søndag 19. juli 2009

Heklekorg

Inne hos the Purl Bee kan de finne oppskrift på ei enkel heklekorg. I oppskrifta er ho meint til oppbevaring av garn. Eg hekle korga i tynnare garn og mindre heklenål og fekk ei korg som ikkje har plass til så mange garnnøster.

DSCF0774

Men den kan passe bra som godteskål tenkte eg… Så då gjekk eg på handletur. Twist og lakriskonfekt, mmmm…

 DSCF0779

Takk for alle Twist-kommentarar forresten. Godt å sjå at vi alle har forskjellige favorittar. No på søndag formiddag er det ikkje så mange Twistbitar igjen.

Som venta er det Banan, Cocos, Caramel og Nougat Crisp som ligg der nesten aleine. Men eg kjenner at dei ikkje kjem til å ligge der særleg lenge…

--------

I made this crocheted stash basket, pattern from the Purl Bee.

I made it with thinner yarn and smaller crochet hook, so my basket ended up much smaller than the one in the pattern. Not room for much of my yarn stash – it ended up as a basket full of choclate and sweets… That’s ok too :)

fredag 17. juli 2009

T

Tema for bokstaven T dukka plutseleg opp medan eg skulle fotografere noko anna (meir om det seinare). Eg var innom butikken og handla litt kos til fredagskvelden. Og der har vi T-en.

Twist

DSCF0786

Det vel nesten ingen som ikkje veit kva det er, men eg kan vel likevel sitere litt frå Wikipedia:

“Twist er en konfektblanding produsert av Freia/Kraft Foods. Twist selges i poser, som inneholder innpakkede konfektbiter av forskjellig slag. Navnet kommer av måten bitene pakkes inn i papir, noe som var en nyvinning da Twist ble lansert. Innholdet fornyes stadig, og biter kommer og går. Lakris og Cocos er nå de to eneste bitene som har vært med helt siden starten.

Twist ble lansert i Norge i 1957 og ble raskt populært.”

DSCF0785

På Wikipedia finn du også ei liste over alle konfekttypene som har vore i posane gjennom tidene.

Over til det viktigste. Favorittbitane.

Her har du mine:

DSCF0788 

Daim, Marsipan, og Sjokoladekaramell.

Også dei som er minst favorittar:

DSCF0789

Cocos og Banan.

Men eg kan like alle. Særleg når botnen på sjokoladeskåla nærmar seg…. :)

T

Fleire innlegg om T finn du her.

Frå Shabby til Chic

Den gamle krakken frå farmor sitt kjøkken er vel trygt det ein kan kalle shabby. Han har gjort jobben sin i vel 60 år. Den blei litt mindre shabby etter ein grundig vask, men toppen er likevel ikkje særleg fin.

DSCF0761

DSCF0762

DSCF0763

Godt inspirert av Wood & Wool Stool fann eg fram heklenål og garnnøster. 

DSCF0771 Etter litt meir enn ein kveld var kjempebestemor-ruta med litt ekstra kantpynt ferdig.

 DSCF0769

No kan den vel kallast Shabby Chic?

DSCF0768

This old stool is from my grandmothers kitchen. It been in use for 60 years, so it was quite shabby when I got it. A bit of washing helped, but the top didn’t look nice.

Inspired by Wood & Wool Stool I took out my yarn and crochet needle. A giant granny square and a little fancy edging did the trick.

Can we call this Shabby Chic now?

onsdag 15. juli 2009

Pay It Forward

Her i bloggverda er Pay It Forward ein fin “leik”. Eg var inne hos Olava og meldte meg på.

Det heile går ut på at du får ei gåve av den du melder deg på hos og du skal sjølv sende ei gåve til dei tre første som melder seg hos deg.

Gåvene må sendast avgarde innan eit år. Så dersom du vil ha noko eg har laga – og vil glede nokre andre, så kan du legge att ein kommentar her. Dei tre første (som fyller krava under her) blir med.

Håpar nokon vil vere med på “leiken”, så kan eg fundere litt på kva eg skal lage :)

990265-143

Du må oppfylle desse 3 krava for å vere med:


1. Du må ha eigen blogg, så alle kan sjå kva du sender og kva du får.

2. Du må ha lyst til å glede andre.

3. Du må sende dine eigne 3 gåver avgarde innan dei neste 365 dagane.

søndag 12. juli 2009

Innesyslar

Kan vi få litt meir vind, takk. Helst av den austlege typen ca. Slik at skodda kan blåse vekk – attende til havet….

Ser nesten ut til at ho kan forsvinne i dag, det tar berre litt for lang tid.

I alle fall har eg fått brukt symaskina litt no som sola har tatt pause (men det har nesten ikkje regna her ).

veske  

veske inni

Ei lita veske som var premien i 2 årsbursdags-trekkinga mi. Det rosa foret her er forresten eit gammalt dynetrekk.

kjole

Bursdagskjole til Oda, 6 år. Litt hekling og litt sying.

Det raude stoffet her er forresten også eit gammalt dynetrekk.

kjole2

kjole3 

Og så har eg vore på shopping i butikken til Tante Mimmi. Ho lagar nydelege ringar av gamalt porselen. Denne rosa fall eg for. Og ringen kjem i ein nydeleg pose som også er gjenbruk.

ring

pose

Ha ein fin søndag. No skal eg ut og blåse vekk skodda.

(Fornøgd no, Silje?)

------------------------------------------------------

Not so much sunshine these last days, so I’ve been using my sewing machine again. The bag was the price for my blog birthday give away.

The dress was a birthday gift for my niece. A little bit of crochet and fabric from an old bedsheet.

And I have visited this shop. (Only in Norwegian) Tante Mimmi makes rings from old plates. They’re rally lovely.

Have a nice Sunday.

lørdag 11. juli 2009

Sss

Eg treng berre ta ein liten sjekk i hyllene mine (eller kassene akkurat no) så ser eg lett kva S-en bør stå for.

Stoff – og då meiner eg tekstilar altså.

Etter at eg fekk symaskin, og oppdaga nettbutikkar har stofflageret ekspandert ein smule (liten understatement her…)

stoff3

Det er så mange flinke designerar der ute, og stadig kjem dei med nye kolleksjonar som er endå finare enn dei siste…

stoff4

Eg må nesten sitte på kredittkortet slik at ikkje stoffsamlinga veks heilt ukontrolert. Heldigvis får eg brukt litt stoff også innimellom. Til vesker og tepper og slikt.

stoff

Eit langt billegare alternativ til vanlege stoffbutikkar er sengekledehyllene i bruktbutikken. Eg tar gjerne med meg eit artig dynetrekk eller to. Det har blitt til både skjørt og kjolar hos meg.

stoff5

Fleire innlegg om S finn de her.

S

mandag 6. juli 2009

R

R for Raudøya.

Ferieøya vår.

r2 

Der ein kan hekle på stranda med verdas flottaste utsikt.

r3

Der vatnet sjeldan har 20 grader, men det går an å bade likevel. Og vi renskar vekk tang og tare kvart år.

 r5

Der det er spennande å helse på lokalbefolkinga.

r6

Der det er godt å vere.

r7

Meir om R her.

[R.jpg]

R is for Raudøya, the name of a small island nereby. We have a summerhouse there, on the old farm where my grandmother grew up. My father keeps sheep there.

Sommarsandalar

Sidan eg er så glad i hekling måtte eg fikse meg sandalar som matchar hobbyen.

Korleis gjer ein det?

Finn eit par billige flip-flop-sandalar. Eg kjøpte eit par på Nille for nokre få kroner og fjerna nellikpynten som var der frå før…

0707 005

Finn fram litt bomullsgarn og lim det rundt stroppene. Eg brukte kontaktlim på eine sida og surra så tett eg kunne. Det tar litt tid, men når sola skin så gjer det ingenting. Hugs å ta lim på eit lite stykke av gongen, det tørkar fort i varmen.

0707 007

Dei blir faktisk litt betre å bruke med bomullstråd rundt stroppene. Bomull er mjukare og mindre klamt enn plast.

0707 006

Så må du hekle nokre små blomster til pynt. Hos meg blir det sjølvsagt mange fargar…

0707 010

Då har vi alt vi treng.

0707 009

Ein klatt lim under kvar blomst, og fest dei med klesklyper til limet tørkar.

0707 013

Ta da!! Sommarfriske sandalar. Trur eg hadde gjort meg bra som hippi!

0707 016

This is my new flower flip flops. They’re really easy to make. You need a pair of flip flops, glue, and some yarn. First apply glue to the straps (an inch at a time) and wrap yarn around them. Work towards the toe.

Make some flowers in the colours you like.

Glue the flowers to the straps.

fredag 3. juli 2009

På marknad

Eg var på marknad på laurdag, der fleire selde gamle saker. Ei dame hadde dette serviset til salgs. Eg har sett slike koppar på Fretex av og til, men ikkje alle fargane på ein gong.
Og fine var dei, og til og med billegare enn på Fretex, så...
Eg hadde faktisk nokre bursdagspengar (eller julegåvepengar - alt etter som) liggande så då slo eg til.
Spørs om eg tør å bruke det...
Og litt lenger borte fann eg meg ein skikkeleg reiseradio ( sidan Reiseradioen er favorittprigrammet no om sommaren...)Og han virkar også.
Det var ein fin marknadstur syns eg :)
This is what I bought at the market last Saturday. The old radio still works and pastel cups & plates are just lovely. I've never seen the full set in any thrift shops before, so I just went ahead and bought it when I saw them on one of the market tables :)

onsdag 1. juli 2009

"Hvor er buksa mi?..."

Flytting er eit strev...
...og no kan eg nesten stemme i med Kasper, Jesper og Jonatan...bortsett frå at eg veit kvar buksene mine er. Derimot skulle eg gjerne visst kvar heklekrokane blei av. Hugsar eg tenkte at dei må eg legge på ein lur plass - for dei treng eg i sommar. Og i kva for ei kasse ligg boksa med banda mine? Hmm....

Det blei for lite tid på slutten, så eg mista oversikta. Så det blir nok mykje leiting i kasser denne sommaren. Og mange kasser blei det til slutt. Eg kan ikkje skjønne korleis eg fekk plass til alt den lille leiligheita eg hadde. Flyttelasset blei vel ca dobbelt så stort som forventa...

Heldigvis passa eg på å få eit par prosjekt i "handbagasjen", med strikkepinnar i, slik at eg har noko å halde på med så lenge.

Eg rakk akkurat å få med meg Posebymarkedet i Kristiansand på laurdag, og der fann eg nokre fine saker som eg skal vise fram seinare (fekk brukt nokre bursdagspengar).
No som eg er ferdig med pakking og flytting for ei lita stund så skal eg nyte dei fine dagane vi har no. Det er deilig med sommar!

---------

I've been busy packing moving these last days. All my stuff are in boxes (too many boxes) and I will spend this summer looking for things...

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails