Viser innlegg med etiketten Muffins/Cupcakes. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Muffins/Cupcakes. Vis alle innlegg

søndag 8. november 2015

Monstermuffins 2015

Etter tradisjonen inviterte eg til muffinspynting forrige helg. Monstermuffinsane blei minst like fine som åra før, og eg hadde som vanleg handla inn litt for mykje råvarer til pyntinga…

IMG_2404b

IMG_2406b

IMG_2407b

We made monstermuffins this year again. Still fun to do this!

fredag 31. oktober 2014

Monstermuffins 2014

For sjette gong kalla tante Solveig inn til monstermuffinspynting.

IMG_1160

Eg hadde klart to porsjonar med muffins, smør-oste-krem i rosa, blått, grønt og brunt, ein del godteri som kan høve som ansiktsdelar. Og gjestane stilte med flittige hender og gode idéar. Og når ungane hadde fått nok, sat dei vaksne igjen. Like artig for store som for små , dette her :)

IMG_1163b

IMG_1165

Mange artige fjes å sjå i år!

IMG_1162

IMG_1170b

It's time for monster cupcakes again! I had cupcakes, frosting and sweets ready. And nieces and nephews and friend came to decorate. And when the kids had done their share the adults did the rest. This is just as fun for the grown ups :)

IMG_1168

IMG_1167b

IMG_1166

søndag 28. oktober 2012

Monstermuffins

I desse skumle tider passar det vel bra med monstermuffins?…

734

739

749

It's time to make monster cupcakes again!

lørdag 16. juli 2011

Muffins!

Eller cupcakes som det heiter på godt norsk…

For ei stund sidan vart eg spurt om å lage cupcakes til eit bryllup. Klart eg ville prøve på det!

007

Dei skulle vere “bryllupskaka”, og då må det sjølvsagt eit stativ til. Eg leita opp bilde av slike på nettet. og (eks-sløydlærar-)pappa og eg tenkte ut ein måte å lage eit tårn med fem etasjer.

004

Og designen vår virkar bra! Kvit blonde rundt kanten var prikken over i-en! Den er berre limt på med dobbeltsidig tape, så den kan skiftast ut ved behov.

006

På toppen skal det vere ei lita kake som brudeparet kan skjære i. Forrige helg måtte eg prøvebake denne, for å sjå om eg fekk til pyntinga. Det gjekk bra…

013

Og dei siste par dagane har gått med til baking av 100 ++ muffins. Vanilje og sjokolade.

020

I går stod pyntinga på programmet. (Tør eg å nemne at det gjekk med 8 pk melis?)

021

Desse rosene er så fine, og faktisk ikkje så vanskeleg å få til – berre ein har rett sprøytespiss…

022

025

Vi måtte prøvestable alt på kjøkkenbenken. Derfor der det litt rotete ut rundt stativet.

030

Håpar dei fell i smak!

-----------------------------

I was asked to make cupcakes for a wedding. To present the cupcakes in style you need a cupcake stand. My father and I figured out how to make one. The design we came up with worked!

The last couple of days I’ve been making the cupcakes (100) and the little cake. I made a trial cake a week ago to see if I could make the roses. And the roses are easy to make, if you have the right tip.

Here is a tutorial for making the rose cake.

IMAG0096

Og her er alt stabla ferdig på kakebordet.

011b

Gratulerer med dagen til brudeparet!

mandag 26. juli 2010

Ein muffins, anyone?…

DSCF3716Eg har visst nokre igjen…
Har nemleg hatt bursdagsselskap i dag.
De kan velge mellom sjokolade eller sitron-valmuefrø-muffins.
Begge delar var godt.
Får håpe 4 søsken er svoltne når dei kjem heim frå korøving snart, ellers blir det muffins kvar dag framover…
DSCF3705
Og så frydar vi oss over at sola er framme. Tenk finever tre dagar på rad!
Endeleg kom eg meg på tur også.
DSCF3709
It was my birthday, I made cupcakes and have quite a few left...
The sun has finally arrived for several days in a row.

søndag 21. mars 2010

Fargerik mat

Fargerik mat = mykje antioksydantar. Er det ikkje slik det er?

Her skal de få eksempel på mat med juksefargar og lite av sunne saker…

DSCF2473

Regnboge-muffins 

DSCF2477 

Vi hadde besøk av ein nevø i helga, og måtte då sjølvsagt lage muffins. Og så fekk eg lyst til å prøve geléfargane mine.

Eg laga først ei vanleg lys muffinsrøre.

Så hadde eg røra i seks mindre skåler og blanda ut regnbogefargane så godt eg kunne. (Den blå vart litt for turkis, og den lilla litt for brun på bildet her.)

DSCF2447 

Her må de ha skikkelege geléfargar. Dei gir veldig bra farge med små dosar – utan å tynne ut røra.

DSCF2448 

Så var det berre å dosere ut i koppane. Ei teskei av kvar farge.

DSCF2456

Slik blei dei med lilla på toppen.

DSCF2454

Her la eg brettet på skrå og starta med lilla nederst. Det ga ein ganske kul effekt.

DSCF2476

Og til slutt ei sky med ostekrem.

Nam!!

Og mellomstesyster og eg har no fått ein god idé om korleis vi kan lage vulkanmuffins ein gong seinare…

…Vi har kome eit stykke lenger enn dei grønne pannekakene frå speidarleirar i gamle dagar…

PS. Geléfargar har dei fleste som selger kakebakeutstyr no for tida. Sjå i avdelinga for muffinsstash. Og ja, det ser litt spooky ut å ete dette. Men fargane er for matvarer så då er det ok (dersom du ikkje er allergisk.)

---------------------

I made rainbow cupcakes with my nephew yesterday. It’s relly easy, and a lot of fun – to make and eat.

You just need good gel food colours.

I used a recipe for vanilla cupcakes, divided the batter in six. Mixed in the colours and put one teaspoon of each colour in the cups.

And a cloud of cream cheese frosting on the top.

lørdag 31. oktober 2009

Monstermuffins

B-2 øøøhhh! kan ein vel seie på ein kveld som denne?

Er det mange skumle vesen ute og går rundt ditt hus?

Sjølv er eg ikkje med på Halloween-feiringa, men eg og lillebror har vorte inspirert av cupcakeboka til Martha Stewart.

 DSCF1514

Nok av muffins (muffins høyrest forresten så mykje simplare ut enn cupcakes…) å velge mellom der, men vi synes Martha sine “creepcakes” var ekstra artig pynta.

DSCF1515

DSCF1516

Eg laga vanleg sjokolademuffins, farga ostekremen grøn og så pynta vi så monstrete vi kunne.

DSCF1523

DSCF1520

DSCF1521

DSCF1527

Ringer nokon på døra i kveld, så skal dei få smake. Håpar berre monsteret under her held seg langt unna…

DSCF1525

Eg har funne ei sjokolademuffinsoppskrift  (her) som er svært god – og enkel.

Ha ein fin laurdagskveld.

----------------------

We made some monster cupcakes to night. I used this recipe (very good) and we decorated as creepy we could. Much inspired bu Martha’s creepcakes.

fredag 6. februar 2009

Noko muffins

Eg må berre vise fram dei fine muffinsane (eller cupcakes som dei kallast på utanlandsk) som systra mi laga til Settlersturneringa si forrige helg.

Sjølvsagt var dei pynta som settlersbrikkar.

IMG_1458_1

IMG_1460_1

IMG_1464_1

Stikk innom bloggen hennar – ein liten engel – så kan de lese meir om korleis pyntinga gjekk føre seg.

Inspirasjonen kom frå nokon som har prøvd dette før.

Hurra for tema-muffins! Tidkrevjande å lage, men artig å servere :)

søndag 28. desember 2008

Glimt frå juleferien

Halvvegs i juleferien alt... På tide med ein liten rapport, kanskje :) Sidan eg har fått henta ut nokre bilder kan eg illustrere også.
Gutane fann til slutt julelysa som virka. Her i huset har vi visst spart på alle lenkene som har vore i bruk gjennom tidene. Som bror min her viser fram så var ikkje alle like fine...
Treet vart ganske fargerikt til slutt, sidan vi mellomanna fann ei lenke med kulørte lys som faktisk virka.
Eg bakte pepparkakehuset medan pyntinga foregjekk. Vi bestemte oss for eit hus i sveitservilla-stil i år.

Er ganske fornøgd med melis-krimskramspynten vi fekk til i mønet på huset.

Til slektsjuleselskapet i går laga vi snømann-muffins. Dei blei vi også svært fornøgde med. Bror vår syns vi er ein smule nerdete som legg så mykje arbeid i nokre skarve muffins...

This is a few photos of our Christmas. As you can see we had trouble finding working lights for the christmas tree... Maybe it's time to tidy the box of lights... I let my sisters and brothers do the decorating and consentrated on making the gingerbread house. It turned out nice.
For the family Christmas party we (my sister and me) made cupcakes. It was fun making these little snowmen in marsipan. (Even if our brother thought it was a bit nerdy to spend so much time and effort on decorating cakes...)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails