W for Walton-on-Thames.
Kvar er no det?, kan du kanskje spørre.
Det er byen eg budde i då eg var au-pair i England for 22 år sidan (oææhh, er det verkeleg så lenge…)
Som de ser av namnet ligg byen ved elva Thames, i Surrey, ca ein halv time med tog frå London. Det er vel ein typisk forstad til storbyen, med mange gamle parkar som er omgjort til penare bustadområder. Sentrum hadde eit par handlegater og ein McDonalds som vi besøkte når vi var der (McD var faktisk litt eksotisk på den tida). Det er også fødebyen til Julie Andrews har eg akkurat funne ut, og Monty Python filma mange av sketsjane sine der. (Kjekt med Wikipedia). Meir om byen her.
Eg budde hos ein amerikansk familie med to born. Huset var stort, 7 soverom, stor hage og eiga tennisbane. Familien hadde ikkje mindre enn 4 bilar; Ford, Mercedes, Porsche (konebil) og Rolls Royce (stasbil). Godt vi var to au-pairar til halde styr på alt :) Rommet mitt var oppe til høgre i tredje etasje.
Etter at eg reiste derifrå har eg berre vore attende ein gong. Kikka på huset frå vegen (familien selde huset og flytta så eg kunne ikkje gå på besøk). Håpar de oveser den dårlege kvaliteten på bilda her knipsa frå fotoalbummet mitt.
For eit par år sidan kjøpte eg tilfeldigvis eit britisk magasin (som eg aldri hadde kjøpt før). Country Homes eller noko slilkt heitte det. Der var det m.a. reportasje frå nokon som hadde pussa opp huset sitt. Til sist var det eit lite bilde av sjølve huset.


Det ligna litt på huset “mitt” tenkte eg. Og det var huset “mitt”! Eg synes det var ganske fantastisk at eg tilfeldigvis klarte å plukke opp akkurat det bladet, den rette veka.
Og no idag googla eg gateadressa for å sjå om eg fann noko interessant. Og kva dukkar opp? Salgsannonse for huset “mitt”. Så her kan de ta ein kikk. Berre GBP £2,695,000… Slik ser huset ut no:


Det har nok blitt pussa opp eit par gongar sidan 80-talet, heile kjøkkenavdelinga er heilt ny.


Dei siste bilda her er frå salgsannonsa.
Meir om W her.
-----
W is for Walton-on-Thames.
A little town in Surrey, south of London where I lived when I was an au-pair a long time (22 years!!) ago. This is the house I lived in. Quite a change for me from small town Norway. I havn’t been back in the house since I left (the family moved). But a couple of years ago I happened to buy a British magazine that happened to have an article about “my” house. Redecorated of course. What are the chances of me buying just that magazine! I had never bought it before.
And now I goodled the adress and find that the house is up for sale! A little too expensive for me…