Eg blei ferdig med sommarkjolen til sommarveret kom. Har berre ikkje fått tatt bilder. Men her er eg og kjolen. Eg vurderar å lage ein brun heklekant nede etterkvart. Eg ser litt alvorleg ut på bildet, men er absolutt fornøgd med kjolen. Det er vel berre slik eg ser ut medan eg ventar på sjølvutløysaren , tenker eg.
![]()
Her er også skjørtet eg sydde av dynetrekket eg fann i bruktbutikken i starten av ferien. Dette skjørtet har eg brukt i heile sommar. Men i dag klarte eg altså å sette meg på noko kvae. Resultat? Ekle, klissete flekkar bak. Grrrmf!!! Har nokon råd når det gjeld fjerning av kvae frå klesplagg??![]()
Here is my summerdress. Finished for now. I'm considering crocheting a lace for the skirt edge.
Here's also my orange summerskirt, made from a thrifted bedsheet. I've used it all summer.


Dette er sommarplassen vår - og eg har mange fine barndomsminne her ifrå. Eg er inga badenymfe, men i år har eg altså bada opp til fleire gongar! Vi sette i gong med dugnad, og rydda stranda for tang og store steinar medan vi var der.
Og så "snakka" vi litt med sauene. 



Mamma og pappa var visst også litt yngre då.



mmm - blåbær









Mmmm...marengskake...





Japanske bøker er framleis på japansk, så no har eg funne hjelpesider på nettet og prøver å tyde oppskriftene. Eg har lyst til å prøve å lage denne toppen.








