fredag 17. oktober 2008

Litt av kvart

Hugsar de denne? Eg slo til og bestilte den her i veka. Det kan jo hende eg får litt ledig tid fram til jul slik at eg får strikka den også. Eg har berre ca 15-20 julegåver å lage, så det går nok. Dessutan så har eg berre begynt på 3-4 andre strikkeprosjekt den siste veka... Kor mange prosjekt er det råd å halde på med  på same tid eigentleg?

Vel, stor var gleda då eg såg at postmannen hadde stappa denne i postkassa i dag:

geilsk1

geilsk2

Så kjapt! Eg som venta på brev frå tollvesenet med ekstra gebyr... Dei hadde sikkert fri idag, sidan det var så fint ver. Eller så vart dei sjarmert av den koselege pakken :) Jippi!

Så då spørs det om det blir endå eit prosjekt på pinnane, eller om eg kanskje skal gjere ferdig noko anna først. Har nokre vesker eg skal sy også, men har nesten ikkje vore heime denne veka lenge nok til å leite fram symaskina.

I ordered this a couple of days ago, and was really pleased to find it in my mail today. I wasn't expecting it to get here so quickly. Now I just have to decide if I'm going to start on it right away, or if I should try to finish a few of the other projects I've started this last week first. How many projects can you one work at at the same time, really? Quite a few, it seams... (I have ca 15 Christmas presents to make so I better start now).

I have some bags to finish too, but have not had time to find the sewing machine this week. Below is two bags I recently sent to their new owners.

Dette er to vesker som eg har sendt avgarde til nye eigarar.

blue brown messenger

Lillian's

Eg strikka desse også i haustferien, og no er dei godt i bruk.

handvarmar1

handvarmar2

handvarmar3

My Lorna's Laces yarn became these.

I kveld er det avslapping i sofaen, før den store syngehelga. Kom gjerne på konsert, dersom du tilfeldigvis er her på Sørlandet :)

God helg til alle.

torsdag 16. oktober 2008

søndag 12. oktober 2008

Nøstenøsting

Trur eg har laga eit nytt ord her. Vel...

Etter å ha surfa litt rundt på bloggar i utlandet (det er eit stort land med mange bloggar,det...) har eg blitt litt misunneleg på dei ryddige nøsta dei kagar der. Slike sylinderforma, ryddige nøster som ligg stille på plassen sin medan du arbeider, og ikkje snurrar og trillar rundt overalt. (Og helst langt under sofaen der dei tar med seg alle hybelkaninene på veg ut att...)

Eg har etterkvart skjønt at det finst ein spesiell redskap som lagar desse nøstene - ein "ball winder" - eller nøstenøstar om du vil:)

ballwBilde frå amazon.com

Kanskje eg må ha ein slik har eg til og med tenkt...

Og no har eg ein. Men min er heimelaga og ganske gratis.

ballwinder

og nøsta blir slik:

nøster

Veldig ryddig. Hadde berre resten av stova vore like bra...

Framgangsmåten finn du her hos laughing purple goldfish designs

---------------------------------------------

I've learned how to wind pretty balls of yarn - without a fancy ball winder. Tutorial at laughing purple goldfish designs

Anne, anne, anne...

Ja, det er visst lett å verte hekta på desse Anne-skjerfa. I haustferien rakk eg å hekle 4. Her er dei saman med eit anna som ikkje vart dampa før no.

anne #4b

anne # 6

anne #7

anne #8

anne # 9

annes2

Eg tok med meg skjerfa og hadde ein liten photo-shoot på toppen av berget her eg bur. Fin utsikt over byen, ikkje sant.

annes

The Anne scarf is really addictive... These are the scarves I finished while in Bergen. I had a little photo shoot in my neighbourhood this afternoon. Nice view of the city, isn't it?

PS: Dersom de vil lage Anne-skjerf de også så kan de kjøpe oppskrifta her.

Scarf pattern here.

tirsdag 7. oktober 2008

Bergenslopper

Eg har alltid likt bokser, og kan visst aldri få for mange. Dei er så praktiske, ikkje sant?

I have allways liked tins. Can't have too many. They're so practical, right?

bergensloppe5

bergensloppe6

Kakeboks frå loppemarknad nr 1.

Caketin from fleamarket nr 1.

bergensloppe

Teboks frå loppemarknad nr 2 (med teposar inni - eit skikkeleg kupp...)

Tea tin from flea market nr 2 (came with old teabags inside - a real bargain...)

bergensloppe2

bergensloppe3

bergensloppe4

Kjeksboks frå antikvitetsbutikk - ein smule dyrare enn loppeboksene... Men sjå på gullinnsida...

Biscuit tin from antique store. A bit more expensive than the fleamarket tins...bergensloppe1

Denne lille skåla er også frå loppemarknad nr 2.

Ettermiddagsplanar

Eg hadde tenkt å sy på ei veske til Lillian i dag. Men då eg skulle sette saman delane eg klipte ut før haustferien oppdaga eg at eg mangla to delar- og at eg ikkje hadde meir av akkurat det stoffet.... Og eg som var så fornøgd då eg klipte ut delane og såg at eg hadde akkurat nok. Grmf - har ikkje fulgt med i timen akkurat då. Så då må eg innom stoffbutikken så snart som råd og håpe at dei ikkje har hatt altfor stor pågang etter raude/svarte stoff i det siste. (Så dei har igjen litt til meg).

eva's shawl

Eg starta på eit sjal i staden. Eva's shawl i det eine Bergens-nøstet mitt (Kauni 8/2). Garnet skiftar farge etterkvart. Litt mørkare og lysare brune nyansar.

Pakke i posten fekk eg også i dag. Ja,ja - eg har visst bestilt tre japanske bøker til. Denne gongen frå Yes Asia i Hong Kong. (Frakta er gratis frå dei.)

choto crochet

Jklær

motif

Dei kom trygt fram - godt innepakka. (Er det verkeleg nokon som finn på å sende pengar, juvelar og blod(!?) i plastkonvoluttar?)

wrapping

I was planning to make bag this evening, but discovered that I had forgotten to cut two pieces - and I don't have any more of that fabric... Hope the shop has more.

I started Eva's shawl instead. And enjoyed my new Japanese books that arrived from Yes Asia today :)

mandag 6. oktober 2008

Rusletur i Bergen

b20b6

Berre bli med når eg leikar turist...

b4

b12

Eg vil, eg vil, eg vil - bygge høgare enn naboane!

b13

b23

Har du lyst på eit bitte lite hus? Det var til salgs såg eg seinare i avisa.

b8

b25

b3b22 

Staselege dører er alltid stas.

b16 b17

b5

Også artig med dei ikkje fullt så staselege...

b19

b7

b9

b10

 b18 

b21

b15

Vokt dem for katten!

These are photos from my walks around Bergen the last week.

Var det ikkje det eg viste....

Måtte knipse denne plakaten i eit butikkvindu - nesten som eg skulle sagt det sjølv...

40år

Vel - det var kanskje nokre år på 80-90 tallet då "velkledd" kanskje ikkje var mest dekkande, men det seier vi ingenting om no :) (Og det er vel kan hende ikkje meg Dressmann har i tankane heller.)

fredag 3. oktober 2008

Deilig med fri...



Å ja, eg har hatt det fint i Bergen. No er veka snart slutt og alt. Kanskje like greitt før eg har tømt alle bruktbutikkane i byen... Det har altså blitt litt shopping, men nesten berre brukte ting (notebøker, fat og bokser), nokre meter stoff (IKEA og Stoff&Stil) og nokre garnnøster.
Eg skal kome med fyldigare rapport når eg får sortert bilda på eigen PC etter helga.

Eg har også hatt tid til handarbeid og har gjort ferdig 3 Anne-skjerf og ei lita jakke (2 år).
Ein fin ferie med andre ord:)

I've had a nice week in Bergen, going home on sunday. There's been some shopping... Mostly thrifted stuff, fabric and yarn. I'll tell you more when I'm back with my own PC.
I have finished three Anne scarves and one little jacket this week.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails