torsdag 9. desember 2010

9.

Herlegheit…

… på kjøkkenbenken i kveld. Det er vel mykje av slikt rundt på kjøkkena no for tida. Og vi tel ikkje kaloriane, gjer vi vel?

Sirup, sukker, peanøttsmør, cornflakes, sjokolade – jada!

Kanskje bra at konfektformene er ganske små…

DSCF4327

Og før i veka laga eg favorittkaka frå barndommen. Og ho er endå ein favoritt.

Oppskrifta på Lagkake kjem frå mormor si bok.

DSCF4328

Bra eg kjøpte gulrøtter idag. Føler av ein eller annan grunn behov for litt grønnsaker til lunsj i morgon. I wonder why?

december

onsdag 8. desember 2010

7. + 8.

Leik

Ein blir aldri for gamal til å leike, vel? Eller samle på leiker.

Eg kan like begge delar og kjøpte like godt ein Lego-adventskalender til meg sjølv Smilefjes

Og eg låner gjerne ut figurane til små nevøar på besøk.

 

I’ve bought a Lego advent calendar for myself.  Never to old for playing or collecting toys, I guess Smilefjes 

And I will let visiting nephews borrow my toys…

DSCF4322

Kvitt

Ny forsyning med snø idag, og eg bgynner å venne meg til tanken på at vinteren er her. Synest ikkje det er heilt greitt at yr.no truar med regn til helga då – før det liksom skal bli kaldt igjen… Likar ikkje heilt glatte vegar og slikt, eg…

Men inntil vidare er det kvitt og julestemnigsfullt ute.

Trea er også kvite slik som dei på denne hua her:

DSCF4323

Ein av brødrene har vel fått ho ein gong for lenge sidan og ho passar ikkje til vaksne akkurat.

Men yngste (og ikkje så veldig liten lengre) bror hadde lyst på ei slik.

Så då vert det ei ikkje-hemmeleg-i det-heile-tatt-julegåve.

DSCF4325

It’s been snowing today, and I’m getting used to the idea of winter being here. And it looks as if we will have a white Christmas this year. Even if the forcast says we’ll have rain this weekend… Hope they change that.

The trees outside are white as well, just as the trees on this hat. It has belonged to one of my (6 ) brothers, but is unfortunately quite small. My youngest (and not so small) brother wanted a hat like this. So now I’m knitting one. A not-so-secret Christmas gift…

december

mandag 6. desember 2010

6.

Er de klare til å brette/klippe snøkrystallar?

Eg fekk tatt nokre bilder av prosessen idag, medan eg venta på at adventsfesten med klassa skulle begynne.

Oppdaga først etterpå at nokre av bilda var ein smule uskarpe, men det får gå for denne gongen.

DSCF4304DSCF4305

Bruk eit A4-ark. Brett det i to med bretten mot deg. Brett det ein gong til – åpne igjen.

DSCF4306DSCF4307

Brett den eine sida inn mot midten. Åpne også denne bretten igjen. Brett opp venstre hjørne slik at det ligg inntil den siste bretten.

DSCF4308DSCF4309

Snu arket og brett det andre hjørnet opp slik at det ligg inntil siste brett.

DSCF4310DSCF4312

Brett på midten. Ser de kanten ved pila? Klipp der!

DSCF4314DSCF4315

Den lengste sida på trekanten du no har fått er “armane” til snøkrystallen. No kan du teikne opp eit mønster, eller klippe på frihand.

DSCF4316

Fint blir det sikkert i alle fall!

Lykke til!

(Og dersom de vil bevare snøkrystallane lengre så kan dei altså laminerast. Og vi har lamineringsmaskin i huset så då er det enkelt…)

----------------------------

Just a little tutorial to show you how to fold your paper to make a hexagon shape. So you can make perfect snowflakes!

I don’t have time to translate right now, but you should be able to follow the photos.

søndag 5. desember 2010

3. + 4. + 5.

Så klarte eg visst berre to dagar av adventsblogginga før det blei eit lite hopp…

Men to dagar med selskapeligheiter for ta skulda for det.

DSCF4285

Vi har i alle fall kosa oss inne. Her med minste nevø på fanget.

DSCF4291

I går kveld var det klart for årets ete-saudehaud-samling.

DSCF4292

Tema for i dag er laget.

Vi fekk ny forsyning med snø i helga. Bra med noko mjukt oppå isen vi har hatt dei siste vekene.

DSCF4293

Inspirert av snøen fann eg fram nokre snøkrystallar eg laga i fjor. Eg laminerte dei slik at dei vert meir haldbare.

DSCF4294

No heng dei i vindauget.

DSCF4295

Snøkrystallar er alltid kjekke å lage og trikset for å få skikkelege krystallar er å brette papiret slik at det vert sekskanta.

DSCF4296

Det er ganske enkelt. Tenkte eg skulle vise korleis ein gjer det – for dei som ikkje kan det – men det må eg gjere i morgon (dagslys er greitt å ha…)

DSCF4297

Ha ein fin mandag!

torsdag 2. desember 2010

2.

Bilder

Eg har alltid likt å ha mange bilder på veggane mine. Og kvar gong eg har flytta ser at haugen veks – ikkje nok med ei kasse no lenger. For smaken har endra seg, og mange av bilda som hang på veggane mine på 90-talet har havna i kasser.

No som eg har fått nytt husvære  startar eg på ein måte med blanke ark. Og no med mykje fleire “blanke ark” enn eg har hatt på lenge. Opptil fleire rom med god veggplass.

Så då må eg nok planlegge litt. Kvar skal ting hengast? Ser for meg at det er lurt å ha ein plan, før eg startar med hammar og spiker. Kjedeleg med hol på feil plass på heilt nye veggar…

Dei siste åra har eg kjøpt ein del trykk på Etsy som eg gler meg til å få i glas og ramme. Og så har eg samla meg ein haug med gamle rammer som skal brukast. Det vert nok kjekt å halde på med utover vinteren.

Men det eg vil vise fram idag er på ein måte bilder, men ikkje heilt likevel…

DSCF4264

Les de bloggen til dottie angel?

Eg snubla over den får nokre år sidan og har vore følgar sidan. Blir inspirert av bilda og prosjekta hennar, og så skriv ho så artig. Etsybutikk har ho også, og då eg såg kjøkkenhandklea ho har fått laga var eg ikkje sein med å trykke buy. Måtte berre ha dei.

DSCF4261

Reglane hennar passar meg perfekt!

Så desse kjøkkenhandklea kjem vel neppe til å tørke oppvasken min, dei havnar kanskje heller på ein vegg…

(Har ikkje hatt tid til å finne fram strykejarnet som de ser.)

------------------

Look at my new tea towels. Just perfect.

They will probably end up on one of my walls… I will iron them first, I promise!

They’re from dottie angel’s shop.

onsdag 1. desember 2010

1

Dei siste par åra har eg prøvd å blogge litt kvar dag i desember. Tenkte eg skulle gjere det i år også, har vore litt lite aktivitet her i haust.

Merete har laga ei liste med ord som tema for dei daglege skriblinga.

Greitt med litt hjelp for å kome i gong.

Trekk er ordet i dag.

Og adventskalender tenker eg på då.

DSCF4244

Mange har vel ordna med slike den siste tida. Og det er stas å ha kalendar i klasserommet også. Men der synest eg det er best med dei heilt enkle typane. Hos oss går det i hjarte. Papirhjarte over vindauget og pepparkakehjarte i under taket.

DSCF4256

Og kvar dag tek vi ned eit hjarte av kvar sort. Og kven får ete pepparkakehjartet? Det trekk vi lodd om.

-----------------------------

I will try to blog every day in December. Merete has made a list of words to use as topics for each day.

Today the word is draw.

That reminds me of adventcalendars. Counting down to Christmas. We have a simple one in my classroom. Paperhearts in the windows and gingerbreadhearts under the ceiling. Each day we take a heart down. And we draw who gets to eat the gingerbread.

***

I København var det fint.

DSCF4208

Ekstra fint pynta i Tivoli – og ekstra, ekstra fint blei det sidan det kom snø og kaldt ver. Mange ekte (og gratis) istappar rundt omkring på bodene der.

DSCF4212

Vi rusla rundt, såg og handla i fleire dagar, fekk plass til alt i koffertane,

DSCF4211

møtte kaos og kansellerte fly på Kastrup,

DSCF4218

fekk booka oss om utan altfor mykje venting (takka vere nevøen på 5 mnd) og kom oss greitt heimatt,

DSCF4215

og eit døgn etterpå kom også koffertane heim Smilefjes

DSCF4219

Alle var samde om at det var ein fin tur.

--------------------------

I spent a very nice, extra long weekend in Copenhagen together with my sister and youngest nephew.

It was snowing there, and we brought our warmest coats.

Got the Christmas feeling in Tivoli.

torsdag 18. november 2010

Ein skjenk her og eit skap der…

Stova mi er så godt som ferdig. Manglar berre peisovn og maling på brannmur/pipe.

Så eg har byrja å smale i hop møblar. Litt hadde eg frå før, litt har eg fått her og der.

Og litt skal eg ha nytt. Sofa og vitrineskap f. eks.

Har plassert saken litt utover i stova, men har på ingen måte bestemt for korleis eg vil ha det. Har jo så god plass… Berre stova er no større enn heile leiligheita eg hadde i Kristiansand…

DSCF4180

Stol frå bruktbutikken og skap frå ei eldre dame som skulle flytte og tømme huset sitt. Det må stå med åpne dører ei stund – luktar voldsomt gammel kjellar inni… får vel stappe det fullt av lavendelposar kanskje Smilefjes

DSCF4184

Skjenk frå samme dame. (Utsikt til kjøkkenet i bakgrunnen – berre kaos der inne…)

DSCF4183

Grøn stol, lampe og bord frå bruktbutikken. Den andre stolen er frå foreldrehuset. Og så min lille søte not-flatscreen-TV. (Endå rusk og rot i vinduskarmen, som de ser.)

Listene er eg ikkje fornøgd med. Kjem nok til å bytte til nokre som er same farge som golvet eller kvite.

Kjøkkeninnredninga vert levert neste veke, skulle gjerne ha malt litt før det.  Men så er det tid for foreldrekonferanser og slikt.

----

Og så skal eg vist til København ein tur neste helg (langhelg)…

Turen blei bestilt i august, før huskjøp og oppussing og alt sånn…

Og no når avreise nærmar seg passar det sjølvsagt ganske dårleg…

Men vi skal nok kose oss der nede, mellomste syster, minstenevø og eg Smilefjes

Så sit de med gode tips når det gjeld København? Plassar vi absolutt bør besøke? Artige og fine butikkar?

Eg tar gjerne imot alle tips. Det er ei stund sidan eg var der sist.

--------

My living room is allmost finished. (Still have lots to do in the kitchen so I haven’t moved in properly yet.)

I’ve started collecting furniture. I mostly have used furniture so far – from the thrift shop, my grandparents, my parents, my sister and an old lady who was moving. I will buy a new sofa when I find one I like. And I might buy myself a new flatscreen TV. The one I have suddenly look very tiny…

fredag 5. november 2010

Litt framgang…

Må vel vise fram litt av det som har blitt gjort borte i huset Smilefjes

Slik såg det ut på stova då gutane hjalp til med å fjerne lister og gardinbrett (tidleg i oktober). Under gardinbrettet var det rett og slett isolering, så det kunne vi ikkje fjerne heilt.

DSCF4066b

Andre enden av stova. Som de ser var brun ein bra farge i 1978…

DSCF4068b

Peisen måtte ut. Bra med hjelp til det også. Vinduet er forresten også vekk no.

DSCF4101

På pipe og brannmur har eg sparkla over juksemuren.

Denne veka fekk eg snekkarhjelp til å få opp panel på veggane. Fint blei det, hadde nok ikkje klart det sjølv inser eg no…

Eg trur eg held meg til maling og sparkling.

DSCF4160

Eg har mala doveggane eg…

Fleire forsøk med turkis maling.

dei har gått frå dette:

DSCF4154

… til dette….

DSCF4156

------------------------

Making some (slow) progress over at my house… This week I’ve been painting some walls…

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails