Viser innlegg med etiketten Etsy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Etsy. Vis alle innlegg

søndag 19. januar 2014

Fibi the Fox

31f0b7967f8f11e3ae8a12d278585555_8

Minsteniese blei 2 år i helga. Ho er ganske hekta på reven og vil ofte sjå "fåsjei" (What does the fox say) monge gongar på rad.

Så då eg oppdaga mønstra til Lalylala måtte det berre heklast ein rev. Og det er berre kjekt å hekle etter godt skrivne mønster. Eg kjøpte like godt tre mønster på ein gong – her blir det fleire som får heklegåver i år!

55e300007aa811e3a91412128f76ceb1_8

Ta ein kikk på Lalylala sine nettsider. Mange fine mønster!

Attende til reven min. Rikke Rev på norsk – eller kanskje berre Reven. Eg fann garn frå lageret. To trådar tynt ullgarn i raud og oransje ga passande revefarge. Eg hekla med 3 mm krok, det ga eit ganske fast resultat. Kunne kanskje ha godt opp til 3,5. Men det kan også vere ein fordel med fast hekling i leiker som skal handterast litt…

04d804b47f6511e3a6bb1272bb146ed9_8

69e7157a7f6511e3a93712ad17a4fb22_8

Og til slutt fekk også Rikke Rev (og babydokka) sjå dei "skikkelege" revane på video. Medan 2-åringen forsikra om det ikkje var "falig".

f4f24cea801c11e3a785129179c830b0_8

My niece turned 2 this weekend. She likes the fox, and can watch the famous song a lot! So when I discovered Lalylala's patterns I had to make her a fox. The patterns are well written and fun to crochet. I bought 3 patterns, so there will be more dolls…

torsdag 2. desember 2010

2.

Bilder

Eg har alltid likt å ha mange bilder på veggane mine. Og kvar gong eg har flytta ser at haugen veks – ikkje nok med ei kasse no lenger. For smaken har endra seg, og mange av bilda som hang på veggane mine på 90-talet har havna i kasser.

No som eg har fått nytt husvære  startar eg på ein måte med blanke ark. Og no med mykje fleire “blanke ark” enn eg har hatt på lenge. Opptil fleire rom med god veggplass.

Så då må eg nok planlegge litt. Kvar skal ting hengast? Ser for meg at det er lurt å ha ein plan, før eg startar med hammar og spiker. Kjedeleg med hol på feil plass på heilt nye veggar…

Dei siste åra har eg kjøpt ein del trykk på Etsy som eg gler meg til å få i glas og ramme. Og så har eg samla meg ein haug med gamle rammer som skal brukast. Det vert nok kjekt å halde på med utover vinteren.

Men det eg vil vise fram idag er på ein måte bilder, men ikkje heilt likevel…

DSCF4264

Les de bloggen til dottie angel?

Eg snubla over den får nokre år sidan og har vore følgar sidan. Blir inspirert av bilda og prosjekta hennar, og så skriv ho så artig. Etsybutikk har ho også, og då eg såg kjøkkenhandklea ho har fått laga var eg ikkje sein med å trykke buy. Måtte berre ha dei.

DSCF4261

Reglane hennar passar meg perfekt!

Så desse kjøkkenhandklea kjem vel neppe til å tørke oppvasken min, dei havnar kanskje heller på ein vegg…

(Har ikkje hatt tid til å finne fram strykejarnet som de ser.)

------------------

Look at my new tea towels. Just perfect.

They will probably end up on one of my walls… I will iron them first, I promise!

They’re from dottie angel’s shop.

tirsdag 19. januar 2010

Footloose…

Å nei og nei! Her gjekk visst tysdagen litt for fort, gitt! Eg har heilt gløymt å ta bilder i dag.

Men då kan eg vel vise fram noko eg har skaffe meg i det siste i staden.

Eg har visst vore innom Etsy no i januar. Eg enno tilgode å prøve den norske versjonen Epla, men det kjem nok det også…

Men aller først noko som havna i posen under julegåvehandlinga i desember. Nesten heilt av seg sjølv…

Eg er berre litt knappegalen, så eit krus med knappar på er obligatorisk. Og band med flugesoppar… – ja de skjønar nok kvifor eg ikkje kunne gå forbi.

Kruset er av det irske merket Avoca, og banda er frå Maileg i Danmark.

DSCF2071

Og så over til Etsy.

DSCF2073

Hos StephanieFizer kjøpte eg ein minikalender for det nye året. Eit søtt lite kort for kvar månad.

DSCF2074

DSCF2075

Eg kjøpte også eit trykk med bokstaven min.

Snail

(Bilde frå butikken)

Noko ull har også kome i hus. Eg har nemleg tenkt å prøve meg på spinning av garn. Om det vert med handtein eller rokk for tida vise…

roving

ForestFiberWorks

Og nokre av ulldottane (i mange fargar sjølvsagt) har eg tenkt å bruke på eit skjørtprosjekt som eg har grunda på lenge…

ull

thefunkyfelter

Og det var vel nok shopping for ei stund, trur eg…

lørdag 2. mai 2009

Nytt på hobbyfronten

På tide med ei lita handarbeidsoppsummering.

Forrige fredag tok eg fram litt lin eg kjøpte for lenge sidan i Etsybutikken til namolio og eit nytt veskemønster (Buttercup bag) eg fann gratis her hos Made By Rae. I løpet av kvelden var veska ferdig.

I made this bag last Friday. The pattern is Buttercup bag from  Made By Rae.

2009_04260029

2009_04260030

No i ettertid ser eg at eg godt kunne ha spandert litt vlieselin i toppen av veska, og litt vatt i hanken. Men eg er ganske førnøgd med at eg klarte å få plassert den magnetiske låsen på rett stad.

I should have used some interfacing on the top and the handles, but I’m pleased I managed to put the magnetic snap in the right place.

2009_04260033

Eg har også handla remedier til å lage stoffknappar på Etsy. Sjølv med frakt blei det mykje billigare enn det eg får tak i her. Eg måtte teste dei ut med ein gong og med det japanske cupcake-stoffet fekk eg laga nokre søte knappar. Sjølv om den eine blei litt skeiv.

I’ve also bought a button making kit from Etsy. Had to make a few buttons right away.

2009_05020002

Blei endeleg ferdig med denne toppen også, som eg starta på i påska. Kanskje den rekk å bli brukt før sommaren tek til for alvor. Mønsteret er Roselette Top.

I’ve also finished this top I started at Easter. The pattern is the Roselette top.

2009_05020005

I går var det i alle fall ein smak av sommar. Eg fann fram favorittskoa, men fann dessverre ut at eg har brukt dei ganske godt…

2009_05010010

Held dei ein sesong til? I dagar utan regn a alle fall…

2009_05010013

Og ute i går hekla eg vidare på sykkelsetetrekket mitt. Sykkelen min skal nok blir den finaste i byen. Eg fantaserer også om å sy på hekleblomster på korga. Too much??

2009_05010015

Ha ein fin laurdagskveld og søndag.

We had lovely weather yesterday. A little taste of summer. I tokk out my favourite shoes, but see that they’ve been used too much… Maybe they’ll  last one last summer… And the crochetproject? A cover for my bicycle seat…

lørdag 4. april 2009

E for...


(Bilde frå ETSY)
Etsy er ein internettstad for dei som vil selge heimelaga saker. Den vart starta i 2005 og har no over 100 000 selgarar med eigne butikkar.
Der inne kan du finne alt mulig. Også materiale til å lage ting. Det er enkelt å søke, og ein kan gå seg heilt vill i alle dei fine tinga. (Og vips så har ein visst handla litt...)
Du kan også gjere fargesøk.
(Bilde frå ETSY)

Eg har ikkje butikk der, men har laga meg ein konto slik at eg kan handle. Og eg har handla hos fleire selgarar. Både smykker, bilder, stoff og andre ting. Som regel kjem varene i posten i løpet av ei veke. Eg har handla frå selgarar i USA, Australia, Kypros.
Bildet i bakgrunnen her er frå butikken til Belle and Boo.
Her er nokre stoff frå Namolio.

Og så litt andre ting eg har handla... Ein fin kalender frå Paper&inkling (Bilde frå butikken)

Scrabblesmykker frå ThePendantFactory. (Bilde frå butikken)Det siste eg kjøpte var nokre stolbilder frå mywireempire (Bilde frå butikken)Ho hadde salg då eg var innom, så eg kjøpte to stolbilder og fekk eit gratis. Trur dei blir fine inramma på veggen min etterkvart :)

Eg går ikkje på handletur der inne heile tida altså, men det er spennande å vere innom av og til. Og så er det kjekt å støtte folk som likar å skape og som prøver å ha det meir eller mindre som leveveg. Ta dykk ein tur innom!

Fleire innlegg på bokstaven E finn de inne hos Petunia.

søndag 20. april 2008

Shopping i Australia

Nei, eg har ikkje vore der nede. Men eg har handla der eit par gongar likevel. Har de oppdaga Etsy? Det er ein internettbutikk med heimelaga saker. Tusenvis av folk har sin eigen butikk der. Eg har handla litt forskjellige ting (du kan nesten finne alt mogleg). No sist blei det desse øreringane frå butikken til Irene Muldoon. Eg handla hos henne i sommar og då vann eg eit gåvekort som eg brukte no.
Det kjekkaste med å handle slik er å få pakke i posten. Og Irene sendte til og med ei ekstra overasking - snop :)No - I haven't been travelling, but I've been shopping at Etsy. Irene makes lovely earrings and other stuff. Go visit her shop.
The most fun part of Etsy-shopping is getting things in the mail. I even got an extra surprise this time :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails