legge dei ut her. De får skrive ut diagramma og kikke på bilda mine for å sjå kva eg har endra på.

Fleire Star Wars-mønster finn de her.

StarWars1 R2D2 nr 1 har berre 100 masker – vart nesten litt trang

DSCF2282

R2D2 nr 3 – 100 masker – passa til ein 5-åring

Etter 35 omg med mønster startar fellinga. Fellinga skjer på 5 stader – i mellom lyssablane. Eg strikkar berre starten på lyssabel-mønsteret (det grå). Laserdelane i raudt og blått syr eg på med maskesting til slutt.

Felling:

- Strikk 1, strikk 2 m saman, strikk 15 m, ta 1 m laust av som den skal strikkast r, 1 r, løft den lause m over,

Denne fellinga gjentek du 4 gongar (5 fellingsstader til saman).

- Strikk 1 omg utan felling.

- Ny omg med felling. Denne gongen med 13 m i mellom fellingane.

- Fell slik annankvar omg til du har 20 m igjen.

- Siste omg med felling er slik: Strikk 1 m, ta dei to neste laust av (som om dei skal strikkast saman), strikk 1 m, løft dei to lause m over. Gjenta 4 gonger. No skal du ha 10 m. Klipp av tråden, tre igjennom maskene og snurp igjen åpninga.

Fest alle trådar – og då burde du ha ei hue klar…

tirsdag 2. mars 2010

Tape - teip


Eg er jammen ikkje sikker på skrivemåten lenger. Men eg tenker på den typen tape/teip med lim på...
Eg har sett fleire som brukar japansk maskeringstape (papirtape) i diverse hobbyprosjekt.

Tape frå Japan, du... Det er vel noko ein har behov for...

Ja, men så er det slik at desse taperullane kjem i alle slags fargar og mønster...
- og så fann eg ein nettbutikk ...
Ja, de skjønar teikninga?

No må eg berre finne eit fint prosjekt å bruke litt teip på...

PS: De kan sjølvsagt finne mange butikkar der ute som sel desse. Berre søk etter "japanese masking tape".

Her er nokre glimt av kva andre Flickr-folk brukar taperullane sine til:

-tape-

1. happytape: japanese masking tape package gift wrap, 2. 11.11.09 : happy tape, 3. MT masking tape by Kamoi Kakoshi Co. Ltd, 4. Clothespin + Tape 2, 5. Holiday Cards with Buttons, Tape & Twine, 6. japanese masking tapes, 7. Decorate Envelopes With Japanese Masking Tape, 8. wrapped beautifully, 9. happytape envelopes, 10. Happy Tape Cans, 11. Wrap Up Gifts And Decorate In Style With Japanese Masking Tape, 12. Holiday Cards

------------


I have tape. I've seen people using Japanese masking tape, and thought I had to try it.

If I can find a deserving project...
(On Flickr I found some inspiration.)
The tape does look lovely on its rolls too...
post signature

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails