
Ein kan aldri få for mange korger. I alle fall har eg mange ting som treng oppbevaring… Så eg er difor alltid klar til å prøve nye oppskrifter på heklekorger.
Og på bloggen til One Dog Woof fann eg ei oppskrift som ga ei overraskande stødig korg.

Korga er hekla med to tråder tjukt garn. Eg har brukt Naturgarn frå Coop Extra og 9 mm heklekrok.
Botnen er hekla i spiral med halvstavar og auking på 8 stader ( til 63 masker).

Mønsteret på sidene er laga ved at annankvar fastmaske er hekla i omgongen under. Pass på at maskeantalet er oddetal, då kan du hekle i spiral oppover.
Fargeskifta gjorde eg litt om litt ved å byte ut ein tråd om gongen og å hekle eit par omgonger før eg byta ut neste tråd.

Korga står heilt fint av seg sjølv.
Eg er i gong med ei ny korg, denne gongen litt mindre.
Prøv du også!
-------------------
I've tried One Dog Woof's Color Block Crochet Basket Pattern. It is a very nice pattern, and the basket is surprisingly sturdy. You should try it!