
Her er eit prosjekt som eg ikkje ser slutten på. Eit teppe av små sekskantar. Kvar sekskant har ein diameter på 7-8 cm og skal det bli eit skikkeleg teppe må eg vel ha fleire hundre....

Så langt har eg ca 40. Eg baserar meg på restegarn, ser at restane minkar no, så eg må nok sørge for at restelageret stadig får påfyll, slik at teppet kan bli stort nok.
Sekskantane er lette å ty til når eg byrjar å bli lei av ribbestrikking f.eks.
Eg er litt systematisk av meg, så eg likar å bruke samlebandsmetoden: Først ei runde med alle fargane, så runde 2 på alle, og så runde 3 og 4-5. Fargebruken er stort sett usystematisk. Prøver å feste trådane etterkvart slik at ikkje den kjedelege jobben står igjen til sist. I siste runde vert sekskantane hekla saman, så her er det ikkje noko samansying.


This is a project thats going to be here for a long time. I want to make a afghan with these hexagons, but I'm going to need hundreds of them. I'm using yarn from my stash so I'll just have to keep it large enough.
I like to use the assembly line method: Do round 1 in every colour first, then round 2, 3, 4&5. The hexagons are joined together in the last round.