Viser innlegg med etiketten Inspirasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Inspirasjon. Vis alle innlegg

torsdag 22. mars 2012

Puff

Eg har ein puff som sårt kan trenge eit nytt trekk. Dersom eg heklar mange, mange blomstrar kan eg kanskje få til noko som liknar på dette?

001

Med litt mindre beige fargar, sjølvsagt…

002

Denne fann eg på Skeidar.

------------------

I have a pouf/stool that needs a new cover. Maybe I could make something like this?

søndag 26. februar 2012

Lampeskjerm – Lampshade

Ute i internett-verda fins det rikeleg med inspirasjon. Nesten litt for mykje av og til. Det kan lett bli for mykje klikking og for lite konkret handarbeid.
Og mange gongar havnar ting eg finn på “Det må eg prøve å lage sjølv”-lista. (Som er ganske lang etterkvart.)
Desse lampeskjermane her for eksempel. Først sett på Pinterest. Frå der fann eg vegen til den franske bloggen og nettbutikken (?) som hadde laga dei. Les petites bohemes (Trur i allefall dei kom frå ein slags nettbutikk, fransken min er ikkje heilt som han aldri har vore…) Dette bildet er frå ei utstilling i butikken Serendipity i Paris.

I first discovered these lampshades on Pinterest. 
They are from a French blog (and web shop?) Les Petites Bohèmes.


This is a photo of a window display at the Paris store Serendipity. From this blog
These are not my lampshades...

Fine ikkje sant. Og dei passar heilt flott hos meg. Men å handle frå Frankrike er ikkje aktuelt – og ikkje finn eg dei i butikken heller – så då ma eg hekle sjølv.
Og no i veka kom Marie Claire-bladet i postkassa, og der var det jammen eit bilde av lampeskjemen igjen. Og eit såpass bra bilde at eg kan finne ut av mønsteret (som er eit heilt vanleg viftemønster der ein minkar på antallet stavar oppover på skjermen).

I decided I had to try to make them one day. They would fit perfectly into my home. And in the latest Marie Claire magazine was another photo of the lampshade. Perfect!
004
I den gamle handarbeidsboka mi ser eg fleire heklemønster som liknar:
I can see many similar patterns in my old needlecraft book. The English title of the book is: Step by Step Needlecraft Encyclopedia (Judy Brittain).
005
006
I følge bladet kostar lampeskjermen 185 Euro – trur det kan lønne seg å hekle sjølv…
028
Denne lampeskjermen frå bruktbutikken er absolutt klar for ei fornying.
025
Eg starta først med noko gult bomullsgarn. Måtte prøve nokre runder før eg fann ut kor mange masker eg skulle starte med.
030
Begynner å finne ut av mønsteret her, men var ikkje fornøgd med garnet.
033
Så eg starta på nytt med litt tjukkare og blankare garn.
035
Er godt i gong her, og er litt spent på korleis det blir med “fellinga” oppover i skjermen… Men det ser bra ut så langt.
037
I found an old lampshade in the thrift shop. It really needed a make over! I started out using a yellow cotton yarn, but was not happy with that so I changed to a slightly thicker yarn. Did a few trial rounds while figuring out the pattern. I think I know the pattern now, but are still not quite sure about how to do the decreasing on the top of the shade. (ETA - actually it wasn't so difficult after all...)
011
012
Allmost out of yarn now, so I’ll have to buy more before I can finish it completely.
--- Edited to add details about the book…

onsdag 15. desember 2010

15.

Raudt var ordet for i dag. Og det er ikkje vanskeleg å finne raude ting akkurat no. Eg fann nokre ting på mi runde i stova, men raudt er ikkje den enklaste fargen å fotografere med blits…
DSCF4378
Handleposar står det rundt i krokane…
DSCF4379
Støvsugaren ventar på oppdrag…
DSCF4381
Endå ein pakke skal avgarde med posten, sjølv om fristen kanskje var i går?…
DSCF4384
Deilig julete…
DSCF4386
Også nokre mini-julekuler til eit nytt prosjekt…
Her er nokre flickr eksempel på juletrea av garn. Følg lenka for å komme til originalbilda.

PS. Formulerte meg litt feil igår. Desse er ikkje mine tre, men flickr-eksempel på andre sine tre.
Mine har eg altså ikkje fått ta bilde av endå...
5264519810_6ac4d209f7_b
------------------------
The topic today was red. I just took a look around the house. Not difficult to find red things right now. But it is a difficult colour to photohe last photo is of some yarn trees from flickr. I’ve made some too, but have no photo yet. Missed the daylight again today.
december

onsdag 14. april 2010

Marie Claire i posten

Eit av favorittbalda mine er Marie Claire idées. Det er eit fransk hobbyblad med mange fine tips og idéar. Det er ikkje alltid eg finn det på Narvesen, i alle fall ikkje her i bygda.

Så no prøvar eg å abbonere. Lurte lenge på om eg hadde tasta inn noko feil på den franske nettsida, for det kom jo aldri noko blad. Men med hjelp frå Google translate fann eg ut at første blad i posten skulle vere mai-nummeret.

Og i går kom det i postkassa. I midten av april…

DSCF2813

Ja, det er på fransk… Og nei, eg har ikkje brukt fransken min noko særleg sidan gymnaset… Og nei, eg var ikkje så særleg flink i fransk sjølv då…

Men det viser seg at nokre ord og fraser sitt igjen, og at det er mogleg å forstå det vesentlege. (Og så finst det ordbøker og google).

Og så er bilda veldig fine. Her er nokre eksempel frå dette bladet.

DSCF2814

Ting du kan lage av dei gamle dongeribuksene dine.

DSCF2815

Fin hårpynt.

DSCF2817

Artig duk til uteselskapet.

DSCF2818

Eit lite teppe til terrassen, hekla av oppstrimla plastposar.

DSCF2819

Lappeidéar.

DSCF2820

Kanksje eg bør sy meg ein hund som kan ligge framfor peisen…

DSCF2821

Lappar er også fint som pynt på klede.

DSCF2822

Hekleblomstrar som jakkepynt.

DSCF2823

Og så shoppetips for neste London-tur. Very good! (No må eg berre få i gong ein tur snart…)

---------------

I’ve started subscribing to Marie Claire idées. The first issue arrived yesterday. As you can see it is filled with nice photos and ideas.

My French is not very good, but with good help from google translate I think I’ll understand  most of it.

onsdag 17. september 2008

Hekleinspirasjon

Via Hidden In France fann eg denne bloggen med bilder frå ein fin barnebutikk i Frankrike: Atelier Charivari. Eg fall sjølvsagt mest for hekleleikene frå Anne Claire petit.

29839759 29839794

29839832 29840058

Bilder frå Atelier Charivari

Anne-Claire Petit er nederlandsk firma som sel for det meste hekla saker. Når eg tenker meg om trur eg at eg har sett reinsdyret før på ein leikebutikk i Oslo. Eg tenker sjølvsagt at dette kan eg lage sjølv... (her er ein norsk nettbutikk som sel sakene).

330-006 810-031

870-012 950-001

 950-004

Bilder frå Anne-Claire Petit

Innimellom jobb, kor og alt anna prøver eg å finne tid til symaskina mi denne veka. Eg har nokre bestillingar å gjere ferdig; to blyantrullar og tre vesker. Og så har eg sjølvsagt idear for eit par nye vesker til meg sjølv også... (Tar det aldri slutt? - Nei, ein kan aldri få for mange vesker...)

Og straks er det helg igjen.

Via Hidden In France I found Zoe's blog with photos from her shop in France: Atelier Charivari. I especially liked the crochet things, of course. They are from Anne-Claire Petit.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails