mandag 31. mai 2010
3 år!
mandag 17. mai 2010
Det gjekk…
(Bench Monday – bildet mitt i dag.)
… å få seg bunaden altså… Men du verden så deilig det var å ta han av også.
Her må det nok skje saker og ting før neste bunadsdag.
Og då tenker eg at bunaden skal få henge i fred – det er nok heller denne dama som må opp og røre litt meir på seg…
Her hadde vi ein grå dag, med nokre regnbyger innimellom. Men toga fekk gå tørrskodde, heldigvis.
Håper alle har hatt ein fin dag.
mandag 5. april 2010
Bench Monday
Eg tok med lillebror på jakt etter ein benk i dag. Dvs han fekk lov til å prøvekjøre ei runde i bilen min. Vi fann ikkje så mange benkar, men eit autovern kunne også gjere nytte. Her er vi på gamle trakter, rett ved mormorhuset, der vi budde i “gamle dagar”. Flott utsikt.
Bench Monday er altså eit flickr prosjekt.
-----------
This weeks Bench Monday photo. This is the view of my town. Taken from what used to be my grandmothers house. We lived there – in the old days…
mandag 22. mars 2010
Smelting
I den siste veka har snøsmeltinga verkeleg fått fart på seg. Vi får håpe at det ikkje kjem meir påfyll av fersk snø. Slik såg det ut før regnveret tok til for ei veke sidan.
Det siste takraset hang fast i haugane på sidene, og så ramla det ned ei boge og laga den fine portalen.
No har skavlane minka, og vegane er tørre.
Snart kan vi kanskje finne fram småskoa. Då får nok eg vårkjensla fram.
Eg hadde mine fyrste barneår i Finnmark – der vi ikkje nødvendigvis hadde så mykje snø, men den som var der låg lenge. Framfor inngangsdøra hadde vi skiferheller og på grunn av måking smelta snøen først der.
Eg hugsar enno den fantastiske kjensla den første gongen etter vinteren då eg kunne ta på meg småsko og hoppe på skiferhellene. Lyden av harde sålar mot steinane…
Kva får vårkjensla fram hos deg?
Og no som gradene kryp oppover må eg legge vekk dunjakka (litt motvillig for ho er så varm og god), men hurra!, då kan eg finne fram Sylvi-jakka i staden.
Bench Monday nr 11
-----------------
The snow is melting! If we’re lucky we’ll not get any more fresh snow.
And maybe I can start using my summershoes soon.
onsdag 17. mars 2010
Frøken fargerik
Fekk spørsmålet frå ein passerande andreklassing her på mandag:
“Likar du å vere fargerik?”
Ja, på mandag var det visst ingen tvil om det.
(Er det litt for mykje?)
Mandag-på-benken-bildet (Flickr-gruppa her) knipsa på klasserommet denne veka. Tid for foreldrekonferanser.
* Og eg håpar på ein “date” med symaskina snart. Har mange planar; lappeteppe, vesker, sy ferdig 2 skjørt, fleire vesker… Det må vere tid for vår snart sidan lage-veske-viruset begynner å melde seg…
tirsdag 16. februar 2010
Utsikt frå kjøkkenbenken…
Ja den er ikkje så stor, etter at siste takras gjekk i helga.
Vi treng ikkje trekke for gardinene på kveldstid før etter påske ein gong…
Til ære for Bench Monday klatra eg opp med skoa på. Men eg vaska godt etter meg altså.
Og no bør eg vel snart kom med nokre hobbyoppdateringar også. Livet går som vanleg , bak snøen.
Svoger og nevø hjalp til med måkinga.
Og no ser vi litt på OL også, og må vel berre konstatere at det ikkje går ann å bestille gullmedaljane…
Neste veke er det vinterferie, og eg skal sjekke ut vinteren på sørlandet.
The snow finally came off the roof. And we have very limited view from the kitchen windows…
mandag 8. februar 2010
… og litt til…
Nei, jammen kom det ikkje meir snø…
I dag har det tidvis lava ned store flokser frå himmelen. Denne gongen var snøen av den litt meir våte typen, så i dag dukka det opp nokre snømenn på skuleplassen. Og haugane til å grave i vert større og større.
Kjekt for dei små. Eg er litt lei av å måke bil, og dei som har ansvar for snøfresar, brøyting og takmåking er kanskje også godt fornøgde no. Mykje arbeid med denne snøen, men det vert i alle fall fint og stemningsfullt ute. Under ser de utsikta frå klasserommet mitt.
Håpar på litt finare spaserturver etterkvart denne veka.
I kveld er eg trygt parkert i sofaen – saman med fleire prosjekt. Eg bør kanskje ta ein tidleg kveld også. Sidan eg faktisk såg på tv i natt (litt Super Bowl, av alle ting)…
Ha ein fin mandagskveld!
--------------------
Oh look! We got more snow…
The children are happy. They were making snowmen at school today. And they love to dig tunnels in the large piles of snow around the school buildings.
Driving in the snow is not my favourite thing, but I’m getting used to removing the snow and ice from my car.
In my neighbourhood people have been up on their roofs removing some of the snow.
A lot of work – this snow. But it is beautiful.
This is the view from my classroom.
mandag 18. januar 2010
Mandagsføter
Føtene er klare for nest siste kveld av bunadskjortekurset. Eg som fabulerte om å kanskje ha ny bunadskjorte klar til bryllup i påska…
Ambisjonane har kome ned på eit meir realistisk nivå no: Kanskje eg er ferdig til påska neste år… Etter tre månader ser de her at eg nesten er ferdig med første ermelinning. -Jepp, ein del igjen, ja…
Eg håpar det skal verte lettare å sette seg ned med linbroderia når det vert lysare dagar.
Her er det siste hekleprosjektet, forresten. (Heklinga og strikkinga har vel også skuld i at broderinga ikkje viser ønska framgang…)
Eg har ikkje varme i seta i bilen, men dette lille seteteppet hjalp godt. (Alle bilar bør ha nokre hekleruter.) Eg har også brodert pute i baksetet så dette er ein skikkeleg tantebil…
Min bil er såpass fargerik frå før så desse rutene passar fint inn :)
--------------------------------
Day three of Nordic Feet. My feet and me are ready for my embroidery class. After three months I’m still working on the first sleeve of my shirt. This shirt will not be finished this year I think…
mandag 11. januar 2010
Mandag
Litt vanskeleg å finne benkar i all denne snøen… Så eg fann ein kjelke i dag.
Endå er det kaldt, men eg har ny, varm jakke – så eg frys ikkje :)
mandag 4. januar 2010
Mandag på benken
Eg har blitt med i ei ny flickrgruppe: Bench Monday. Målet er å ta eit bilde, på ein benk, kvar mandag. Så får vi sjå korleis det går. Mange stilige bilder i den gruppa, eg må nok trene litt.
I dag blei det eit bilde på ein klasseromsbenk, med snø på skoa. Første arbeidsdag – både eg og ungane er klare til dyst – trur eg. Ikkje noko problem å finne på friminuttsaktivitetar med all snøen. I dag snødde det tett mesteparten av dagen, så eg måtte ha hjelp frå fleire då eg skulle prøve å pløye meg fram med bilen etter jobb.
I morgon har eg tenkt å ta buss…