Viser innlegg med etiketten Shopping. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Shopping. Vis alle innlegg

fredag 20. august 2010

Prøvebilde

Og sidan det er NRK Fjernsyn jubileum og greier, så må eg berre vise fram dei kule øyredobbane eg kjøpte i Oslo.

Her hengande i mine fregnete øyrer…

DSCF3847

Butikken heiter Skaperverket og ligg nederst i Markveien.

onsdag 26. mai 2010

Anne Marie

Det starta med ein loppemarknad i haust.
Då snappa eg med meg desse tinga.
Dette var ikkje nok til å dekke bordet med akkurat, så eg bestemte meg for å sjå etter fleire ting til Anne Marie-serviset frå Figgjo.
Og i det siste har eg handla litt.
Eg fann til slutt fleire delar hos ein selgar på finn.no. Ein smule dyrare enn loppemarknad/bruktbutikk, men...
No kan eg dekke frukostbordet. Manglar berre kaffikoppar no, i grunnen.
Denne mugga i Daisy-mønster, også frå Figgjo, fann eg derimot til ein ganske billig pris på bruktbutikken :)
-----------------------------
I've found a few more pieces in the Anne Marie-pattern (by Figgjo). I decided to collect them after I found some things in that pattern at a fleamarket (top photo).
I had to pay more than fleamarketprice for the latest additions though...

But I bought the Daisy mug at the thriftshop for a very nice price:)

post signature

tirsdag 2. mars 2010

Tape - teip


Eg er jammen ikkje sikker på skrivemåten lenger. Men eg tenker på den typen tape/teip med lim på...
Eg har sett fleire som brukar japansk maskeringstape (papirtape) i diverse hobbyprosjekt.

Tape frå Japan, du... Det er vel noko ein har behov for...

Ja, men så er det slik at desse taperullane kjem i alle slags fargar og mønster...
- og så fann eg ein nettbutikk ...
Ja, de skjønar teikninga?

No må eg berre finne eit fint prosjekt å bruke litt teip på...

PS: De kan sjølvsagt finne mange butikkar der ute som sel desse. Berre søk etter "japanese masking tape".

Her er nokre glimt av kva andre Flickr-folk brukar taperullane sine til:

-tape-

1. happytape: japanese masking tape package gift wrap, 2. 11.11.09 : happy tape, 3. MT masking tape by Kamoi Kakoshi Co. Ltd, 4. Clothespin + Tape 2, 5. Holiday Cards with Buttons, Tape & Twine, 6. japanese masking tapes, 7. Decorate Envelopes With Japanese Masking Tape, 8. wrapped beautifully, 9. happytape envelopes, 10. Happy Tape Cans, 11. Wrap Up Gifts And Decorate In Style With Japanese Masking Tape, 12. Holiday Cards

------------


I have tape. I've seen people using Japanese masking tape, and thought I had to try it.

If I can find a deserving project...
(On Flickr I found some inspiration.)
The tape does look lovely on its rolls too...
post signature

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails