søndag 13. september 2009

Ø

Det nærmar seg slutten på alfabetet og ABC-innlegga.

Eg treng berre å kikke ut vinduet for dette innlegget. Ø må stå for Ørsta-fjella.

I dag var dei litt pynta med skodde, men eg hadde nokre skoddefrie bilder liggande også. Eg er ikkje den som oftast spring opp på desse fjella, men nokre har eg vore på. Og utsikta set eg stor pris på. Det er alltid like fint å kome heimover til Ørsta og sjå fjella dukke opp.

Som tekst attåt bilda går eg til ein annan ørsting: Ivar Aasen.

                                                                                                                                            Liaveten, 592 moh.DSCF1220

DEI GAMLE FJELLI

Dei gamle fjell i syningom

er alltid eins å sjå,

med same gamle bryningom

og same toppom på.

I bygdom byggja sveinane,

og huset stender laust;

men dei gamle merkesteinane

dei standa like traust.

                                                                                                       Liadalsnipa, eller “mormor sin topp” som vi sa.041

På fjellom er det leikande

å ganga til og frå

og kring om toppen reikande

so vidt um land å sjå:

til havet kring um strendene

med skip som fuglar små,

til fjelli kring um grendene

med tusund bakkar blå.

                                                                                                  Utsikt mot Ørsta sentrum
DSCF1223

Der er so mange hendingar

i bygdom komne til;

me sjå so mange vendingar

alt på eit lite bil.

Dei hava snutt om vollane

og flutt og rudt og bygt;

men dei gode gamle kollane

dei standa like trygt.

                                                                                            Liadalsnipa, 924 moh.nipa

So stod dei gjenom tidene,

vel mange tusund år;

og graset voks om lidene,

og lauvet kom kvar vår;

og vinden tok um toppane,

og vatnet tok um fot;

men dei gilde gamle kroppane

dei toko traust imot.

                                                                    Slogen, 1564 moh. (eg har vore på toppen!)slogen

Av hav kom sjomann sigande

og lengta etter land,

då såg han fjelli stigande

og kjendest ved si strand.

Då kom det mod i gutane,

som såg sin fødestad.

Ja dei gode gamle nutane

dei gjera hugen glad. 

                                                                                                                          Vassdalstinden, 1277 moh.måne

Fleire innlegg på Ø finn de her.

3318690925_099f86f0a1[1]

--------

This is some of the mountains in my home “town” Ørsta.

onsdag 9. september 2009

Onsdagtonar

Igjen litt onsdagsmusikk. Denne gongen nokre songar frå franske Emily Loizeau.

Eg synes det er så sjarmerande med fransk. Sjølv om eg ikkje forstår så altfor mykje.

Den nyaste musikkvideoen Sister er også fin. Den gjekk ikkje an å legge inn her, så de må klikke på linken.

God onsdagskveld!

mandag 7. september 2009

Striper

Eg har bestilt fargerikt Noro-garn for å strikke eit fargerikt Noro-stripe-skjerf som dette, eller dette, eller dette.

Medan eg ventar på garnet, måtte eg prøvestrikke mønsteret med noko garn eg hadde liggande.

DSCF1092

 DSCF1094 DSCF1093

Mønsteret er svært enkelt: Legg opp passe mange masker (etter kor breitt skjerf du vil ha).

Strikk ribbestrikk (1 rett-1 vrang) til skjerfet er langt nok, eller du har brukt opp garnet.

Ta første maske laust av på kvar omgong.

Bytt farge etter 2 omg.

 

Her har eg brukt 2 forskjellige nøster av Rowan Tapestry.

---------

I’ve ordered Noro yarn to make a Noro Striped scarf.

While waiting I tried out the pattern with some Rowan Tapestry yarn I had in my stash.

søndag 6. september 2009

Loppesesong

Endeleg tid for loppemarknadar igjen. Veit ikkje heilt om det er så mange her i distriktet, men eg fekk iallfall loppa litt på laurdag. Mykje folk og monge ting. Vi kom dessverre akkurat for seint til å rekke åpninga, så alle dei fine stolane var kapra før vi nådde bort til dei.

Men nokre småting fekk eg med meg.

DSCF1129

Kakebokser igjen… Nei eg kan visst ikkje få for mange bokser…

DSCF1127 DSCF1136

Nesten hundre fora konvoluttar, så no kan eg få sving på korrespondansen.

DSCF1138

Ein kan vel kjøpe bøker berre fordi dei ser fine ut?

DSCF1140

Barnetallerken frå Porsgrund.

DSCF1130

To vaser og to fløtemugger.

 DSCF1110

Og eit lite hefte med broderimønster. To eksempel under.

DSCF1111

DSCF1114

Artig, artig! Loppemarknad er kjekt!!

----------

Went to a fleamarket yesterday. This is what came back with me.

Æ

Æ for ættegransking.

Eg synes det er svært kjekt å snuse meg bakover i tida. Finne ut litt om korleis dei hadde det før, og kvar slekta kjem frå.

Det er mange år sidan eg først sette meg ned med ættebøkene til farmor og farfar. Som de ser har slekta greiner til nesten heile Sunnmøre og litt andre stadar i landet. No har eg arva alle bøkene.

DSCF1142

Av og til dukkar det opp spennande historiar. Som for eksempel om 6xtippoldemor som var (ikkje så veldig rik) dansk adelsdotter og blei med barn før ho var gift, med ein vanleg fyr (skotsk) til og med… Dei måtte rømme til Orknøyane så ikkje ho skulle havne i kloster. Sidan kom ho, mannen og sonen attende til landet og Sunnmøre.

Av naturlege grunnar har eg ikkje bilde av slekta så frykteleg langt attende. Men vi har då nokre frå dei siste hundre åra.

 Gravferd 1918

Detter frå gravferda til oldefar Mathias. Han døde av spanskesyka i 1918, 34 år gamal. Oldemor Marie sat igjen med 6 born, yngste dotter 3 veker gamal.

 mormor

Mormor, 17 år gamal i 1929.

alvjohannebryllup

Farmor og farfar sitt brudebilde, 1939.

Berte og Ole

Tipp-tipp-oldefar Ole og tipp-tipp-oldemor Birte. Ole var glad i å skrive. Under ser de ein kopi av kjærleiksbrev og kjærleikssong han sendte til “min inderlig elskede Birte Hesteflot”.

DSCF1144

DSCF1145

DSCF1146

Fantastisk gotisk handskrift med penn og blekk.

Fleire ting på Æ finn de her på abc-bloggen.

3318690925_099f86f0a1[1]

onsdag 2. september 2009

Onsdagstonar

Tenkte eg skulle dele litt musikk igjen. Passar bra å gjere det på ein onsdag, nesten helg og greier.

Startar med Emilie som syng “Amazing Grace”. Og ja, eg er tanta til Emilie :)

-------

Thought I would share some music again. This is my niece Emilie singing :)

søndag 30. august 2009

Z

1abcz002

Ja, dette var ikkje enkelt. Kan vel av og til lure på kvifor vi ha Z i alfabetet vårt…

Visste de at Z faktisk var ute av alfabetet ei stund? Z var den sjuande bokstaven i det latinske alfabetet – stod på plassen som G har no. Men så fann romerane ut at dei ikkje trengte Z, tok han ut og sette ein G der i staden. Etter ei stund fann dei ut at dei trengte Z likevel, men då var den sjuande plassen opptatt av G – så Z måtte plasserast til slutt i alfabetet i staden. (Nyttig informasjon frå Wikipedia.)

Men vi har jo tre bokstavar til, så Z treng ikkje vere sist hos oss.

-----------------------

Men over til noko om Z…

Ei bok eg las då eg var liten var boka Trollkrittet.

Den er skreven av Zinken Hopp.

Korleis kunne nokon ha eit slikt namn, tenkte eg då. Og var det ei dame eller ein mann? Eg fekk nok aldri undersøkt dette noko nærmare, men no tar det ikkje lang tid å finne ut.

Zinken Hopp var ei dame og heitte eigentleg Signe Marie Brochmann. Ho var forfattar, gjendiktar og omsettjar. Ho skreiv fleire barnebøker, og er mest kjend for Trollkrittet som kom ut i 1948. Trollkrittet er eit høgdepunkt i norsk nonsenslitteratur (og visst inspirert av Alice i Eventyrland). (Endå meir nyttig informasjon frå Wikipedia.)

Skulle gjerne hatt med eit bilde av boka her, men eg fann ho ikkje i dag. De får ta ein tur til biblioteket de som ikkje har lest ho endå.

Meir om Z her.

3318690925_099f86f0a1[1]

torsdag 27. august 2009

Brokkoli og litt til…

Brokkoli er kjempesunt, også i salat.

Eg har laga denne nokre gongar i sommar, og den er stadig like god. Og sidan søskena stadig vekk spør etter oppskrifta kan eg like godt legge den her.

Sjølv har eg laga meg ein variant som er ei blanding av fleire oppskrifter eg har sett. M.a. frå søster Marie.

Eg har brukt salaten både til kjøtt og fisk – alt går.

DSCF0935

Brokkolisalat

8 strimlar bacon – sprøstekt, i små bitar

2 brokkolihovud – delt i små bukettar

1 blomkål (kan utelatast) – i små bukettar

3 vårlauk - hakka

200 g Cheddar ost – raspa

1 dl solsikkefrø

1 dl rosiner

 

ein pakke majones (litt over 2 dl)

1/3 cup sukker (ca 0,75 dl)

2 ss (kvitvins)eddik

salt og peppar

 

Bland brokkoli, blomkål, vårlauk, ost, frø og rosiner. Rør saman majones, sukker, eddik, salt og peppar til dressing.

Bland alt saman og dryss over bacon til slutt.

søndag 23. august 2009

Snart ny veke

Søndag kveld – og snart tid for Poirot. Eg er straks klar for andre veke i ny jobb. Mykje nytt og nye fjes, men det skal bli fint. Første klasse er spennande. Både for meg og elevane.

Det tyngste den siste veka var nok å snu døgnet attende og stå opp tidleg igjen. Betre vart det ikkje av at vi følgde med på Dalgliesh-serien som NRK finn på å sende altfor seint på kveldane…

DSCF1042

Eg fekk lyst på grønne knestrømper og har starta på eit par spiralstøvlettsokkar. Skulle helst hatt einsfarga grønt sokkegarn, men det fann eg ikkje på butikkane her omkring. Så det vart strømper med striper. No er eg nesten ferdig med første strømpe. Eg skal prøve alt eg kann å bli like fort ferdig med nr 2.

Var ein kjapp tur innom bruktbutikken på fredag. Då fann eg desse bilda.

DSCF1072

Dei treng berre litt ettersyn, ny teip og litt støvtørking.

----------

This has been the first week in my new job. I started with a new class, 1st grade. Many new faces, new school so it has been busy. The hardest part last week was getting up early in the morning again – and trying not to stay up too late in the evenings…

I’ve started knitting some green Spiral Boot Socks. Hope to finish both socks before boot season starts.

Y

 

DSCF1068

Denne gongen sprang eg opp til nærmaste maurtue for å finne eit Yrande liv. Sandalane mine sklei av då eg klatra opp til tua, så etter å ha knipsa bildet trekte eg meg raskt attende før maurane Yra over meg også.

Fleire yndige innlegg om Y finn de her.

3318690925_099f86f0a1[1]

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails